Masterprogram i helsefag - Genetisk rettleiing
Programmet tilbys av
Oppstart
Haust 2014
Mål og innhald
Genetisk rettleiing blir ofte definert som ein kommunikasjonsprosess som blant anna skal ta for seg menneskelege utfordringar assosiert med førekomst, eller risiko for førekomst av ein arveleg sjukdom i ein familie. Kommunikasjonsprosessen er to-delt, og har ein helsepedagogisk del kor genetisk informasjon skal bli gjort tilgjengeleg for pasientane, og ein emosjonell del kor rettleiiar skal møte og ivareta pasienten sine behov for omsorg og oppfølging. Desse to delane blir avspegla i dei to obligatoriske fagspesifikke emna (se under).
Det overordna målet for studieretninga i Genetisk rettleiing er å gje fordjuping og høve til refleksjon innafor fagområda til genetisk rettleiing. Studiet skal vidareutvikle Genetisk rettleiing sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskaplege kriterie. Studiet skal gje ein heilskapleg kompetanse som tek hand om både teknologisk og metodisk fagleg vidareutvikling. Den teknologiske utviklinga som skjer innan genteknologi krev medisinsk genetisk kunnskap så vel som omfangsrik kunnskap innan mellom anna rettleiingsteknikkar, kommunikasjonsteknikkar, jus, psykologi og krisereaksjonar. Dei fagspesifikke emna skal gje studentane fordjuping i spesifikke fagområde innanfor genetisk rettleiing.
Studiestart
Haust 2014
Opptakskrav
For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, Genetisk rettleiing, må ein ha bachelorgrad i helsefag, tilsvarende bachelorgrad kan vurderes.
Gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget må normalt vere C eller betre
Kven kan søkje
Du søkjer opptak via søknadsweb. https://soknadsweb.uib.no/soknadsweb/login.seam?inst=uib
Søknadsfrist er 15. april med studiestart i august.
Meir informasjon om søknadsprosedyren finn du her: http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i helsefag, studieretning genetisk rettleiing.
Studiet byggjer på bachelorgrad i helsefag eller tilsvarande
Studiestart
Haust 2014
Mål og innhald
Genetisk rettleiing blir ofte definert som ein kommunikasjonsprosess som blant anna skal ta for seg menneskelege utfordringar assosiert med førekomst, eller risiko for førekomst av ein arveleg sjukdom i ein familie. Kommunikasjonsprosessen er to-delt, og har ein helsepedagogisk del kor genetisk informasjon skal bli gjort tilgjengeleg for pasientane, og ein emosjonell del kor rettleiiar skal møte og ivareta pasienten sine behov for omsorg og oppfølging. Desse to delane blir avspegla i dei to obligatoriske fagspesifikke emna (se under).
Det overordna målet for studieretninga i Genetisk rettleiing er å gje fordjuping og høve til refleksjon innafor fagområda til genetisk rettleiing. Studiet skal vidareutvikle Genetisk rettleiing sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskaplege kriterie. Studiet skal gje ein heilskapleg kompetanse som tek hand om både teknologisk og metodisk fagleg vidareutvikling. Den teknologiske utviklinga som skjer innan genteknologi krev medisinsk genetisk kunnskap så vel som omfangsrik kunnskap innan mellom anna rettleiingsteknikkar, kommunikasjonsteknikkar, jus, psykologi og krisereaksjonar. Dei fagspesifikke emna skal gje studentane fordjuping i spesifikke fagområde innanfor genetisk rettleiing.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha gjennomført Masterprogram i helsefag, Studieretning genetisk rettleiing skal studenten:
- kunne gjere greie for sentrale helsefaglege og vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar, og bruke dei i forståinga av kunnskap og kunnskapsutvikling.
- vise ei akademisk-analytisk haldning til utvikling, kvalitetssikring og implementering av teoretisk og empirisk kunnskap innan radiografi- eller bioingeniørfaget og andre helsefag
- vise ei etisk reflektert haldning til kunnskapsutvikling, forskingsprosess og klinisk arbeid.
- kunne vurdere publiserte forskingsarbeid innan genetisk rettleiing og andre helsefag etter vitskaplege kriteria.
- kunne formidle aktuell fagkunnskap i genetisk rettleiing på ein reflektert måte og bidra til utvikling av ny kunnskap innan fagfeltet ved bruk av vitskaplege metodar.
- vise sjølvstende til innhenting og bruk av relevant kunnskap og nytte høvelege forskingsmetodar og relevant teori i eige forskingsarbeid, og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang med relevans for eige fag.
- demonstrere ein heilskapleg kompetanse som ivaretar både teknologisk og metodisk kunnskap saman med eit heilskapleg helsefagleg perspektiv.
- bygge opp haldningar relatert til bruksområde og avgrensingar ved ulike praktiske og vitskaplege tradisjonar relatert til helse og medisin.
Opptakskrav
For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, Genetisk rettleiing, må ein ha bachelorgrad i helsefag, tilsvarende bachelorgrad kan vurderes.
Gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget må normalt vere C eller betre
Obligatoriske emne / spesialisering
- GENV 331 Human genetikk, 12 studiepoeng
- GENV 332 Genetisk rettleiing teori og praksis, 18 studiepoeng
Omfang masteroppgåva
GENV 395 Masterprogram i helsefag, Genetisk rettleiing: Masteroppgåve med påfølgjande munnleg høyring.
Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar). Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt.
Målet med masteroppgåva er å fremje evna til kritisk analytisk tenking innan eige fag og om produksjon av kunnskap generelt. Gjennom oppgåva skal studenten få inngåande erfaring med bruk av vitskapelege framgangsmåtar i innsamling og analyse av eit forskingsmateriale, bruk av relevant teori samt fremje evna til sjølvstende og kritisk tenking i tolking av funn. Studenten skal kunne ta forskingsetisk godt funderte val
Rekkefølje for emne i studiet
Heiltid:
Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gje innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Det andre semesteret er fagspesifikt og skal gje innsikt i humangenetikk og fagfelt som inngår i genetisk rettleiing.
Eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve er lagt til det tredje og fjerde semesteret.
1. semester:
- HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsefaglige tema,15 studiepoeng
- HEL320A Forskingsmetode og etikk, 10 studiepoeng
- HELSTA Statistikk i helsefagleg forsking, 5 studiepoeng
2. semester:
Obligatoriske, 30 studiepoeng:
- GENV 331 Human genetikk 12 studie poeng
- GENV 332 Genetisk rettleiing teori og praksis 18 studiepoeng
3. og 4. semester:
GENV 395 Masterprogram i helsefag, Genetisk rettleiing: Masteroppgåve med påfølgjande munnleg høyring 60 studiepoeng
Undervisningsmetodar
I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, studentpresentasjonar, gruppearbeid, forskingsseminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring samt eit obligatorisk kommunikasjonskurs.
Bibliotekundervising inneheld bruk av databasar, referansesystem, litteratursøk, kjeldebruk og etikk knytt til kjeldebruk, samt endnotekurs
Yrkesvegar
Masterprogrammet i helsefag kvalifiserer til:
o utdanningsarbeid på universitet og høgskolar
o fagutvikling i klinisk verksemd
o forsking og utvikling
o fagleg og administrativt arbeid i forvalting og helsevesen
Fagansvarleg
Programutval for master i helsefag. Programutvalet har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet
Kontakt: studie@isf.uib.no
Adminstrativ ansvarleg
Det medisinsk-odontologiske fakultet,
Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Kontaktopplysningar:
studie@isf.uib.no
tlt 55 58 61 00
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Genetisk rettleiing - kursdel (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| HEL320A | Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Forskningsmetode og -etikk | 10 | 1 | |||||||||
| HELSTA | Statistikk i helsefagleg forsking | 5 | 1 | |||||||||
| HEL310 | Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema. | 15 | 1 | |||||||||
| GENV331 | Masterprogram i helsefag - genetisk rettleiing. Fagspesifikk studiedel (modul 1): Human genetikk. | 12 | 2 | |||||||||
| GENV332 | Masterprogram i helsefag - genetisk rettleiing. Fagspesifikk studiedel (modul 2 og 3): Gen. rettl. - teori og praksis. | 18 | 2 | |||||||||
| Genetisk rettleiing - masteroppgave (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GENV395 | Masteroppgåve i genetisk rettleiing | 60 | 3-4 | 3 | ||||||||
| Genetisk rettleiing - rettleiingskontrakt (krav: 0 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Veiledningsavtale for masterprogram i helsefag | - | - | ||||||||||