Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i helsefag - Radiograf/Bioingeniør

Oppstart

Haust.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i helsefag, studieretning RAB-fag.

Studiet byggjer på bachelorgrad i radiografi eller bioingeniørfaget.

Mål og innhald

Det overordna målet for studieretninga for RAB-faga er å gi fordjuping og høve til refleksjon innanfor fagområda til radiografar og bioingeniørar. Vi vil prøve å gi ein heilskapleg kompetanse som tek hand om både teknologiske og metodiske kunnskapar, slik at det blir sett frå eit overordna helsefagleg perspektiv. Den teknologiske utviklinga som skjer innan røntgenavdelingar og medisinske laboratorium, krev omfangsrik teknologisk kunnskap og erfaring, og studieretninga ønskjer mellom anna å fokusere på samanhengen mellom teknologi og helse.

Fagleg profil

Studiet i helsefag - radiograf/bioingeniør er retta mot deg som alt har ein bachelorgrad i eit RAB-fag og som ønskjer kompetanseheving gjennom vidareutdanning og fagleg fordjuping. Gjennom ein tverrfagleg profil ønskjer vi å forsterke det faglege fellesskapet og forståinga mellom helsefaga.

Studiestart

Haust.

Opptakskrav

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag i studieretninga RAB-fag, må du ha bachelorgrad i radiografi eller bioingeniørfaget.

For søkjarar med grunnutdanning i radiografi eller bioingeniørfaget utan bachelorgrad, blir det kravd minimum

180 studiepoeng medrekna grunnutdanning.

Gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget må normalt vere C eller betre.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det medisinsk-odontologiske fakultet. Søknadsfristen er 15. april med studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her: https://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Meir infomasjon

Institutt for samfunnsmedisinske fag

studie@isf.uib.no / 55 58 63 26/ 55 58 61 00

Studiestart

Haust.

Mål og innhald

Det overordna målet for studieretninga for RAB-faga er å gi fordjuping og høve til refleksjon innanfor fagområda til radiografar og bioingeniørar. Vi vil prøve å gi ein heilskapleg kompetanse som tek hand om både teknologiske og metodiske kunnskapar, slik at det blir sett frå eit overordna helsefagleg perspektiv. Den teknologiske utviklinga som skjer innan røntgenavdelingar og medisinske laboratorium, krev omfangsrik teknologisk kunnskap og erfaring, og studieretninga ønskjer mellom anna å fokusere på samanhengen mellom teknologi og helse.

Opptakskrav

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag i studieretninga RAB-fag, må du ha bachelorgrad i radiografi eller bioingeniørfaget.

For søkjarar med grunnutdanning i radiografi eller bioingeniørfaget utan bachelorgrad, blir det kravd minimum

180 studiepoeng medrekna grunnutdanning.

Gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget må normalt vere C eller betre.

Obligatoriske emne / spesialisering

Masterprogrammet i helsefag inneheld ein felles studiedel på 30 studiepoeng der du skal få innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, og dessutan grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode.

Deretter følgjer ulike faglege spesialiseringar innanfor ulike studieretningar. I den faglege spesialiseringa inngår det eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve.

Studieretninga innan RAB-fag er ei samansett gruppe av helsefaglege grunnutdanningar og fagfelt, der faga er svært ulike. På grunn av dette er den fagspesifikke delen av RAB-faga ikkje nokon fast definert einskap. Den fagspesifikke delen skal til saman utgjera 30 studiepoeng, og blir sett saman av studenten sjølv i samarbeid med rettleiaren. Fagkombinasjonen kan bestå av metodiske, naturvitenskaplege, samfunnsmedisinske og helefaglige elemet avhengig av tema for masteroppgåva.Det mest nærliggande er å nytte emne som tilbys ved ulike fakultet ved Universitetet i Bergen eller tilbod innan den fagspesifikke delen ved dei andre studieretningane på helsefag. I fagkombinasjonen kan det inngå ein fordjuping på inntil 10 studiepoeng basert på eit spesialpensum.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt. Hovudformålet er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gi instruktiv, skriftleg, klar og presis framstilling av saksområdet. Masteroppgåva er også knytt til fagleg fordjuping innanfor studieretninga du har valt.

Rekkefølje for emne i studiet

1.semester

HEL310 - Vitskapsteori og sentrale

helsevitskaplege tema

HEL320 - Forskingsmetode og -etikk

2.semester

Fagspesifikke emne

3. og 4. semester

RAB395 - Masteroppgåve

Undervisningsmetodar

I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, forskingsseminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg. Spesifikke reiskapskurs, som til dømes skrivekurs, innføring i bruk av databasar og statistikkprogram, vil også vera ein del av undervisningstilbodet.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i helsefag - radiograf/bioingeniør kvalifiserer deg mellom anna til utdanningsarbeid på universitet og høgskolar, fagutvikling i klinisk verksemd, forsking og utvikling og fagleg og administrativt arbeid innan forvalting og helsevesen.

Fagansvarleg

Institutt for samfunnsmedisinske fag:

studie@isf.uib.no

MAMD-RAB/Masterprogram i helsefag - Radiograf/Bioingeniør
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Radiograf/Bioingeniør - kursdel (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HEL320 Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Forskningsmetode og -etikk 15 1
HEL310 Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema. 15 1-3 1
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
RAB331 Masterprogram i helsefag - Radiograf/Bioingeniør. Fagspesifikk del: Spesialpensum - 5 studiepoeng. 5 2-4 2
RAB332 Masterprogram i helsefag - Radiograf/Bioingeniør. Fagspesifikk del: Spesialpensum - 10 studiepoeng. 10 2-4 2
RAB333 Masterprogram i helsefag - Radiograf/Audiograf/Bioingeniør 6 2-4 2
RAB334 Masterprogram i helsefag - Radiograf/Audiograf/Bioingeniør 8 2-4 2
Radiograf/Bioingeniør - masteroppgåve (krav: 60 SP)
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
RAB395 Masterprogram i helsefag - Radiograf/Bioingeniør: Masteroppgåve. 60 3-4 3
RABD395 Masterprogram i helsefag - Radiograf/Bioingeniør: Masteroppgåve. 60 5-8 5
Radiograf//Bioingeniør - rettleiingskontrakt (krav: 0 SP)
Obligatorisk emne
SP S A
Veiledningsavtale for masterprogram i helsefag - -