Hjem

Utdanning

Master

Klinisk masterstudium for fysioterapeuter i manuellterapi (MFMT)

  • Lengde2 år
  • Studieplassar22
  • SpråkNorsk
  • StudiestartVår
  • Studiepoeng120

Presentasjon

Introduksjon

Klinisk masterstudium i manuellterapi er for deg som er fysioterapeut og som ønskjer vidare utdanning.

Ein fysioterapeut med vidare utdanning i manuellterapi kallast manuellterapeut og skal vere spesialisert i å undersøke og behandle pasientar med lidingar i muskel- og skjelettapparatet. Manuellterapeutar skal ha dei kunnskapane, haldningane og ferdigheitene som ein primærkontakt med ansvar for pasientar med muskel- og skjelettlidingar treng for forsvarleg utøving av yrket.

Studiet vidareutviklar fysioterapeuten sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskapsmetodiske kriterium og kan gje grunnlag for vidare studiar som til dømes phd-grad.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i helsefag, klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeuter (MMT)

Studiet byggjer på bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarende.

Mål og innhald

Mål:

Ein fysioterapeut med vidareutdanning i manuellterapi kan kallast manuellterapeut og skal vere spesialisert i å undersøke og behandle pasientar med lidingar i muskel- og skjelettapparatet.

Studiet skal sikre at manuellterapeutar har dei kunnskapane, haldningane og ferdigheitene som ein primærkontakt med ansvar for pasientar med muskel- og skjelettlidingar treng for forsvarleg utøving.

Studiet vidareutviklar fysioterapeuten sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskapsmetodiske kriterium.

Innhald/ studiet si oppbygging:

Innhaldsmessig består Klinisk masterstudium i manuellterapi (MMT) av fire modular:

Modul A: Manuellterapi - 15 + 20 + 30 studiepoeng

MANT311A / Manuellterapi del 1: Teori, dugleiksopplæring og praksis i manuellterapi

MANT312A / Manuellterapi del 2: Teori, dugleiksopplæring og praksis i manuellterapi

MANT395 / Manuellterapi teori og masteroppgåve


Modul B: Forskingsmetode - 10 + 5 studiepoeng

HEL320A / Forskingsmetode og -etikk

HELSTA / Statistikk i helsefagleg forsking

Modul C: Basalfag - 6 emne á 5 studiepoeng

MANT301A / Smertefysiologi

MANT302A / Anatomi

MANT303A / Radiologi

MANT304A / Rørslevitskap og treningsteori

MANT305A / Patologi

MANT307 / Biomekanikk

Modul D: Teoretiske støttefag - 10 studiepoeng

MANT306 / Helse, sjukdom, kommunikasjon, beslutningsteori og trygdelovgivning

Studiet har forskingsmetode felles med det tverrfaglege Masterprogrammet i helsefag.

I studiet skal studenten praktisere under rettleiing ved klinikk eller institutt som er godkjent av universitetet til dette formålet, og kontrakt med praksisstaden vert gjort ved tildeling av studieplass

Studiestart - semester

Januar 2019

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Etter fullført Klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar er ein kvalifisert til:

  • arbeid som primærkontakt for pasientar med plager knytt til muskel- og skjelettapparatet
  • utdanningsarbeid på universitet og høgskolar
  • fagutvikling i klinisk verksemd
  • forsking og utvikling
  • fagleg og administrativt arbeid innan forvalting og helsevesen.
  • Studie gir grunnlag for vidare forsking og PhD-studium, nasjonalt som internasjonalt
  • Studiet er godkjent av International Federation for Orthopaedic Manual Physical Therapy (IFOMPT) og kvalifiserer dermed til arbeid som manuellterapeut internasjonalt

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Studiet er tilrettelagt for fysioterapeutar som allereie har klinisk erfaring bak seg og som vil heva sin formelle og reelle kompetanse gjennom å vidareutvikle sine teoretiske kunnskapar og praktiske ferdigheiter, og lære seg å anvende vitskapelig basert kunnskap som grunnlag for fagutøvinga. MMT tar utgangspunkt i at studenten allereie har grunnutdanning i fysioterapi og dermed kunnskap og forståing av bl.a. anatomi, biomekanikk, fysiologi, patologi, treningsteori og -metodikk, og ein praksis fundert på et samfunnsorientert perspektiv for sjukdom.

Klinisk Masterutdanning er eit fordjupingsstudium for fysioterapeutar i undersøking og behandling av lidingar i muskel- og skjelettapparatet og etter fullført studium skal studenten:

  • kunne vise ei akademisk-analytisk haldning til utvikling, kvalitetssikring og implementering av teoretisk og empirisk kunnskap innan fysioterapi og andre helsefag, med særleg relevans for manuellterapi
  • kunne gjera greie for sentrale helsefaglege problemstillingar, og bruke dei i forståinga av kunnskap og kunnskapsutvikling
  • kunne gjera greie for helse og sjukdom i eit heilskaplig bio-psyko-sosialt perspektiv
  • ha inngåande kunnskap om lidingar i muskel- og skjelettapparatet og kunne analysera, vurdera og behandla nevro- muskulær- og biomekanisk funksjon
  • ha inngåande kunnskap om ledd i kroppen med tilhøyrande vevsstrukturar og kunne vurdera mobilitet, stabilitet, smerte, funksjon og motorisk kontroll gjennom generell, lokal og spesifikk undersøking
  • kunne utføra manipulasjonsteknikkar på ledd, det vil seie hurtig mekaniske handgrep for å betre lokal funksjon og redusera smerte
  • kunne bruke spesifikke og generelle behandlingsmetodar for å betre eller vedlikehalde funksjon, eller forsinke ein progredierande funksjonssvikt, og kunne grunngje val av desse ut frå forsking, systematiserte erfaringar og pasientens behov og forventingar
  • ha inngåande kunnskap om skader, sjukdom og lidingar knytt til rørsleapparatet, kompetanse i å tolke bildediagnostikk og foreta differensialdiagnostisering, og forståing for at feilfunksjonar i muskel- og skjelettapparatet også kan ha samanheng med psykologiske og sosiale forhold
  • ha god kunnskap om trygdefaglege tema, vilkår for sjukepengar og verkemiddel for oppfølging av sjukemeldte personar og kunna ivareta primærkontaktfunksjonar med avgrensa rett til sjukmelding og vidare henvising av pasientar til spesialist eller fysioterapeut, samt kunne rekvirera radiologiske undersøkingar
  • ha kunnskap om aktuelle kartleggingsverktøy og testar, og kunne vurdera deira relevans og gyldigheit, samt kunne bruka dei i å undersøkja og dokumentera effekt av behandling
  • kunne vise ei etisk reflektert haldning til kunnskapsutvikling, forskingsprosess og klinisk arbeid
  • kunne vurdera publiserte forskingsarbeid innan fysioterapi og andre helsefag etter vitskaplege kriteria
  • kunne vise kritisk analytisk refleksjon relatert til eige forskingsarbeid og dokumentere og vise forståing av sentrale forskingsprinsipp
  • kunne formidle aktuell fagkunnskap i fysioterapi på ein reflektert måte og bidra til utvikling av ny kunnskap, spesialt innan manuellterapi, ved bruk av vitskaplege metodar
  • kunne vise sjølvstende til innhenting og bruk av relevant kunnskap og nytte høvelege forskingsmetodar og relevant teori i eige forskingsarbeid, og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang med relevans for eige fag
  • kunne undervise, rettleie og informera pasientar, pårørande, mindre erfarne fysioterapeutar og andre profesjonar om rørsleapparatet si nevromuskulære og biomekaniske funksjon og kva som kan vera aktuelle tiltak for førebygging av funksjonsproblem og styrking av funksjon

Oppbygging

Klinisk masterstudium for fysioterapeuter i manuell terapi (krav 120 SP)
Modul A: Manuell terapi - teori, praksis og klinikk (krav 65 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MANT311AManuellterapi (MFMT) : Modul A1, del 1 (dugleiksopplæring - manuell terapi, klinisk dugleik)151–21
MANT312AManuellterapi (MFMT) - Dugleiksopplæring (modul A1, del 2 - manuellterapi, klinisk dugleik)203–43
MANT395Masteroppgåve i manuellterapi303–43
Modul B: Forskningsmetode (krav 15 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
HEL320AMasterprogram i helsefag, felles studiedel: Forskningsmetode og -etikk102
HELSTAStatistikk i helsefagleg forsking52
Modul D: Teoretiske støttefag (krav 10 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MANT306Manuellterapi (MFMT)- Modul D i teoretiske støttefag103
Modul C: Basalfag (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MANT301ASmertefysiologi51
MANT302AAnatomi51
MANT305APatologi51
MANT307Biomekanikk51–21
MANT304ARørslevitskap og treningslære52–32
MANT303ARadiologi52–32
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Opptakskrav

For å bli teken opp på Klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar, må ein ha bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarande og norsk autorisasjon som fysioterapeut samt 1 år fysioterapipraksis etter autorisasjon.

Søkjar må forstå og snakke norsk flytande ettersom studiet inneheld mykje pasientbehandling.

Studiet har 22 plassar, der kvalifiserte søkjarar frå Norden har fortrinn på to plassar.

Det nyttast desse rangeringsreglane:

Søkjarane delast i tre kategorier:

  1. Søkjarar med studiepoeng utover opptakskrav (maks 400 stp) - 55 % av plassane
  2. Søkjarar med praksis som fysioterapeut utover opptakskravet (maks 10 år) - 35 % av plassane
  3. Søkjarar på særskilte vilkår; særskilt egna, pågåande forskingsprosjekt, phd- relevans mm. Framstilling i brev på maks 1 side (400 ord) - inntil 4 plassar

Meir informasjon om søknadsprosedyren finn du her

Studiestart - semester

Januar 2019

Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon