Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i fiskeribiologi og forvalting

Oppstart

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Målet med programmet er å gi deg innsikt i og oversikt over fagområdet fiskeribiologi, med vekt på korleis utnytting og andre ytre faktorar verker på dei levande ressursane i havet. Når du har gjennomgått programmet skal du ha fått grunnleggande kunnskapar om systematikk, anatomi, fysiologi, åtferd, utvikling, livshistorie og økologi hos fiskar samt kunnskapar om oseanografi og marine økosystem. Du vil også ha ei basal forståing av fiskestammar sin populasjonsstruktur, fiskereiskapar sine funksjonar og seleksjonsmønster, utnyttingsstrategiar av fiskestammar frå utvalde økosystem og enklare populasjonsdynamiske modellar, samt kunnskap om korleis økologiske faktorar saman med fiskeri påverkar utviklinga av fiskestammane. Du vil også få praktisk erfaring frå fiskeribiologisk arbeid i laboratoriet, i felt og på forskingsfartøy. I tillegg vil du ha erfaring frå gjennomføring av eit forskingsarbeid basert på eit materiale innsamla i laboratorium eller felt, alternativt på tidsseriar av biologiske data. Masteroppgåva kan også vere basert på utvida litteraturstudie.

Studiestart

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande, helst i biologi eller havbruksbiologi. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i fiskeribiologi og forvalting. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Obligatoriske emne / spesialisering

Masterprogrammet i fiskeribiologi og forvalting omfattar eit sjøstendig vitskapleg arbeid på 60 studiepoeng (masteroppgåve) samt emne på til saman 60 studiepoeng. Dei obligatoriske emna er BIO280 Fiskebiologi I - Systematikk og anatomi (10 stp), MAR230 Fiskeriøkologi (10 stp), MAR330 Ansvarleg fangst (5 stp), BIO300 Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett (10 stp) og MAR331 Fiskeriforvalting (10 stp). Viss du har tatt nokon av desse emna tidlegare, vel du andre emne i samråd med rettleiaren din.

Tilrådd studieplan:

4. V Oppgåve
3. H Oppgåve
2. V MAR331 MAR330 BIO280 Val/Oppgåve
1. H BIO300 MAR230 Val

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

Undervisningsmetodar

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.

Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Når masteroppgåva er innlevert, godkjent og vurdert, avsluttes studiet med ein munnleg mastergradseksamen.

Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F

Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Yrkesvegar

Studiet skal gi eit godt grunnlag for arbeid i offentleg forvalting, næringsliv og skoleverk (dersom pedagogisk utdanning i tillegg) samt for vidare doktorgradsstudium innan fiskeribiologi og tilgrensande fagfelt med moglegheiter for forskarstillingar ved universitet, høgskolar og forskingsinstitutt som Havforskingsinstituttet.

Adminstrativ ansvarleg

Institutt for biologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost: studie@bio.uib.no

MAMN-FIFO/Masterprogram i fiskeribiologi og forvaltning
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, høst - -
Utenlandsopphold, vår - -
Obligatoriske emne (krav: 20 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MAR331 Fiskeriforvaltning 10 1-4 1
MAR330 Ansvarlig fangst 5 1-4 1
MAR230 Fiskeriøkologi 10 1-4 2
BIO280 Fiskebiologi I -Systematikk og anatomi 10 1-4 1
BIO300 Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett 10 1-4 2
Valfritt emne (krav: 10 SP)
Masteroppgåve (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
FIFO399 Masteroppgåve i fiskeribiologi og forvaltning 60 3