Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i russisk

ingressbilde

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i russisk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Mastergrad i russisk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det utgjer 120 studiepoeng og inneheld to hovuddelar, ein kursdel som omfattar fire emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i kursdelen er dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Minst eitt masteremne må vere i same disiplin(språk, litteratur eller kultur)

som masteroppgåva. Masteremne i same disiplin skal representere ulike område i disiplinen.

Studentane blir oppmoda til å leggja fram eit tema for masteroppgåva, diskutera dette med faglærarane og skriva under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester.

Mål og innhald

Mastergrad i russisk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det utgjer 120 studiepoeng og inneheld to hovuddelar, ein kursdel som omfattar fire emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i kursdelen er dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Minst eitt masteremne må vere i same disiplin som masteroppgåva. Masteremne i same disiplin skal representere ulike område i disiplinen.

Studentane blir oppmoda til å leggja fram eit tema for masteroppgåva, diskutera dette med faglærarane og skriva under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester.

Fagleg profil

Masterprogrammet i russisk er eit studium med stor valfridom. Her kan du velje om du vil skrive masteroppgåva di innanfor russisk lingvistikk, litteraturvitskap eller kulturhistorie.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet i russisk er normert til fire semester fulltidsstudium. Hovudopptaket er i haustsemesteret. RUS301 og RUS302 er fellesemne. RUS303 er eit spesialiseringsemne (emnekrins). Emnekrinsen blir valt i samråd med faglærar eller rettleiar. Seksjonen har framlegg til emnekrinsar, og tilbyr undervisning i desse alt etter kva lærarressursar som er tilgjengelege.

I teoriemna (RUS304/305) vel studentar med litterær line RUS304, medan dei med språkleg line vel RUS305. RUS304 og RUS305 vert ikkje tilbydd våren 2012 men kan erstattast med eit teoriemne på 300-nivå som er teke inn frå eit anna fag, til dømes litteraturvitskap eller lingvistikk, eller felleskurs på Det humanistiske fakultet.

Me vil rå studentane til å ta fellesemna RUS301 og RUS302 i første haustsemester. Førebuingane til masteroppgåva bør skje parallelt. Du får rettleiar i første semesteret, og emnet for oppgåva skal fastsetjast seinast i andre semester, der du også skal skriva kontrakt med rettleiaren. I det same semesteret skal du utarbeida ei prosjektskisse som blir drøfta på avhandlingsseminaret til seksjonen.

Døme på tilrådd progresjon med start om hausten:
1. semester RUS301 og RUS302
2. semester RUS303 og anbefalt litteraturemne eller språkemne på 300 nivå (f.eks. RUS304 eller RUS305 når tilbydd)
3. semester RUS350
4. semester RUS350

Døme på tilrådd progresjon med start om våren:
1. semester RUS303 og anbefalt itteraturemne eller språkemne på 300 nivå (f.eks. RUS304 eller RUS305 når tilbydd)

2. semester RUS301 og RUS302
3. semester RUS350
4. semester RUS350

Masteroppgåve

Du kan velje om du vil skrive ei masteroppgåve innanfor russisk lingvistikk, litteraturvitskap eller kulturhistorie. Masteroppgåva skal skrivast om eit sjølvvalt emne som skal godkjennast av rettleiaren. I oppgåva må du dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for emnet. Rettleiing i masteroppgåva er obligatorisk. Instituttet tilbyr rettleiing i eit breitt spekter av emne, men ein må ta atterhald om at det ikkje er kapasitet til å gi rettleiing i alle emne.

Metode

Masteroppgåva i russisk gir deg høve til å konsentrere russiskstudiane omkring eit språkleg, litterært eller kulturhistorisk emne. Du som skriv ei kulturhistorisk oppgåve, vel den linja (språkleg eller litterær) som byggjer best opp om emnet. Oppgåva skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid. I oppgåva skal du dokumentere evne til kritisk refleksjon og vise at du meistrar den framstillingsforma som høyrer til sjangeren. Du skal også vise god innsikt i emnerelevant teori og metode.

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon

Studiestart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon

Opptakskrav

Mastergradsstudiet i russisk føreset bachelorgrad med spesialisering i russisk.

Søkjarar frå utlandet må ha IELTS eller tilsvarande med karakteren 5.0 eller betre.

Søkjarar med bachelorgrad frå Noreg må ha karakteren C eller betre i alle spesialiseringsemna i russisk på 200-nivå (RUS211 og RUS252 frå UiB eller tilsvarande emne) for å bli tatt opp på masterprogrammet i russisk.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i russisk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjend spesialisering i russisk, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. juni. Slike søknader må innehalda karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og utgreiing om dei emna søkjaren meiner skal koma i staden for ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Kven kan søkje

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:

http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet

Poenggrense ved siste opptak

Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå http://link.uib.no/?1QO0l for meir om opptakskrav.

Delstudium i utlandet

Studentar kan ta masteremne ved utanlandske lærestader og få desse godkjente som ein del av mastergraden (jfr. Obligatoriske emne/spesialisering).

Meir infomasjon

studierettleiar@if.uib.no / 55 58 23 71

Studiestart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon

Mål og innhald

Mastergrad i russisk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det utgjer 120 studiepoeng og inneheld to hovuddelar, ein kursdel som omfattar fire emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i kursdelen er dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Minst eitt masteremne må vere i same disiplin(språk, litteratur eller kultur)

som masteroppgåva. Masteremne i same disiplin skal representere ulike område i disiplinen.

Studentane blir oppmoda til å leggja fram eit tema for masteroppgåva, diskutera dette med faglærarane og skriva under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester.

Læringsutbyte/resultat

Mastergradsstudiet i russisk skal utdjupa kunnskapane som studenten har med seg frå tidlegare russiskstudium gjennom eit spesialisert studium i russisk språk, litteratur eller kultur.

Mastergradsstudiet i russisk skal auka dei teoretiske kunnskapane og øva opp evna til kritisk refleksjon. Studiet skal også gi ei grunnleggjande forskarskolering som set studenten i stand til å diskutera og løysa faglege problemstillingar under rettleiing, særleg i samband med masteroppgåva, og elles skal studiet utvida og styrkja den språklege kompetansen, både munnleg og skriftleg.

Opptakskrav

Mastergradsstudiet i russisk føreset bachelorgrad med spesialisering i russisk.

Søkjarar frå utlandet må ha IELTS eller tilsvarande med karakteren 5.0 eller betre.

Søkjarar med bachelorgrad frå Noreg må ha karakteren C eller betre i alle spesialiseringsemna i russisk på 200-nivå (RUS211 og RUS252 frå UiB eller tilsvarande emne) for å bli tatt opp på masterprogrammet i russisk.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i russisk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjend spesialisering i russisk, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. juni. Slike søknader må innehalda karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og utgreiing om dei emna søkjaren meiner skal koma i staden for ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

Masterstudiet i russisk føreset gode kunnskapar i skriftleg og munnleg russisk, samt i russisk litteratur og kultur.

Innføringsemne

Ingen

Obligatoriske emne / spesialisering

Emna RUS301, RUS302 og RUS303 er obligatoriske.

Studentar som skriv masteroppgåve i litteratur, tek RUS304. Om ikkje RUS304 vert tilbydd, tar studenten eit anbefalt fellesemne.

Studentar som skriv masteroppgåve i språk, tek RUS305. Om ikkje RUS305 vert tilbydd, tar studenten fellesemnet LINGMET.

Studentar som skriv masteroppgåve innan kultur, vel det emnet som best stør opp under oppgåva.

Studentar må søkja om individuell innpassing av eksamenar som er tekne ved eit anna institutt eller ein annan institusjon.

Tilrådde valemne

RUS304 og RUS305 (dersom tilbudd). Elles anbefalt fellesemne i litteratur (LITTEHF eller anna tilrådd emne) eller språk (LINGMET eller anna tilrådd emne).

Rekkefølje for emne i studiet

SemesterEmne1. HaustRUS301 Russisk språkhistorie og språkstruktur,15 stp. RUS302 Tekst og skriftleg russisk, 15 stp.2. VårRUS303 Særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap, 15 stp.RUS304 eller RUS305 (dersom tilbydd), eller eit anbefalt fellesemne i litteratur eller språk, 15 stp. 3. HaustRUS350 Masteroppgåve4. VårRUS350 Masteroppgåve

Krav til progresjon i studiet

Normal studieprogresjon (30 stp./semester)

Delstudium i utlandet

Studentar kan ta masteremne ved utanlandske lærestader og få desse godkjente som ein del av mastergraden (jfr. Obligatoriske emne/spesialisering).

Undervisningsmetodar

Førelesingar/Seminar/Individuell rettleiing

Vurderingsformer

Kvart emne blir avslutta med ein eksamen. Dei eksamensformene som blir nytta er gjort greie for under kvart einskilt emne.

Masterstudiet blir avslutta med ein munnleg eksamen der masteroppgåva blir diskutert.

EmneVurderingsform(er)RUS301Skuleeksamen RUS302Skuleeksamen/mappevurdering RUS303Mappevurdering RUS304Skuleeksamen (når tilbydd)RUS305Skuleeksamen (når tilbydd)RUS350Masteroppgåve (70 - 110 s.) og munnleg eksamen

Kompetanse for vidare studium

Mastergrad i russisk kan gi kompetanse for vidare studium på PhD-nivå.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i russisk kvalifiserer til undervisning på høgare nivå og for variert arbeid både i offentleg og privat sektor på felt der det internasjonaliserte samfunnet set høge krav til både språk- og kulturkunnskapar. Andre yrkesvegar kan til dømes vere arbeid innanfor formidling, forlagsverksemd og omsetjing. Studiet kan dessutan danne grunnlag for forskarutdanning i russisk språkvitskap, litteraturvitskap eller kulturforsking.

Evaluering

Undervisning og program blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Planforslag

Masterprogrammet i russisk er normert til fire semester fulltidsstudium. Hovudopptaket er i haustsemesteret. RUS301 og RUS302 er fellesemne. RUS303 er eit spesialiseringsemne (emnekrins). Emnekrinsen blir valt i samråd med faglærar eller rettleiar. Seksjonen har framlegg til emnekrinsar, og tilbyr undervisning i desse alt etter kva lærarressursar som er tilgjengelege.

I teoriemna (RUS304/305) vel studentar med litterær line RUS304, medan dei med språkleg line vel RUS305. RUS304 og RUS305 vert ikkje tilbydd våren 2012 men kan erstattast med eit teoriemne på 300-nivå som er teke inn frå eit anna fag, til dømes litteraturvitskap eller lingvistikk, eller felleskurs på Det humanistiske fakultet.

Me vil rå studentane til å ta fellesemna RUS301 og RUS302 i første haustsemester. Førebuingane til masteroppgåva bør skje parallelt. Du får rettleiar i første semesteret, og emnet for oppgåva skal fastsetjast seinast i andre semester, der du også skal skriva kontrakt med rettleiaren. I det same semesteret skal du utarbeida ei prosjektskisse som blir drøfta på avhandlingsseminaret til seksjonen.

Døme på tilrådd progresjon med start om hausten:
1. semester RUS301 og RUS302
2. semester RUS303 og anbefalt litteraturemne eller språkemne på 300 nivå (f.eks. RUS304 eller RUS305 når tilbydd)
3. semester RUS350
4. semester RUS350

Døme på tilrådd progresjon med start om våren:
1. semester RUS303 og anbefalt itteraturemne eller språkemne på 300 nivå (f.eks. RUS304 eller RUS305 når tilbydd)

2. semester RUS301 og RUS302
3. semester RUS350
4. semester RUS350

MAHF-RUSS/Masterprogram i russisk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Masterprogram i russisk - kursdel (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RUS301 Russisk språkhistorie og språkstruktur 15 1-6 1
RUS302 Tekst og skriftleg russisk 15 1-6 1
RUS303 Særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap 15 1-6 2
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
RUS304 Fordjuping i russisk litteraturvitskap 15 1-6 2
RUS304 Russisk teorikurs (litteratur) 15 1-6 2
RUS305 Russisk teorikurs (språk) 15 1-6 2
RUS305 Fordjuping i russisk språkvitskap 15 1-6 2
LITTEHF Litteraturteori - fellesemne - 1-6 2
LINGMET Metodeemne for språklege mastergradar 15 1-6 2
LITT300 Komparativ litteratur for framandspråk 15 1-6 2
Masterprogram i russisk - oppgave (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RUS350 Masteroppgåve i russisk 60 1-4 3
Masterprogram i russisk - veiledningskontrakt
Obligatorisk emne
SP S A
Veiledningsavtale for masterstudenter i russisk - -