Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i helsefag - Fysioterapivitskap

Oppstart

Haust.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i helsefag, studieretning fysioterapivitskap. Studiet er toårig (120 studiepoeng). Det er mogleg å vere deltidsstudent i til saman 8 semester.

Byggjer på bachelorgrad i fysioterapi og autorisasjon som fysioterapeut.

Mål og innhald

Faget fysioterapi har grunnlag i praksis og empiri, og studieretninga fysioterapivitskap tek sikte på å fremje eit teoretisk og vitskapleg fundament. Kroppen og rørslene til mennesket representerer faget sin innfallsport til helse og funksjon, og rørsle er både ei målsetjing og eit middel. Fysioterapi inkluderer kartleggjande så vel som førebyggjande, rehabiliterande og lækjande siktemål, og faget spenner over ulike nivå, frå enkelte detaljfunksjonar til livsutfalding. Fysioterapi har eit grunnlag i ein mellommenneskeleg, problemløysande og ressursorientert tilnærming, og speler på generative livsprosessar. Dei fagspesifikke emna skal gi fordjuping og refleksjon i forståing av mennesket sin kropp og rørsler i eit helseperspektiv, og gi grunnlag for kritisk og analytisk bruk av teoriar og metodar i fysioterapi.

Fagleg profil

Studiet i helsefag - fysioterapivitskap er retta mot deg som alt har ein bachelorgrad i fysioterapi, og som ønskjer kompetanseheving gjennom vidareutdanning og fagleg fordjuping. Gjennom ein tverrfagleg profil ønskjer vi å forsterke det faglege fellesskapet og forståinga mellom helsefaga.

Masteroppgåve

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt. Oppgåva skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. I oppgåva skal du dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gi ei instruktiv, klar og presis skriftleg framstilling av saksområdet. Masteroppgåva heng saman med den faglege fordjupinga du har valt.

Studiestart

Haust.

Opptakskrav

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag i studieretninga fysioterapivitskap, må du ha bachelorgrad i fysioterapi og autorisasjon som fysioterapeut.

For søkjarar med grunnutdanning fysioterapi utan bachelorgrad, blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanningen.

Gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget må normalt vere C eller betre.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak via søknadsweb. https://soknadsweb.uib.no/soknadsweb/login.seam?inst=uib Søknadsfrist er 15. april med studiestart i august.

Meir informasjon om søknadsprosedyren finn du her: http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Kven kan søkje

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, studieretning fysioterapivitskap må du ha bachelorgrad i fysioterapi og autorisasjon som fysioterapeut.

Meir infomasjon

E-post: Studie@isf.uib.no

Tlf: 55 58 63 26/55 58 61 00

Studiestart

Haust.

Mål og innhald

Faget fysioterapi har grunnlag i praksis og empiri, og studieretninga fysioterapivitskap tek sikte på å fremje eit teoretisk og vitskapleg fundament. Kroppen og rørslene til mennesket representerer faget sin innfallsport til helse og funksjon, og rørsle er både ei målsetjing og eit middel. Fysioterapi inkluderer kartleggjande så vel som førebyggjande, rehabiliterande og lækjande siktemål, og faget spenner over ulike nivå, frå enkelte detaljfunksjonar til livsutfalding. Fysioterapi har eit grunnlag i ein mellommenneskeleg, problemløysande og ressursorientert tilnærming, og speler på generative livsprosessar. Dei fagspesifikke emna skal gi fordjuping og refleksjon i forståing av mennesket sin kropp og rørsler i eit helseperspektiv, og gi grunnlag for kritisk og analytisk bruk av teoriar og metodar i fysioterapi.

Opptakskrav

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag i studieretninga fysioterapivitskap, må du ha bachelorgrad i fysioterapi og autorisasjon som fysioterapeut.

For søkjarar med grunnutdanning fysioterapi utan bachelorgrad, blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanningen.

Gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget må normalt vere C eller betre.

Obligatoriske emne / spesialisering

Masterprogrammet i helsefag inneheld ein felles studiedel på 30 studiepoeng der du skal få innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, og dessutan grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Deretter følgjer ulike faglege spesialiseringar innanfor ulike studieretningar. I den faglege spesialiseringa inngår det eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve.

Den fagspesifikke delen i studieretning fysioterapivitskap er fordelte på desse emna:

o Målemetodar og evalueringsformer (10 studiepoeng).

o Vitskapen om rørsler (10 studiepoeng).

o Muskel- og skjelettlidingar (10 studiepoeng).

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere et frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt. Hovudformålet er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gi ei instruktiv, skriftleg, klar og presis framstilling av saksområdet. Masteroppgåva heng også saman med den faglege fordjupinga du har valt.

Rekkefølje for emne i studiet

Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gi innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Den fagspesifikke delen i studiet er lagt til det andre semesteret. I det tredje og fjerde semesteret skal du skrive masteroppgåve.

1.semester

HEL310 - Vitskapsteori og sentrale

helsevitskaplege tema

HEL320 - Forskingsmetode og -etikk

2. semester

FYST331 - Målemetodar og evalueringsformer

FYST332 - Rørslevitskap

FYST333 - Muskel- og skjelettlidingar

3. og 4. semester

FYST395 - Masteroppgåve

Undervisningsmetodar

I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, forskingsseminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg. Spesifikke reiskapskurs, som til dømes skrivekurs, innføring i bruk av databasar og statistikkprogram, vil også vera ein del av undervisningstilbodet.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i helsefag kvalifiserer til:

o utdanningsarbeid på universitet og høgskolaro fagutvikling i klinisk verksemd

o forsking og utvikling

o fagleg og administrativt arbeid i forvalting og helsevesen

Fagansvarleg

Institutt for samfunnsmedisinske fag,

studie@isf.uib.no

MAMD-FYST/Masterprogram i helsefag - Fysioterapivitskap
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Fysioterapivitskap - kursdel (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HEL320 Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Forskningsmetode og -etikk 15 1
HEL310 Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema. 15 1-3 1
FYST331 Masterprogram i helsefag - fysioterapivitskap. Fagspesifikk deleksamen: Målemetodar og evalueringsformer. 10 2
FYST332 Masterprogram i helsefag - fysioterapivitskap. Fagspesifikk deleksamen: Rørslevitskap. 10 2
FYST333 Masterprogram i helsefag - fysioterapivitskap. Fagspesifikk deleksamen: Muskel- og skjelettlidingar. 10 2-4 2
Fysioterapivitskap - masteroppgåve (krav: 60 SP)
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
FYST395 Masterprogram i helsefag - Fysioterapivitskap: Masteroppgåve med påfølgjande munnleg høyring. 60 3-4 3
FYSTD395 Masterprogram i helsefag - Fysioterapivitskap: Masteroppgåve med påfølgjande munnleg høyring. 60 5-8 5
Fysioterapivitskap - rettleiingskontrakt (krav: 0 SP)
Obligatorisk emne
SP S A
Veiledningsavtale for masterprogram i helsefag - -