Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i klinisk ernæring

Oppstart

Haust

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i ernæring. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Formålet med ernæringsstudiet er å gi studentane det teoretiske, praktiske og åtferdsmessige grunnlaget som er nødvendig for å utøve yrket som klinisk ernæringsfysiolog.

Fagleg profil

Masterprogrammet i klinisk ernæring er eit helsevitskapleg masterprogram med klinisk retning knytt opp mot forskingsmiljø ved ulike institutt ved Det medisinsk-odontologiske fakultet og Haukeland Universitetssjukehus.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet består av ei masteroppgåve på 60 studiepoeng og emne på til saman 60 studiepoeng. Undervisninga vil vere ein kombinasjon av forelesingar, kliniske demonstrasjonar, pasientintervju/-samtaler, gruppearbeid, seminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og ei masteroppgåve. Hospitering ved klinisk avdeling. Masterprogrammet i ernæring - klinisk ernæring ser slik ut:

1. semester

NUCLI 351 Masteremne i klinisk ernæring Del 1 10 sp

INTH 360 Global nutrition 1 5 sp

NUCLI 355 Pasientkommunikasjon 5 sp

NUCLI 352 Masteremne i klinisk ernæring Del 2 10 sp

Valemne 0-10 sp

2. semester:

NUCLI 353 Masteremne i klinisk ernæring Del 3 15 sp

NUCLI 354 Statistikk for masterstudentar 5 sp

Valemne 0-10 sp

3. og 4. semester:

Masteroppgåve 60 sp

Masteroppgåve

Masteroppgåva omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid på 60 studiepoeng som du utfører under rettleiing. I oppgåva skal du løyse ei praktisk problemstilling, behandle eigne data og gi ei skriftleg framstilling av hypotesar, resultat og konklusjonar.

Studiestart

Haust

Opptakskrav

Fagleg krav for opptak til Masterprogram i klinisk ernæring er bachelor i human ernæring fra UiB eller UiO med minimum gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå studere.uib.no/master-mo for meir om opptakskrav.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak via søknadsweb. Søknadsfrist er 15. april med studiestart i august.

Meir informasjon om søknadsprosedyren finn du her: http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Meir infomasjon

studere.uib.no
info@mofa.uib.no / 55 97 73 45 / 55 58 66 32

Studiestart

Haust

Mål og innhald

Formålet med ernæringsstudiet er å gi studentane det teoretiske, praktiske og åtferdsmessige grunnlaget som er nødvendig for å utøve yrket som klinisk ernæringsfysiolog.

Opptakskrav

Fagleg krav for opptak til Masterprogram i klinisk ernæring er bachelor i human ernæring fra UiB eller UiO med minimum gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå studere.uib.no/master-mo for meir om opptakskrav.

MAMD-NUCLI/Masterprogram i klinisk ernæring
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Klinisk ernæring - obligatoriske emner (krav: 50 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NUCLI351 Klinisk ernæring del 1 10 1
INTH360 Global Nutrition 5 1
NUCLI355 Pasientkommunikasjon 5 1
NUCLI352 Klinisk ernæring del 2 10 1
NUCLI353 Klinisk ernæring del 3 15 2
NUCLI354 Statistikk 5 2
Klinisk ernæring - valemner (krav: 10 SP)
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
HUCEL350A Evaluering, kvalitetsovervaking og tolking av biokjemiske analysar 10 2-4 2
HUCEL361 Biokjemisk endring ved sjukdom - 2-4 2
BMED340A Sirkulasjonsfysiologisk metodikk 5 2-4 2
BMED340B Nevrofysiologisk metodikk 5 2-4 2
INTH363 Nutritional anthropometry 5 2
NUCLI361 Proteiner, peptider og aminosyrer - biokjemi og metabolisme 5 2-4 2
NUCLI362 Genetic disorders in nutrient metabolism 5 2
Klinisk ernæring - valbare spesialiseringsemne
Klinisk ernæring - oppgåvesp. emne, val etter samråd med rettleiar
Klinisk ernæring - rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
SP S A
Rettleiingskontrakt for masterprogram i klinisk ernæring - -
Klinisk ernæring - masteroppgave
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NUCLI395 Masteroppgåve for klinisk ernæring 60 3