Hjem

Utdanning

Master

Toårig masterprogram i rettsvitskap

Presentasjon

Introduksjon

I 2014 blei det oppretta eit toårig masterprogram i rettsvitskap for studentar som har fullført ein bachelorgrad i rettsvitskap eller juss frå Høgskolen i Innlandet (tidligere Høgskolen i Lillehammer), Universitetet i Agder eller Universitetet i Stavanger, totalt 180 studiepoeng.

Få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som juristutdanninga. Vi finn juristar overalt i arbeidslivet og det vil alltid vere stor etterspurnad etter dei med juridisk utdanning.

Medan fleire juristar går inn i næringslivet, f.eks. innan bank, forsikring, varehandel, industri eller skipsfart, jobbar andre innanfor offentleg forvalting som i NAV, Skatteetaten og Konkurransetilsynet. Departementa og politiet/påtalemakta er populære og viktige arbeidsgivarar for juristar. Andre aktuelle arbeidsplassar er mediebransjen og organisasjonslivet. Ein kan dessutan arbeide med forsking og undervisning ved universitet og høgskolar.

Ein kan også bli dommar eller gå inn i advokatyrket. Det er berre juristar (advokatar) som har løyve til å drive profesjonell rettshjelp og føre saker for domstolane. For å få tittelen advokat og løyve til å arbeide som advokat, må ein ta eit obligatorisk advokatkurs. Ein må også ha to års godkjend juridisk praksis, vanlegvis som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller politifullmektig.

Mål og innhald

Studiet er på tilsaman 120 studiepoeng (to årseiningar). I dette inngår eit sjølvstendig skriftleg arbeid på normalt 30 studiepoeng (masteroppgåve). Etter søknad kan masteroppgåva vere på 60 studiepoeng.

Studiet byggjer på problembasert læring. På andre studieåret kan ein velje emne etter eigne interesser. Ein skal også skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. I løpet av denne perioden har ein høve til å reise på studieopphald i utlandet.

Studiestart - semester

Haust.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Kandidatane har kunnskapar om grunnleggande regler og samanhengar innan alle fagområde som vert omfatta av studiet, og spesialisert kunnskap innan fagområder som vert dekte av masteroppgåva.

Dette inneber at kandidatane har kunnskapar om og forståing av

  • nasjonal og internasjonal rett,
  • korleis nasjonal rett vert påverka av internasjonale rettssystem som EU-retten, EØS-retten, internasjonale menneskerettigheter og annen folkerett,
  • korleis juridisk argumentasjon varierer på ulike rettsområder,
  • sentrale problemstillingar og debattar i det juridiske miljøet, både i det praktiske rettsliv og innan rettsvitskapen, nasjonalt og internasjonalt.

Dugleik:

Kandidatane kan anvende juridisk metode til sjølvstendig å analysere, drøfte og ta standpunkt til juridiske problemstillingar. Dette inneber

  • å innhente og systematisere rettsleg relevant materiale, og på grunnlag av dette identifisere juridiske problemstillingar og samanhengar,
  • å foreta en sjølvstendig analyse av juridiske problemstillingar på ein grundig, heilskapleg, kritisk og balansert måte,
  • å resonnere seg frem til et faglig forsvarlig standpunkt gjennom avklaring av spenningar mellom ulike typar gyldige argumenter og mellom underliggande rettslege og samfunnsmessige verdiar.

Kandidatane kan formidle og evaluere juridiske analysar og standpunkt gjennom

  • systematisk å utarbeide sjølvstendige skriftlege analysar innanfor ulike rettsområde,
  • å kommentere og evaluere andre studentar sine juridiske analyser og sjølv taka imot og gjøre bruk av slike kommentarar,
  • å arbeide med andre i grupper for å analysere juridiske problemstillingar.

Generell kompetanse:

Gjennom studieprogrammet oppnår kandidatane generelt anvendeleg kompetanse knytt til å

  • tileigne seg ny kunnskap på sitt fagfelt og innan tilgrensande fag, og løyse juridiske problemstillingar også utanfor dei rettsområda som er del av rettsstudiet,
  • systematisere og vege argumentasjon, gje råd og treffe avgjerder,
  • identifisere og ta konsekvensar av etiske og profesjonsetiske aspekt ved juridisk argumentasjon og standpunkt,
  • formidle juridiske analysar og konklusjonar, samt profesjonsetiske vurderingar, til andre juristar og til allmenta, skriftleg og munnleg,
  • presentere og argumentere for eigne vurderingar og konklusjonar for større og mindre grupper av tilhørarar arbeide sjølvstendig og i grupper.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Emne som svarar til spesialemne og masteroppgåve kan takast i utlandet. Fakultetet har ei rekkje avtalar med utanlandske lærestader.

Anbefalte utvekslingsavtalar

Korleis søke

Opptakskrav

Fullført og bestått bachelorgrad i rettsvitskap eller juss frå Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Agder eller Universitetet i Stavanger, totalt 180 studiepoeng. Faginnhaldet i bachelorgraden må oppfylle alle faglege krav i dei tre første studieåra i femårig integrert masterprogram i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet i Bergen. 

For å vere kvalifisert for opptak må søkar ha eit karaktersnitt på C eller betre i dei emna som inngår i opptaksgrunnlaget.

NB! Tilbod om opptak kan berre gis til søkarar som ikkje har fått tilbod om opptak til Integrert masterprogram i Rettsvitskap ved Universitetet i Bergen gjennom Samordna Opptak.

Søknadsprosedyre

Informasjon om korleis du søker opptak, finn du på UiB sine nettsider om opptak til toårige masterprogram.

 

Studieplassar:

 30 studieplassar.

Fristar:

  • Fristen for å registrere søknad om opptak er 15. april.
  • Fristen for å laste opp all naudsynt dokumentasjon (ettersendingsfristen) er 8. juli.

Kva dokument du skal laste opp:

  • Vitnemål. Viss du har oppnådd bachelorgrad og har motteke vitnemål innan ettersendingsfristen, lastar du opp vitnemålet ditt. NB! Alle sider av vitnemålet skal lastast opp! 
  • Karakterutskrift og stadfesting på oppnådd bachelorgrad. Viss du har fullført alle emna som inngår i bachelorgraden, men ikkje har motteke vitnemål innan ettersendingsfristen, lastar du opp ei karakterutskrift og ei stadfesting frå lærestaden som seier at du har bestått alle emna som vert kravd for å oppnå bachelorgraden.
  • Karakterutskrift frå fleire lærestadar. Viss du har utdanning frå fleire lærestadar som inngår i bachelorgraden (innpass av tidlegare utdanning, utvekslingsopphald, og liknande), må du laste opp karakterutskrift frå alle lærestadene som viser karakterane i emna som inngår i bachelorgraden.

Opptaksgrupper:

Søkarar vert fordelte i tre opptaksgrupper, definert ut frå kva lærestad søkaren har utdanninga si ifrå. Dei 30 studieplassane vert fordelt slik:

  • Høgskolen i Innlandet: 18 plasser
  • Universitetet i Agder: 7 plasser
  • Universitetet i Stavanger: 5 plasser

Søkarar med utdanning frå dei forskjellige lærestadane konkurrerer om studieplassane i opptaksgruppen dei høyrer til.


Rangering:

Søkarane vert rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakten frå dei juridiske emna med karakter som inngår i bachelorgraden. Karakteren i ex.phil. og ex.fac. vert ikkje tatt med i utrekninga av gjennomsnittskarakteren. Utfyllande informasjon om korleis gjennomsnittskarakteren vert rekna ut finn du i opptaksreglementet.

Poenggrense ved tidlegare opptak:

Opptaket hausten 2017 ga desse poenggrensene (sjå opptaksreglement for forholdet mellom tala her og bokstavkarakterar):

  • INN: 3,65
  • UiA: 3,56
  • UiS: 3,34

Opptaket hausten 2016 ga desse poenggrensene (sjå opptaksreglement for forholdet mellom tala her og bokstavkarakterar):

  • HiL: 3,59
  • UiA: 3,25
  • UiS: 3,56

Studiestart - semester

Haust.

Oppbygging

Masterstudiet i rettsvitenskap (krav 120 SP)
Første studieår. Masterstudiet i rettsvitenskap. (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
JUS241Strafferett201–41
JUS242Rettargang201–41
JUS243Allmenn formuerett202–42
Andre studieår. Masterstudiet i Rettsvitenskap (krav 60 SP)
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
Utenlandsopphold, 1 år
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
JUSETIKKKurs i etikk for jusstudentar01–43
Masteroppgave. Masterstudiet i rettsvitenskap (krav 30 SP)
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
JUS399Masteroppgåve301–44
JUS398Masteroppgåve601–44
Spesialemner. Masterstudiet i rettsvitenskap (krav 30 SP)
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
JUS250-2-AVelferdsrett101–43
JUS250-2-BAutonomi og tvang i helse- og sosialsektoren101–43
JUS250-2-CHealth and Human Rights in the Welfare State101–43
JUS251-2-AGrunnleggende arbeidsrett101–43
JUS251-2-BArbeidsrett fordypning101–43
JUS253-2-AKommunalrett 101–43
JUS254-2-APolitirett201–43
JUS255-2-APåtalerett101–43
JUS256-2-ASkatterett I101–43
JUS256-2-BSkatterett II101–43
JUS257-2-AGrunnleggande selskapsrett101–43
JUS257-2-BAksjeselskapsrett - fordjuping101–43
JUS258-2-ANorsk konkurranserett101–43
JUS258-2-BCompetition Law101–43
JUS259-2-AInternasjonal privatrett101–43
JUS260-2-ADesign- og patentrett101–43
JUS260-2-BOpphavsrett101–43
JUS260-2-CKjenneteiknsrett101–43
JUS260-2-DMarknadsføringsrett101–43
JUS261-2-AKonfliktmekling 201–43
JUS264-2-AGod forvaltningsskikk: Etikk, kommunikasjon og konfliktforståelse i forvaltningen101–43
JUS265-2-APlanrett101–43
JUS270-2-AEconomic Analysis of Law201–43
JUS271-2-AEnergy Law101–43
JUS271-2-BComparative Energy law - Renewable energy and energy market101–43
JUS272-2-AAmerican Law101–43
JUS273-2-ALegal Philosophy101–43
JUS273-2-CLaw and Justice101–43
JUS274-2-AComparative Company Law & Economics 1: Theory and Structure201–43
JUS276-2-AHuman Rights Law: Special Focus on Economic, Social and Cultural Rights201–43
JUS277-2-AIntroduction to Copyright Law51–43
JUS277-2-BInternational Copyright Law101–43
JUS278-2-AComparative Private Law101–43
JUS279-2-ATransnational Commercial Law I101–43
JUS279-2-BTransnational Commercial Law II101–43
JUS280-2-AAlternative Dispute Settlements101–43
JUS281-2-AComparative Constitutional Law101–43
JUS282-2-AInternational Business Contracts: Structures, Negotiation, Conflict Avoidance and Resolution101–43
JUS283-2-AArbitration Theory and Practice201–43
JUS285-2-AEU and EEA Public Procurement Law101–43
JUS286-2-AConstitution and Politics101–43
JUS287-2-AEU and EEA Commercial Law101–43
JUS288-2-AInternational Criminal Law101–43
JUS289-2-AInternational Civil Procedure101–43
JUS290-2-AComparing Legal Cultures in Europe101–43
JUS291-2-AEU and EEA State Aid Law101–43
JUS292-2-AIntroduction to Chinese Law101–43
JUS2FRIKan ta særskilt valgemne jus01–43
JUS325Rettshjelp - valemne301–43
JUS329Universitetspedagogisk rettleiing151–43
JUS330Førehandsgodkjend prosedyrekonkurranse151–43
Krav om engelsk emne
Kravet om engelsk spesialemne gjelder for studenter som fullfører graden sin våren 2017 og senere. Det finnes bestemte unntak fra kravet - se fakultetets utfyllende regler, § 2-1.
Obligatorisk
Krav om engelskspråklig spesialemne
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

lovsamling_web.jpg

En student holder en lovsamling under armen.
Foto:
Eivind Senneset

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Kontakt

Meir informasjon

Om du har spørsmål om det toårige masterprogrammet i rettsvitskap, kan du kontakte fakultetet per e-post eller telefon: