Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i helsefag - Sjukepleievitskap

Oppstart

Haust

Mål og innhald

Masterprogram i helsefag, studieretning for sjukepleievitskap, relaterer aktiviteten sin til dei etablerte forskingsgruppene: ´Livskvalitet´, ´Global helse´ og ´Praxeologi´. Undervisninga presenterer ulike kunnskaps- og forskingsformer inkludert faget sin teori-praksisproblematikk og faget sine historiske tradisjonar. Det blir gjeve innsikt i omgrep, teoretiske og filosofiske forskingstradisjonar som genererer kunnskap med relevans i, for og om sjukepleie som praktisk felt så vel som teoretisk vitskapleg felt.

Studiestart

Haust

Opptakskrav

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag - sjukepleievitskap, må ein ha bachelorgrad i sjukepleie.

For søkjarar med grunnutdanning i sjukepleie utan bachelorgrad blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanninga.

Gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget må normalt vere C eller betre.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det medisinsk-odontologiske fakultet. Søknadsfristen er 15. april med studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her: https://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i helsefag, studieretning sjukepleievitskap.

Studiet byggjer på bachelorgrad i sjukepleie.

Studiestart

Haust

Mål og innhald

Masterprogram i helsefag, studieretning for sjukepleievitskap, relaterer aktiviteten sin til dei etablerte forskingsgruppene: ´Livskvalitet´, ´Global helse´ og ´Praxeologi´. Undervisninga presenterer ulike kunnskaps- og forskingsformer inkludert faget sin teori-praksisproblematikk og faget sine historiske tradisjonar. Det blir gjeve innsikt i omgrep, teoretiske og filosofiske forskingstradisjonar som genererer kunnskap med relevans i, for og om sjukepleie som praktisk felt så vel som teoretisk vitskapleg felt.

Læringsutbyte/resultat

Studenten skal kunne gjere greie for utviklinga og den moderne struktureringa av medisinsk- og sjukepleiefagleg praksis (historisk og nåtidig), og implikasjonane av den historiske utviklinga for det framvaksande sjukepleiefagelige fagfeltet.

Studenten skal kunne bruke sentrale omgrep og teoretiske verktøy som knytter seg til sjukepleie som moderne vitskapleg/teoretisk disiplin.

Studenten skal vere i stand til å kritisk reflektere over ulike filosofiske og teoretiske perspektiv med særleg relevans for sjukepleiefaglege studie, og kunne vise korleis ulike teoretiske perspektiv genererer ulike typar kunnskap med relevans for faget.

Studenten skal sjølvstendig kunne nytte forskningsmessig og metodologisk kunnskap i eige forskningsarbeid. Studenten skal i dette arbeidet dokumentere, vise forståing av sentrale forskingsprinsipp og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang.

Studenten skal vere i stand til kritisk analytisk refleksjon relatert til eige forskningsarbeid både skriftleg og munnleg.

Studentane skal bygge opp haldningar relatert til bruksområde og avgrensingar ved ulike praktiske, vitskaplege og filosofiske tradisjonar sine roller relatert til omsorg, sjukepleie, helse og medisin.

Opptakskrav

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag - sjukepleievitskap, må ein ha bachelorgrad i sjukepleie.

For søkjarar med grunnutdanning i sjukepleie utan bachelorgrad blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanninga.

Gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget må normalt vere C eller betre.

Obligatoriske emne / spesialisering

Obligatoriske fellesemne - 30 studiepoeng:

HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsefaglige tema - 15 studiepoeng

HEL320 Forskingsmetode og - etikk - 15 studiepoeng

Obligatoriske fagspesifikke emne - 25 studiepoeng:

SYKMED301 Livskvalitet - 5 studiepoeng

SYKANT302 Sjukepleie i eit antropologisk perspektiv - 5 studiepoeng

SYKSAM303 Praxeologi - Sjukepleie med samfunnsvitskapleg tilnærming - 5studiepoeng

SYKHUM304 Praxeologi - Sjukepleie i eit fenomenologisk- hermeneutisk perspektiv - 5 studiepoeng

SYKSEM305 Seminarserie i forskargrupper v/ Institutt for samfunnmedisinske fag inkludert prosjektplan - 5 studiepoeng

Tilrådde valemne

NUCLI354 Statistikk - 5 studiepoeng

MEDEPI Epidemiologi - 2 studiepoeng

VIT210 Sentrale spørsmål i forsking og samfunn:

Menneske: natur og kultur - 5 studiepoeng

VIT211 Sentrale spørsmål i forsking og samfunn:

Global helse: etikk, politikk og menneskerettigheter - 5 studiepoeng

INTH323A Qualitative Methods for International Public Health - 3 studiepoeng

Utanlandsopphald med rapport/spesialpensum etter avslutta opphald, omfang 3-4 veker.

Emne skal veljast i lag med rettleiar.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt. Hovudformålet er at studenten skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Studenten skal vere i stand til å gi ei instruktiv, klar og presis skriftleg framstilling av saksområdet. Masteroppgåva heng saman med den faglege fordjupinga innanfor studieretninga sjukepleievitskap.

Rekkefølje for emne i studiet

Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gi innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode.

Den fagspesifikke delen i studiet er lagt til det andre semesteret, og består av fem emne. I denne delen skal studenten få kunnskap om dei ulike områda sine historiske tradisjonar, ulike kunnskaps- og forskingsformer og faget sin teori-praksisproblematikk.

Eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve er lagt til det tredje og fjerde semesteret.

1. semester:

HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsefaglige tema - 15 studiepoeng

HEL320 Forskingsmetode og - etikk - 15 studiepoeng

2. semester:

SYKMED301 Livskvalitet - 5 studiepoeng

SYKANT302 Sjukepleie i eit antropologisk perspektiv - 5 studiepoeng

SYKSAM303 Praxeologi - Sjukepleie med samfunnsvitskapleg tilnærming - 5studiepoeng

SYKHUM304 Praxeologi - Sjukepleie i eit fenomenologisk- hermeneutisk perspektiv - 5 studiepoeng

SYKSEM305 Seminarserie i forskargrupper v/ Institutt for samfunnmedisinske fag inkludert prosjektplan - 5 studiepoeng

Valfag - 5 studiepoeng

3. og 4. semester:

SYK395 Masterprogram i helsefag - Sykepleievitskap: Masteroppgåve med påfølgjande munnleg høyring.

Deltid:

HEL320 Forskingsmetode og - etikk - 15 studiepoeng

2. semester:

SYKMED301 Livskvalitet - 5 studiepoeng

Pluss to av dei andre obligatoriske emna:

SYKANT302 Sjukepleie i eit antropologisk perspektiv - 5 studiepoeng

SYKSAM303 Praxeologi - Sjukepleie med samfunnsvitskapleg tilnærming - 5studiepoeng

SYKHUM304 Praxeologi - Sjukepleie i eit fenomenologisk- hermeneutisk perspektiv - 5 studiepoeng

SYKSEM305 Seminarserie i forskargrupper v/ Institutt for samfunnmedisinske fag inkludert prosjektplan - 5 studiepoeng

Valfag - 5 studiepoeng

3. semester:

HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsefaglige tema - 15 studiepoeng

4. semester:

Dei 3 resterande av dei obligatoriske emna:

SYKANT302 Sjukepleie i eit antropologisk perspektiv - 5 studiepoeng

SYKSAM303 Praxeologi - Sjukepleie med samfunnsvitskapleg tilnærming - 5studiepoeng

SYKHUM304 Praxeologi - Sjukepleie i eit fenomenologisk- hermeneutisk perspektiv - 5 studiepoeng

SYKSEM305 Seminarserie i forskargrupper v/ Institutt for samfunnmedisinske fag inkludert prosjektplan - 5 studiepoeng

Valfag - 5 studiepoeng

5. -8. semester:

SYKD395 Masterprogram i helsefag - Sjukepleievitskap: Masteroppgåve med påfølgjande munnleg høyring.

Undervisningsmetodar

I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, forskingsseminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg. Spesifikke reiskapskurs, som til dømes skrivekurs, innføring i bruk av databasar og statistikkprogram, vil også vera ein del av undervisningstilbodet.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i helsefag kvalifiserer for:

  • utdanningsoppgåver på universitets- og høgskolenivå
  • fagutviklingsoppgåver i klinisk verksemd
  • forskings- og utviklingsoppgåver
  • faglege og administrative oppgåver i offentlig forvaltning

Evaluering

De fagspesifikke emna blir avslutta med ei summativ evaluering kor sentrale spørsmål kan svarast på munnleg og/eller skriftleg. Oppfølging i faggruppa der ein vurderer vidare utvikling av emne. Studieretninga vert kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.

Fagansvarleg

Programutval for master i helsefag. Programutvalet har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet

Kontakt: studie@isf.uib.no

Adminstrativ ansvarleg

Det medisinsk-odontologiske fakultet,

Institutt for samfunnsmedisinske fag

Kontaktopplysningar:

studie@isf.uib.no

http://www.uib.no/utdanning/studietilbud/medisin-odontologi-og-helsefag/helsefag

MAMD-SYK/Masterprogram i helsefag - Sjukepleievitskap
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Sjukepleievitskap - kursdel (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HEL320 Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Forskningsmetode og -etikk 15 1
HEL310 Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema. 15 1-3 1
SYKANT302 Sjukepleie i eit antropologisk perspektiv 5 2
SYKHUM304 Praxeologi: Sjukepleie i eit fenomenologisk- hermeneutisk perspektiv 5 2
SYKMED301 Livskvalitet- sjukepleie i eit medisinsk perspektiv 5 2
SYKSAM303 Praxeologi: Sjukepleie med samfunnsvitskapleg tilnærming 5 2
SYKSEM305 Seminarserie helsefag med prosjektplan 5 2-3 3
Sjukepleievitskap - masteroppgave (krav: 60 SP)
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
SYK395 Masterprogram i helsefag - Sykepleievitskap: Masteroppgåve med påfølgjande munnleg høyring. 60 3-4 3
SYKD395 Masterprogram i helsefag - Sykepleievitskap: Masteroppgåve med påfølgjande munnleg høyring. 60 5-8 5
Sjukepleievitskap - rettleiingskontrakt (krav: 0 SP)
Obligatorisk emne
SP S A
Veiledningsavtale for masterprogram i helsefag - -