Hjem

Utdanning

Marinbiologi

  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust/Vår
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Studieretninga har som mål å utdanne marinbiologar med generell oversikt og kunnskap om: sentrale prosessar og typiske mønster i det marine økosystemet, flora og fauna i karakteristiske marine habitat, marine organismar sin biologi og økologi, og vanlege forskingsmetoder innan feltbasert, eksperimentell og teoretisk orientert forsking på marine økosystem.

Det sjølvstendige forskingsprosjektet kombinert med fordjupingskurs og spesialpensum gjev ein meir spesialisert og djuptgåqande kunnskap om utvalte forskingstema og forskingsmetoder. Aktuelle fagområde for forskingsprosjekt er marin økologi, , marin organismebiologi, biogeografi, populasjonsgenetikk, invasjonsbiologi, biosystematikk samt evolusjonære problemstillingar basert på studiet av marine organismar.

Masterstudenten utviklar også generelle ferdigheiter i å definere, planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig forskings-/utgreiingsprosjekt, og å dokumentere og drøfte vitskapelege resultat gjennom ei skriftleg avhandling.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kunnskapar

  • Forklare sentrale begrep og fagtermer i biologi og marinbiologi
  • Beskrive typiske marine habitater med tilhørende flora og fauna
  • Kjenne til oseanografiske drivkrefter i marine systemer
  • Forstå interaksjoner mellom marine organismer og miljø, og tilpasninger hos marine organismer
  • Forstå dynamikken og strukturerende prosesser i marine populasjoner og artssamfunn
  • Anvende marine forskningsmetoder og forstå deres begrensninger og feilkilder
  • Anvende fagkunnskap til å belyse og/eller løse problemstillinger av forvaltningsmessig karakter

Ferdigheiter

  • Bruke grunnleggjande marinbiologiske metodar
  • Utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
  • Handtere og presentere kvantitative data, samt vurdere tiltru til konklusjonar med bruk av grunnleggjande statistiske prinsipp
  • Analysere marinbiologiske problemstillingar og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av relevant teori og metode
  • Hente inn, vurdere og ta i bruk ny kunnskap innanfor fagområdet
  • Analysere, tolke og drøfte eigne data på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde

Generell kompetanse

  • Kunne følgje vitskapelege diskusjonar generelt og kunne vurdere innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • Kunne gjeve ein god skriftleg og munnleg framstilling av vitskapelege tema og forskingsresultat
  • Kunne kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor marinbiologi, både med spesialistar og til allmennheita
  • Kunne reflektere over sentrale, etiske og vitskapelege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • Vise forståing og respekt for vitskapelege verdiar som det å vere nøyaktig, open, ærleg, objektiv, sakleg og å skilje mellom kunnskap og eigne meiningar

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak)

Opptakskrav

Bachelor i biologi eller tilsvarande utdanning og fortrinnsvis BIO201 Økologi (10 sp) eller BIO213 Marin økologi (10 sp) eller tilsvarande.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

img_2110_klippet.jpg

Marine biology
Foto:
Aurélien Delaval
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen