Masterprogram i tysk
Programmet tilbys av
Oppstart
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemestert. Ta kontakt for informasjon.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i tysk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Mål og innhald
Mastergradsstudiet i tysk skal gi grundig innsikt i tysk språk og tyskspråkleg litteratur. Ein legg samstundes stor vekt på å auke studentane sin dugleik i bruken av moderne tysk, både gjennom eit eige tilbod i praktisk tysk og gjennom arbeid med varierte skriftlege og munnlege oppgåver i samband med pensum i alle emna. I løpet av studiet skal studentane utvikle evne til kritisk refleksjon omkring sentrale teoretiske og metodiske problemstillingar innanfor den delen av faget dei spesialiserer seg i. Dette er særleg viktig med omsyn til arbeidet med masteroppgåva.
Emneoversikt
TYS311 Moderne tysk språk, litteratur og kultur, 15 sp, Semester: Haust. Obligatorisk: Ja
TYS312 Seminaremne I i tysk språk, 15 sp, Semester: Haust. Obligatorisk: Ja, for studentar som skriv masteroppgåve i språk
TYS313 Seminaremne I i tyskspråkleg litteratur, 15 sp. Semester: Haust. Obligatorisk: Ja, for studentar som skriv masteroppgåve i litteratur
TYS314 Seminaremne II i tysk språk,15 sp. Semester: Vår. Valfri
TYS315 Seminaremne II i tyskspråkleg litteratur, 15 sp. Semester: Vår. Valfri
TYS316 Seminaremne i tysk språkvitskap, 15 sp. Semester: Vår. Valfri
TYS317 Seminaremne i tysk litteraturvitskap, 15 sp. Semester: Vår. Valfri
Fullstendig oversikt over innhaldet i emna finn ein under emneomtalane.
Fagleg profil
Språkdelen av studiet tek opp ulike tema frå tysk språkvitskap. Emna strekkjer seg frå tysk grammatikk i vid forstand til kontrastiv lingvistikk, omsetjingsvitskap, semantikk/leksikologi, sosiolingvistikk, varietetar i tysk (tysk i Tyskland, Austerrike og Sveits), fraseologi, språkinnlæring og språkdidaktikk. På fleire felt kan emna også bli sette i eit historisk perspektiv.
Litteraturdelen tilbyr litteratur- og kulturvitskaplege emne frå heile det tyskspråklege området. Utgangspunktet kan vere historisk med vekt på litteraturhistoriske epokar frå barokken fram til i dag, eller det kan vere konsentrert om forfattarskap, sjangrar eller litteraturteoretiske retningar. Felles for alle emna er at det blir lagt vekt på å utdjupe litterære og metodologiske problemstillingar.
Oppstart
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemestert. Ta kontakt for informasjon.
Krav til forkunnskapar
Masterprogrammet i tysk byggjer normalt på bachelorgrad med spesialisering i tysk på minst 90 studiepoeng eller ei tilsvarande utdanning.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:
http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet
Poenggrense ved siste opptak
Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå http://link.uib.no/?1QO0l for meir om opptakskrav.
Delstudium i utlandet
Studentar kan ta masteremne ved utenlandske lærestader og få desse godkjente som ein del av mastergraden.
Meir infomasjon
studierettleiar@if.uib.no / 55 58 23 83
Mål og innhald
Mastergradsstudiet i tysk skal gi grundig innsikt i tysk språk og tyskspråkleg litteratur. Ein legg samstundes stor vekt på å auke studentane sin dugleik i bruken av moderne tysk, både gjennom eit eige tilbod i praktisk tysk og gjennom arbeid med varierte skriftlege og munnlege oppgåver i samband med pensum i alle emna. I løpet av studiet skal studentane utvikle evne til kritisk refleksjon omkring sentrale teoretiske og metodiske problemstillingar innanfor den delen av faget dei spesialiserer seg i. Dette er særleg viktig med omsyn til arbeidet med masteroppgåva.
Emneoversikt
TYS311 Moderne tysk språk, litteratur og kultur, 15 sp, Semester: Haust. Obligatorisk: Ja
TYS312 Seminaremne I i tysk språk, 15 sp, Semester: Haust. Obligatorisk: Ja, for studentar som skriv masteroppgåve i språk
TYS313 Seminaremne I i tyskspråkleg litteratur, 15 sp. Semester: Haust. Obligatorisk: Ja, for studentar som skriv masteroppgåve i litteratur
TYS314 Seminaremne II i tysk språk,15 sp. Semester: Vår. Valfri
TYS315 Seminaremne II i tyskspråkleg litteratur, 15 sp. Semester: Vår. Valfri
TYS316 Seminaremne i tysk språkvitskap, 15 sp. Semester: Vår. Valfri
TYS317 Seminaremne i tysk litteraturvitskap, 15 sp. Semester: Vår. Valfri
Fullstendig oversikt over innhaldet i emna finn ein under emneomtalane.
Krav til forkunnskapar
Masterprogrammet i tysk byggjer normalt på bachelorgrad med spesialisering i tysk på minst 90 studiepoeng eller ei tilsvarande utdanning.
Metode
Instituttet har eigne fordjupingskurs i litteratur- og språkvitskapleg teori og metode, der ulike spesialfelt er representerte. Fordjupingskursa skal gi ein solid basis for det påfølgjande arbeidet med masteroppgåva.
Masteroppgåve
Masteroppgåva er ei prøve på vitskapleg arbeid innanfor språk eller litteratur. Oppgåva skal vise at du er godt orientert i forskinga på det området du har valt og er i stand til å behandle ei problemstilling på ein vitskapleg måte. Du bør orientere deg mot eit emne for masteroppgåva så tidleg som mogleg i studiet. Du får rettleiing under arbeidet med oppgåva og skal normalt underskrive ein rettleiingskontrakt i byrjinga av det andre semesteret. Masteroppgåva skal skrivast på tysk og vere mellom 70 og 110 sider.
Oppbygging av studiet
Masterprogrammet i tysk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det består av ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. I kursdelen inngår ein basisdel i språk og litteratur (1. semester) og ein spesialdel i anten språk eller litteratur (2. semester). Det blir tilrådd at du vel slik at spesialdel og tema for masteroppgåva ligg innan same hovuddisiplin.
Emnet TYS317 kan erstattast med fakultetet sitt fellesemne i litteraturteori, LITTEHF.
Eit masterprogram i tysk kan sjå slik ut:
1. semester:
TYS311 Moderne tysk språk, litteratur og kultur
TYS312 Seminaremne I i tysk språk eller
TYS313 Seminaremne I i tyskspråkleg litteratur
2. semester:
TYS314 Seminaremne II i tysk språk eller TYS315 Seminaremne II i tyskspråkleg litteratur
TYS316 Seminaremne i tysk språkvitskap eller TYS317 Seminaremne i tysk litteraturvitskap
3. og 4. semester:
Masteroppgåve
Yrkesvegar
Masterprogrammet i tysk kvalifiserer for undervisning på alle nivå innanfor skoleverket og for anna arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig. Studiet kan dessutan danne grunnlag for seinare forskarutdanning innan tysk språk- eller litteraturvitskap.
Delstudium i utlandet
Studentar kan ta masteremne ved utenlandske lærestader og få desse godkjente som ein del av mastergraden.
Oppstart
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.
Planforslag
Den normale studieprogresjonen for studentar med oppstart i haustsemesteret er slik:
1. semester: TYS311 og TYS312 eller TYS313
2. semester: TYS314 eller TYS315 og TYS316 eller TYS317
3. semester: Masteroppgåve
4. semester: Masteroppgåve
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Masterprogram i tysk - kursdel (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Masterprogram i tysk (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| TYS311 | Moderne tysk språk, litteratur og kultur | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Masterprogram i tysk - obl.emner språkvitenskapelig oppgave (krav: 45 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| TYS312 | Seminaremne i tysk språk I | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| LINGMET | Metodeemne for språklege mastergradar | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Masterprogram i tysk - obl.emner litteraturvitenskapelig oppgave (krav: 45 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| TYS313 | Seminaremne i tyskspråkleg litteratur I | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Vel minst to emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| LITTEHF | Litteraturteori - fellesemne | - | 1-4 | 2 | ||||||||
| Masterprogram i tysk - oppgave (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| TYS350 | Tysk mastergradsoppgåve | 60 | 1-4 | 3 | ||||||||
| Masterprogram i tysk-veiledningskontrakt | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Veiledningsavtale for masterstudenter i tysk | - | - | ||||||||||