Biodiversitet, evolusjon og økologi

Fakta om studiet

StudiekodeMAMN-BIO
Studiepoeng120
Varigheit2 år
GradMaster i biologi
UndervisingsspråkEngelsk
StudiestartHaust (hovudopptak), vår (supperingsopptak)
RessursarStudieplan
TilhørerInstitutt for biologi

Kontakt

Meir informasjon

Ta kontakt med studierettleiar:

studie@bio.uib.no

stelefon 55 58 33 45

Presentasjon

Mål og innhald

Studieprogrammet skal gje studentane ei brei innføring i økologisk, evolusjonær eller systematisk forsking. Programmet gjer undervising i tema som omhandlar skalaen frå enkeltindivid til biogeografimønster, og studentane kan fordjupe seg i både teoretiske og anvendte problemstillingar. Gjennom val av emne og det sjølvstendige arbeidet skal studentane opparbeide seg spesialkompetanse. I arbeidet med mastergradsoppgåva skal studentane få trening i vitskapleg arbeidsmetodikk. Etter fullført studie skal kandidatane ha fått innsikt i kunnskapsproduksjon og ha utvikla evne til kritisk tenking basert på faglig funderte kunnskapar. Moglege masteroppgåver kan bli gitt innanfor forskingsfelt som åtferdsøkologi, biodiversitet, biogeografi, evolusjonsbiologi, kvantitativ økologi, landskapsøkologi, palaeoøkologi, parasittologi, populasjonsbiologi, populasjonsgenetikk, taksonomi og systematikk, vegetasjonshistorie og pollenanalyse.

Fagleg profil

Moglege masteroppgåver kan bli gitt innanfor botanikk og zoologi med spesialiseringar og problemstillingar innanfor åtferdsøkologi, biodiversitet, biogeografi, evolusjonshistorie, kvantitativ økologi, landskapsøkologi, palaeoøkologi, parasittologi, populasjonsbiologi, systematikk, vegetasjonshistorie og pollenanalyse.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i biologi - biodiversitet, evolusjon og økologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Opptak

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og

1. november for studiestart i januar.

Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (supperingsopptak)

Opptakskrav

Opptakskrav er bachelorgrad i biologi eller tilsvarende utdanning, og BIO201 Økologi. Annen bakgrunn vil kunne bli vurdert som tilstrekkelig for opptak avhengig av spesialisering studenten velger.
Faglig minstekrav er karakteren C eller bedre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er flere søkere til et program enn det er plasser, vil søkerene bli rangerte etter karakterene i opptaksgrunnlaget

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Studieløp

Masterprogram i biologi (krav 120 SP)
Studieretning
Biodiversitet, evolusjon og økologi (krav 120 SP)
Obligatorisk emne (krav 20 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
BIO301Aktuelle tema i biodiversitet, evolusjon og økologi101–21
BIO300Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett101–22
Valfritt emne (krav 40 SP)
Vel valemna i samråd med din faglege rettleiar
Masteroppgåve i biologi (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
BIO399Masteroppgåve i biologi603
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester