Integrert adjunktutdanning i matematikk og naturfag
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Oppbygging
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Kontakt
- Opptak
- Læringsutbyte
- Studieløp
Introduksjon
Siste opptak til adjunktprogrammet var i 2012. Det tas ikke opp nye studenter til programmet.
Studievegar
- Profesjonsstudium
På dette fireårige studiet tek du ingen mastergrad. Studiet har en basiskomponent i matematikk og naturfag som gir grunnlag for undervisning i ungdomsskolen. Utover dette treng du ikkje fordjupe deg i eit enkelt fag, men kan ta emne innanfor fleire av faga slik at du får stor breidd i fagkunnskapen. I tillegg til biologi, kjemi og fysikk kan du ta geofysikk, geografi, geologi, molekylærbiologi eller liknande.
Gjennom studiet lærer du korleis kunnskap vert utvikla, du reflekterer over faga og over korleis du kan formidle dei. I tillegg har du praksis i skolen. Adjunktutdanninga er sett saman med tanke på deg som vil utdanne deg til realfagslærar i ungdomsskolen. Du vil også kunne undervise på mellomtrinnet og eventuelt i den vidaregåande skolen.
- Forsking
Fagdidaktisk forsking fokuserer blant anna på kva slags kompetanse matematikk- og naturfagundervisninga i skolen må leggje vekt på for å førebu elevane til samfunnsdeltaking, på korleis læraren kan leggje til rette aktivitetar og elevøvingar for at elevane skal få større læringsutbyte, og på korleis elevar kan lærast opp til å lese ulike typar naturfaglege tekstar.
- Sjå også desse studia
Lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk.
Andre studievegar
Du kan også utdanne deg til lærar ved å ta ein bachelorgrad (tre år) eller ein mastergrad (fem år) som inneheld to undervisningsfag, før du søkjer opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). PPU er eittårig og inneheld både fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.
Oppbygging
Det 4-årige adjunktprogrammet inneheld blant anna:
- 60 studiepoeng praktisk-pedagogisk utdanning
- 50 studiepoeng i matematikk
- 60 studiepoeng i utvalde emne i fysikk, kjemi og biologi
- 50 studiepoeng valfrie emne
- praksis i skolen
Dei obligatoriske delane gir grunnlag for undervisning i matematikk og naturfag i ungdomsskolen. I den valfrie delen av studiet er det mogleg å fordjupe seg vidare i eitt eller fleire realfag eller ta heilt andre fag.
Ved å satse mest på fordjuping, kan du skaffe deg grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen i enkelte fag (min. 60 studiepoeng i eit fag). Ved å satse meir på breidd kan du skaffe deg breiare kompetanse for undervisning på ungdomsskolen.
Eksempel:
- Ved å velje emne i geologi, geofysikk, biologi, fysikk, kjemi, molekylærbiologi o.l., kan du auke kunnskapane dine for undervisning i naturfag i ungdomsskolen.
- Ved å velje 10 studiepoeng i matematikk i tillegg til dei 50 obligatoriske, oppnår du tilstrekkelig grunnlag for undervisning i matematikk i vidaregåande skole.
- Ved å velje 30 studiepoeng innanfor kjemi, biologi og/eller fysikk, oppnår du tilstrekkelig grunnlag for undervisning i naturfag.
- Ved å velje fagkombinasjonar frå andre fagområde, kan du oppnå tilstrekkeleg grunnlag for undervisning i desse faga i ungdomsskolen.
Den praktisk-pedagogiske delen av programmet vert teke parallelt med fagstudia slik at fokus vert halde på lærarutdanninga gjennom heile studiet.
I tillegg til praksis og ordinær undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk inngår skolebesøk og lærarstudentsamlingar.
Her finner du en tabell som viser hvordan studiet er bygd opp: http://www.uib.no/filearchive/oppbygging.pdf
Utveksling
Dersom du ønskjer det, kan du ta eitt semester av fagstudiet i utlandet. UiB har mange utvekslingsavtaler som kan nyttast. Eit utanlandsopphald bør leggjast til det 6. semesteret.
Se http://link.uib.no/?1vDGL for mer informasjon.
Yrkesvegar
Adjunktutdanninga i matematikk og naturfag kvalifiserer for tilsetjing på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskolen og ev. i den vidaregåande skolen og vaksenopplæringa avhengig av fagfordjuping.
For meir informasjon om yrket som lærar, sjå:
http://utdanning.no/yrker/beskrivelse/adjunkt
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Haust - siste opptak var i 2012.
Mål og innhald
Adjunktutdanninga i matematikk og naturfag er ei fireårig integrert lærarutdanning (240 studiepoeng). Utdanninga fører fram til graden Bachelor i naturvitenskap med integrert praktisk- pedagogisk utdanning.
Den integrerte lærarutdanninga utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med god fagkunnskap i minst to universitetsfag.
Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.
Studiet skal gi vitskaplege funderte kunnskapar og evner i matematikk og naturvitskap. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.
Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og kompetente til å ta medansvar for elevars læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.
Adjunktutdanninga i matematikk og naturfag har ei sterk matematikk- og naturfagsutdanning som basis og gjev grunnlag for undervisningskompetanse i matematikk og naturfag i ungdomsskulen. I tillegg gjev den moglegheit for å bygge vidare med ei fagleg spesialisering, eller eit tredje skulefag på topp.
Læringsutbyte/resultat
A) Fagleg kunnskap
- Studenten skal ha tileigna seg den fagkunnskapen som gjeld for dei respektive universitetsfaga, og kunne arbeide med fagkunnskapen på ein sjølvstendig måte.
- Studenten skal kunne demonstrere faglig innsikt og kunne anvende fagkunnskapar i arbeid med faglige oppgåver.
- Studenten skal ha utvikla ei sjølvstendig og kritisk haldning til innhaldet i faga og til den rolla faga spelar i skulen og samfunnet.
- Studenten skal kunne setje sentrale styringsdokument for faga i ein historisk og ideologisk samanheng.
- Studenten skal kunne gjere greie for og drøfte grunnlagsspørsmål og teoriar i pedagogikk og fagdidaktikk, og bruke det som grunnlag for kritisk refleksjon over egen undervisningspraksis og tilrettelegging for elevars læring.
B) Tilrettelegging for elevars læring i faga
- Studenten skal kunne bruke faget og undervise i det, ut frå fagleg spesifikke tenkjemåtar, arbeidsmåtar og tekstformer.
- Studenten skal kunne bruke fagleg innsikt i samtale og samarbeid med elevar, kollegaer og foreldre.
- Studenten skal kunne demonstrere fenomen i naturen samt praktisk bruk av matematikk, og leggje til rette for elevers læring gjennom praktisk observasjon og eksperimentering.
- Studenten skal kunne fremme elevers kompetanse til å sjå korleis prinsipp og tenkjemåtar i faget kan nyttast i møte med fagrelaterte utfordringar i samfunnet og ved deltaking i demokratiske prosesser.
- Studenten skal kunne leggje til rette for tilpassa undervisning for den enkelte elev og ulike skuleslag gjennom eit breitt spekter av framgangsmåtar.
- Studenten skal kunne gjennomføre og leggje til rette for faglege dialogar med elevane, individuelt og i grupper, om observasjonar og fenomen i naturen og om fagets omgrep og teoriar gjennom bruk av konkretiseringar og ulike forenklingsnivå.
- Studenten skal kunne utvikle elevars innsikt i og evne til å ta hand om eiga læring.
- Studenten skal kunne møte utfordringar knytte til den fleirkulturelle og fleirspråklege skulen.
- Studenten skal kunne drøfte utfordringar knytt til vurdering for og av læring generelt og særskilt i eigne fag.
- Studenten skal kunne setje dei ulike delane innanfor fagemna saman, og sjå korleis emna heng saman med andre emne, samstundes som ein har auge for det mangfaldet som fagemna spenner over.
C) Profesjonskompetanse
- Studenten skal ha forståing for den rolla faget og skulen spelar for samfunnet som heilskap.
- Studenten skal kunne vise etisk yrkesutøving overfor elevar og ulike samarbeidspartnarar, og ha medvit om lærarens og skulens rolle.
- Studenten skal kunne bidra til eit godt læringsmiljø gjennom demokratiske læringsfellesskap.
- Studenten skal kunne være ein tydelig leiar og i tillegg til kunnskapsformidling beherske dei ulike arbeidsoppgåver som elles ligg til lærarprofesjonen.
- Studenten skal ha kjennskap til og kunne vurdere organiseringsmåtar og styringsformer i skulen.
- Studenten skal ha utvikla kunnskap og innsikt som gjer ein i stand til å utvikle seg vidare som lærar.
- Studenten skal kunne vurdere samt gjennomføre undersøkingar knytt til elevars læring og utvikling og kommunisere resultat munnleg og skriftleg.
- Studenten skal kunne fremme miljømedvit, naturglede og respekt for naturens tålegrenser.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må studenten ha realfagskravet (REALFA). Meir informasjon finn du på http://tinyurl.com/opptak
Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning).
Innføringsemne
Ex.phil, PEDA111 og MAT111/101.
Tilrådde forkunnskapar
For å kunne gjennomføre utdanninga på normert tid bør du ha full fordjuping frå vidaregåande skole i dei faga du ønskjer å spesialisere deg i. Kunnskap tilsvarande 3 klasse matematikk tilrådast.
Obligatoriske emne / spesialisering
I programmet inngår obligatoriske emne i fag, fagdidaktikk og pedagogikk. Desse emna er spesifiserte nedanfor.
Alle studentar må gjennomføre et obligatorisk HMS-kurs før første praksisperiode kor studenten skal stå for undervisning.
Når det gjeld praksis, er det obligatorisk med 15 dagars skuleerfaring fordelt på tre semester og undervisningspraksis samansett av om lag 120 timar undervisning fordelt på to semester. Både skuleerfaring og undervisningspraksis er knytt til emne som inngår i programmet. For nærmare informasjon, sjå emneplan for praksis.
Før avslutta studium skal studenten foreta ein munnleg presentasjon der studenten drøfter ei sjølvvalt problemstilling knytt til skole og læring i eit fag, inkludert studentens eiga grunngjevne ståstad.
Obligatoriske emne:
- MAT101 eller MAT111, MAT121, MAT112, STAT110, BIO110, MOL100, PHYS101, PHYS102, KJEM110, et av emna KJEM100/120/130, samt et valfritt MAT-/STAT-emne
- PEDA111, PEDA112, PEDA113, PEDA114
- RDID100, NATDID201, NATDID202, MATDID201, MATDID202
- Ex.phil, MNF201
Â
Tilrådde valemne
- Ved å velje emne i geologi, geofysikk, biologi, fysikk, kjemi, molekylærbiologi, geografi og liknande, i tillegg til dei obligatoriske 60 studiepoenga i naturfag, aukar du kunnskapane dine for undervisning av naturfag i grunnskulen.
- Ved å velja 10 studiepoeng matematikk i tillegg, får du grunnlag for undervisningskompetanse i programfaget matematikk i den vidaregåande skulen.
- Ved å velja 30 studiepoeng til saman i fysikk, kjemi og/eller biologi til saman får du grunnlag for undervisningskompetanse i skulefaget naturfag i den vidaregåande skulen.
- Ved å velje fagkombinasjonar frå andre fakultet kan du oppnå grunnlag for undervisningskompetanse på ungdomstrinnet i eit tredje skulefag.
For kva emne som legg grunnlag for undervisningskompetanse i dei ulike faga, sjå fakultetets anbefalingar.
Krav til progresjon i studiet
Det stilles både karakter- og progresjonskrav i studiet. Sjå utfyllande reglar for studiet for nærmare informasjon.
Yrkesvegar
Fullført og greidd studium medfører sertifisering som lærar. Utdanninga kvalifiserer først og fremst for undervisningsarbeid med undervisningsstilling som adjunkt i skulen.
For meir informasjon om yrket som lærar, sjå:
http://utdanning.no/yrker/beskrivelse/adjunkt
Adminstrativ ansvarleg
Studiekonsulent Marianne Jensen, Matematisk institutt, studieveileder.laerer@mnfa.uib.no
Delstudium i utlandet
Studentane vert oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta.
I adjunktprogrammet er det 6. semester som er best egna for utanlandsopphald.
Se http://link.uib.no/?1vDGL for mer informasjon.
Fagansvarleg
Lærerutdanningsutvalget ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, laerer@mnfa.uib.no
Undervisningsmetodar
Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåve, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verkty. I tillegg vil det i enkelte emnar inngå laboratoriearbeid, ekskursjonar og rapportskriving. For nærmare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.
Læring gjennom rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.
Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.
I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.
Evaluering
Emne- og programevaluering gjennomføres med jamne mellomrom. Det kan nyttas ulike evalueringsformer.
Meir infomasjon
Ta kontakt på e-post eller telefon: studieveileder.laerer@mnfa.uib.no, 55 58 28 41.
Du kan også finne utfyllende informasjon om programmet på disse nettsidene: http://www.uib.no/matnat/utdanning/laererutdanning-ved-mn-fakultetet
Søknadsprosedyre
For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA). Meir informasjon finn du på http://tinyurl.com/opptak
Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning).
Tilrådde forkunnskapar
Matematikk R1+R2 blir tilrådd. I tillegg bør du ha full fordjuping frå vidaregåande skole i dei faga du eventuelt ønskjer å spesialisere deg i, dersom du skal kunne gjennomføre studiet på normert tid.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.
Antall studieplasser
10 (Talet på studieplassar kan bli justert)
Læringsutbyte/resultat
A) Fagleg kunnskap
- Studenten skal ha tileigna seg den fagkunnskapen som gjeld for dei respektive universitetsfaga, og kunne arbeide med fagkunnskapen på ein sjølvstendig måte.
- Studenten skal kunne demonstrere faglig innsikt og kunne anvende fagkunnskapar i arbeid med faglige oppgåver.
- Studenten skal ha utvikla ei sjølvstendig og kritisk haldning til innhaldet i faga og til den rolla faga spelar i skulen og samfunnet.
- Studenten skal kunne setje sentrale styringsdokument for faga i ein historisk og ideologisk samanheng.
- Studenten skal kunne gjere greie for og drøfte grunnlagsspørsmål og teoriar i pedagogikk og fagdidaktikk, og bruke det som grunnlag for kritisk refleksjon over egen undervisningspraksis og tilrettelegging for elevars læring.
B) Tilrettelegging for elevars læring i faga
- Studenten skal kunne bruke faget og undervise i det, ut frå fagleg spesifikke tenkjemåtar, arbeidsmåtar og tekstformer.
- Studenten skal kunne bruke fagleg innsikt i samtale og samarbeid med elevar, kollegaer og foreldre.
- Studenten skal kunne demonstrere fenomen i naturen samt praktisk bruk av matematikk, og leggje til rette for elevers læring gjennom praktisk observasjon og eksperimentering.
- Studenten skal kunne fremme elevers kompetanse til å sjå korleis prinsipp og tenkjemåtar i faget kan nyttast i møte med fagrelaterte utfordringar i samfunnet og ved deltaking i demokratiske prosesser.
- Studenten skal kunne leggje til rette for tilpassa undervisning for den enkelte elev og ulike skuleslag gjennom eit breitt spekter av framgangsmåtar.
- Studenten skal kunne gjennomføre og leggje til rette for faglege dialogar med elevane, individuelt og i grupper, om observasjonar og fenomen i naturen og om fagets omgrep og teoriar gjennom bruk av konkretiseringar og ulike forenklingsnivå.
- Studenten skal kunne utvikle elevars innsikt i og evne til å ta hand om eiga læring.
- Studenten skal kunne møte utfordringar knytte til den fleirkulturelle og fleirspråklege skulen.
- Studenten skal kunne drøfte utfordringar knytt til vurdering for og av læring generelt og særskilt i eigne fag.
- Studenten skal kunne setje dei ulike delane innanfor fagemna saman, og sjå korleis emna heng saman med andre emne, samstundes som ein har auge for det mangfaldet som fagemna spenner over.
C) Profesjonskompetanse
- Studenten skal ha forståing for den rolla faget og skulen spelar for samfunnet som heilskap.
- Studenten skal kunne vise etisk yrkesutøving overfor elevar og ulike samarbeidspartnarar, og ha medvit om lærarens og skulens rolle.
- Studenten skal kunne bidra til eit godt læringsmiljø gjennom demokratiske læringsfellesskap.
- Studenten skal kunne være ein tydelig leiar og i tillegg til kunnskapsformidling beherske dei ulike arbeidsoppgåver som elles ligg til lærarprofesjonen.
- Studenten skal ha kjennskap til og kunne vurdere organiseringsmåtar og styringsformer i skulen.
- Studenten skal ha utvikla kunnskap og innsikt som gjer ein i stand til å utvikle seg vidare som lærar.
- Studenten skal kunne vurdere samt gjennomføre undersøkingar knytt til elevars læring og utvikling og kommunisere resultat munnleg og skriftleg.
- Studenten skal kunne fremme miljømedvit, naturglede og respekt for naturens tålegrenser.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Obligatoriske emner (krav: 185 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| PEDA111 | Innføring i pedagogikk | 10 | 1 | |||||||||
| BIO101 | Organismebiologi 1 | 10 | - | 2 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | - | 2 | ||||||||
| MAT112 | Grunnkurs i matematikk II | 10 | - | 2 | ||||||||
| PHYS101 | Grunnkurs i mekanikk og varmelære | 10 | - | 5 | ||||||||
| KJEM110 | Kjemi og energi | 10 | - | 3 | ||||||||
| RDID100 | Realfagdidaktikk | 10 | 3 | |||||||||
| PHYS102 | Grunnkurs i elektrisitetslære, optikk og moderne fysikk | 10 | - | 6 | ||||||||
| BIO102 | Organismebiologi 2 | 10 | - | 5 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | - | 7 | ||||||||
| NATDID201 | Naturfagdidaktikk I | 5 | 5 | |||||||||
| PEDA112 | Læringsprosessens møtepunkt: Læring, undervisning og vurdering | 5 | 5 | |||||||||
| PEDA113 | Læringsmiljø: Organisering og leiing | 10 | 7 | |||||||||
| ILPRA101 | Første praksisperiode | 0 | 7 | |||||||||
| MNF201 | Forsking: Vitskapsteori, metode og anvendelse | 10 | 8 | |||||||||
| NATDID202 | Naturfagdidaktikk II | 5 | 8 | |||||||||
| PEDA114 | Læraren sin profesjonalitet og yrkesidentitet | 5 | 8 | |||||||||
| ILPRA102 | Andre praksisperiode | 0 | 8 | |||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | - | 1 | ||||||||
| MATDID201 | Matematikkdidaktikk 1 | 5 | 7 | |||||||||
| MATDID202 | Matematikkdidaktikk 2 | 5 | 7 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM100 | Kjemi i naturen | 10 | - | 3 | ||||||||
| KJEM120 | Grunnstoffenes kjemi | 10 | - | 5 | ||||||||
| KJEM130 | Organisk kjemi | 10 | - | 4 | ||||||||
| Innføringsemne (ex.phil) (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Du kan velje mellom to variantar av ex.phil (NB! seminarvarianten er atterhaldsam nye studentar i haustsemesteret). Vidare vel du mellom to matematikkemne, avhengig av dine kunnskapar i matematikk frå vidaregåande skule. | ||||||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Valgfritt emne i matematikk/statistikk (krav: 5 SP) | ||||||||||||
| Valgfrie emner (krav: 50 SP) | ||||||||||||