Mikrobiologi

Foto: Mikal Heldal

Fakta om studiet

StudiekodeMAMN-BIO
Studiepoeng120
Varigheit2 år
GradMaster i biologi
UndervisingsspråkEngelsk
StudiestartHaust (hovudopptak), vår (supperingsopptak)
RessursarStudieplan
TilhørerInstitutt for biologi

Presentasjon

Mål og innhald

Mikrobiologi er læra om dei mikroskopiske organismeformene: bakteriar, arkeer, sopp, eincella algar og protozoar, og omfattar òg virus. Sentralt i faget er studiet av mikroorganismane sine eigenskapar og deira funksjonar i ulike miljø. Faget spenner frå grunnleggjande cellebiologiske og molekylære problemstillingar til økologi og utnytting av mikroorganismane i praktisk og kommersiell samanheng. Mikrobiologi er et viktig fag i mange samanhengar, som til dømes innan: matvareindustri, medisin og veterinærmedisin, jordbruk, oljeindustri, bioteknologi og i forhold til miljø og økologiske prosessar i naturen. Kunnskap i mikrobiologi er derfor viktig og har stor betyding for samfunnet og vår forståing av livets opprinnelse og mangfald på jorda og som modellsystem for mogeleg utanomjordisk liv. Målet med mastergraden er å gje innsikt i faget gjennom teoretisk, eksperimentell og anna relevant verksemd, slik at studenten får ei heilskapleg forståing av mikroorganismane sine eigenskapar, aktivitetar og roller i naturen. Mastergraden med mikrobiologi skal gjere studenten skikka til å gå inn i et breitt utval av stillingar der mikrobiologi er relevant.

Opptak

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på

http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (supperingsopptak)

Opptakskrav

Bachelorgrad i biologi eller tilsvarande utdanning (t.d. Bioingeniør). Annan bakgrunn kan bli vurdert som tilstrekkeleg for opptak, avhengig av kva for spesialisering du vel. BIO215 Mikrobiologi, BIO218 Eksperimentell mikrobiologi og BIO217 Mikrobiell økologi ,eller andre spesialiseringemne i mikrobiologi, må inngå i bachelorgraden eller som ein del av mastergraden.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Studieløp

Masterprogram i biologi (krav 120 SP)
Studieretning
Mikrobiologi (krav 60 SP)
Obligatorisk emne (krav 40 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
BIO215Mikrobiologi101–42
BIO217Mikrobiell økologi101–42
BIO218Eksperimentell mikrobiologi101–41
BIO300Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett101–42
Valfritt emne (krav 20 SP)
Vel valemna i samråd med din faglege rettleiar
Masteroppgåve i biologi (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
BIO399Masteroppgåve i biologi603
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester