Hjem

Integrert masterprogram i aktuarfag og dataanalyse, 5 år.

Ein aktuar er ein forsikringsmatematikar. I aktuarfaget bruker du statistiske og matematiske metodar for å løyse problemstillingar innan forsikring og finans. UiB er for tida det einaste universitetet i Noreg som tilbyr ein femårig integrert master i aktuarfag og dataanalyse, og kompetansen er svært ettertrakta i næringslivet.
  • Lengde5 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar10
  • OpptakskravREALR2
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

I aktuarfaget lærer du å analysere, bruke statistikk og lage modellar for å rekne ut kva risikoen er for at noko kjem til å skje i framtida. Vidare lærer du om kva som kjem til å bli den finansielle ringverknaden dersom visse hendingar finn stad. Denne kunnskapen gjer at du kan hjelpe firma med å kontrollere risiko og unngå å ta for store økonomiske sjansar.  

Du lærer:

  • matematikk, statistikk, programmering, data science og økonomi 
  • å analysere praktiske problemstillingar i finans og forsikring 
  • å gjennomføre berekningar som aktuarar innan livsforsikring og skadeforsikring typisk arbeider med, inkludert fastsetting av forsikringspremiar og kapitalreservar  
  • å beherske grunnleggande økonomiske modellar 

Studiekvardag 

Integrert master i aktuarfag og dataanalyse er eit fulltidsstudium der du gjennomfører tre emne (fag) per semester. Kvart av desse emna har som hovudregel fire timar forelesing og to til fire timar reknegruppe/seminar i veka. Du må difor rekne med 18-24 timar undervisning i veka.

Aktuarfag og dataanalyse høyrer til ved Matematisk institutt. Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.     

Matematisk institutt har ei felles studentforeining som arrangerer sosiale samlingar, spillkveldar, filmklubb, hytteturar, pub-lectures, eksamensfestar, feiring av Pi-dagen, juleverkstad, idrettsarrangement og meir til.   

Kva kan du jobbe som? 

Programmet er utfordrande, men gir deg enormt gode jobbmoglegheiter. Det er sterk etterspørsel etter aktuarar, ettersom alle forsikringsselskap har ein aktuarfunksjon som skal berekne kapitalkrav. 

Som aktuar kan du få jobb innan  

  • livsforsikring og skadeforsikring  
  • kapitalforvaltning  
  • bank/finans  
  • offentleg forvaltning  
  • forsking  

Våre studentar har blant anna fått jobb i Statens Pensjonsfond Utland (Oljefondet), Tryg Forsikring, Gjensidige, DNB, Frende Forsikring, Sparebank1 gruppa, Nordea Liv, PWC, EY, DNB Markets og Norwegian Hull Club.  

Fullført grad tilsvarer også ein mastergrad i statistikk, noko som betyr at du kan velje å jobbe som meir tradisjonell statistikar, som for eksempel i medisinsk statistikk.   

Opptakskrav og søknadsfrist 

Opptakskrav: REALR2.

Søknadsfristen er 15. april 

Studiets oppbygging 

Slik kan studiet sjå ut:   

1. semester

  • Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)  
  • Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)  
  • Grunnkurs i statistikk (STAT110, 10 studiepoeng) 

2. semester

  • Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng)  
  • Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng)  
  • Statistiske metodar (STAT111, 10 studiepoeng)  

3. semester

  • Innføring i data science (INF161, 10 studiepoeng)  
  • Innføring i numeriske metodar (MAT160, 10 studiepoeng)   
  • Valfritt emne (10 studiepoeng) 

4. semester

  • Differensiallikningar (MAT131, 10 studiepoeng)  
  • ExPhil seminarmodell eller eksamensmodell (EXPHIL-MNSEM eller EXPHIL-MNEKS, 10 studiepoeng) 
  • Makroøkonomi (ECON130, 10 studiepoeng) 

5. semester

  • Stokastiske prosessar (STAT220, 10 studiepoeng) 
  • Skadeforsikringsmatematikk og risikoteori (STAT231, 10 studiepoeng) 
  • Valfritt emne (10 studiepoeng) 

6. semester 

  • Prosjektarbeid i statistikk (STAT292, 10 studiepoeng)  
  • Statistisk inferensteori (STAT210, 10 studiepoeng) 
  • Livsforsikringsmatematikk (STAT230, 10 studiepoeng) 

7. semester  

  • Generaliserte lineære modellar (STAT201, 10 studiepoeng) 
  • Statistisk læring * (STAT260, 10 studiepoeng) 
  • Valfritt emne (10 studiepoeng) 

8. semester

  • Monte Carlo-metodar og Bayesiansk statistikk * (STAT250, 10 studiepoeng) 
  • Finansteori (STAT240, 10 studiepoeng) 
  • Masteroppgåve, tas over fleire semester (AKTUA399, 10 studiepoeng) 

9. semester

  • Valfritt emne (10 studiepoeng) 
  • Masteroppgåve, over fleire semester (AKTUA399, 20 studiepoeng) 

10. semester  

  • Masteroppgåve, over fleire semester (AKTUA399, 30 studiepoeng) 

*Du må ta eitt av desse emna

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i eitt semester, gjerne i tredje eller fjerde studieår. Vi anbefaler å reise til eit universitet som har aktuarutdanning, ettersom det da blir lettare å finne relevante fag.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter fullført mastergrad kan du søke på stilling som doktorgradsstipendiat (PhD). 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen for master i lektorprogram i naturvitskap og matematikk

Søk her