Hjem

Utdanning

Studieretning

Fornybar energi

  • Lengde2 år
  • StudiestartHaust (hovudopptak) og vår (suppleringsopptak).
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Masterprogrammet i energi med studiretning fornybar energi gir spisskompetanse i ei eller fleire former for fornybar energi og ei brei innføring i energiteknologi og energisystem. Studiet har som mål å utdanne kandidatar med naturvitskapleg og teknologisk kompetanse som er veleigna for arbeid i næringsliv så vel som i forvaltning og universitets- og høgskulesektoren.

I prosjektarbeid og rettleiing av masteroppgåve, men også i emneundervisning, vert det lagt vekt på å utnytte forskingskompetanse og ekspertise frå universitetets fagmiljø og eksterne fagmiljø innan energi.

Graden

Masterprogrammet i energi førar fram til graden Master i energi.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

- viser solide vitskapleg funderte kunnskapar om fornybare energikjelder

- kan beskrive og forstå energiteknologi og energisystem

- har omfattande kunnskap om og dugleik innan eit eller fleire av felta vindkraft, bølgje- og tidevassenergi, geotermisk energi, global energi- og klimautviking, miljøkonsekvensar av fornybar energi, nedbør, snøsmelting og vannkraft, solenergi og energianalyse og- optimering,

- kjenner til spesialiserte område innan matematikk, fysikk, informatikk, geovitskap, kjemi eller meteorologi og oseanografi

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan bruke moderne metodar innan fagfeltet

- er i stand til å planlegge og gjennomføre eit forskingsprosjekt i samråd med rettleiar, men med stor grad av sjølvstende

Generell kompetanse

Kandidaten

- har trening i å skrive og presentere avsluttande prosjektrapport i tråd med god vitskapleg praksis.

- kan setja fram og teste hypotesar og trekkje slutningar av eige arbeid med referansar til vitskapleg litteratur.

- er istand til å skrive ei vitskapeleg avhandling som gjev ny kunnskap om temaet.

- kan analysere og reflektere over aktuelle etiske problemstillingar knytt til forskinga.

- demonstrerer forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Dersom du ynskjer eit utanlandsopphald under masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust

For søknadsfristen 15. april 2018 må søkarar søke på Masterprogrammet i energi, og ikkje på studieretningane.

For meir informasjon om Masterprogrammet i energi sjå: http://www.uib.no/studieprogram/MAMN-ENERG

Opptakskrav

For søknadsfristen 15. april 2018 må søkarar søke på Masterprogrammet i energi, og ikkje på studieretningane.

For meir informasjon om Masterprogrammet i energi sjå: http://www.uib.no/studieprogram/MAMN-ENERG

Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen

Kontakt

Geofysisk institutt

Studierettleiaren ved Geofysisk institutt.

E-mail adresse: energimaster@gfi.uib.no