Profesjonsstudium i fiskehelse
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Oppbygging
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Kontakt
- Opptak
- Læringsutbyte
- Studieløp
Introduksjon
Kva gjer ein fisk sjuk? Korleis kan ein hindre utbrot av sjukdom? Å forstå biologien til organismar og korleis immunsystemet til fisken fungerer, er viktig for å ha ei berekraftig oppdrettsnæring.
På studiet i fiskehelse lærer du om alle dei aspekta som heng saman med helse og sjukdom hos akvatiske organismar. Du får grundig innsikt i infeksjonssjukdomar forårsaka av virus, bakteriar, sopp og parasittar, i tillegg til andre forhold som har stor betydning for helse slik som miljø og ernæring. Du lærer om korleis sjukdom påverkar fisken, om førebyggande tiltak og diagnostikk, og om korleis ein behandlar sjukdom.
Studiet omfattar utdanning til arbeid i den primære fiskehelsetenesta og offentleg forvaltning og gir innsikt i organisering og lovverk knytt til oppdrett og sjukdom. Du lærer om biologiske forhold og får innsikt i globale miljø- og helseperspektiv. Studiet skal skjerpe dei etiske refleksjonane dine og medvitet ditt når det gjeld dyrehald og dyreforsøk.
Profesjonsstudiet i fiskehelse kvalifiserer deg til å bli autorisert som fiskehelsebiolog. Fiskehelsebiologar kan behandle sjukdommar og skrive ut reseptar på legemiddel til havbruksnæringa. Dei fleste fiskehelsebiologar går rett ut i fast jobb etter fullført utdanning.
Visste du at ...
I løpet av studiet får du praksisperiodar i havbruksnæringa og fiskehelsetenesta.
Studievegar
- Profesjonsstudium
Det femårige profesjonsstudiet er sett saman av grunnleggande biologiske emne i evolusjon og økologi, organismebiologi og biodiversitet, cellebiologi og genetikk og komparativ fysiologi. Du vil òg få kunnskap om molekylærbiologi, kjemi og marine økosystem og vannkvalitet. Videre gis det spesialisering mot havbruksbiologi og fiskehelse gjennom emner i fiskebiologi og fysiologi, havbruksbiologi, ernæring hos fisk, forvalting og lovverk, etikk og velferd, bakteriologi, parasittologi, immunologi, fiskehistopatologi og farmakologi. Du må også gjennom praksisperiodar i havbruksnæringa og fiskehelstjenesta.
- Forsking
Ved UiB blir det forska på mange område av fiskerinæringa: akvatisk åtferdsøkologi, evolusjonær fiskeriøkologi, fiskeimmunologi, fiskeriøkologi og havbruk, marin biodiversitet og utviklingsbiologi hos fisk. Det finst også ei gruppe som studerar typiske fiskesjukdommar som lus og parasittar.
- Sjå også desse studia
Biologi, havbruksbiologi, molekylærbiologi
Oppbygging
Profesjonsstudiet i fiskehelse skal oppfylle krava for autorisasjon som fiskehelsebiolog. Derfor blir det stilt strenge krav til innhaldet i studiet. Det er også årsaka til at dei fleste elementa i studieplanen er obligatoriske.
I dei to siste semestra skriv du ei masteroppgåve om eit aktuelt emne frå fagfeltet. Du kan velje om du vil skrive oppgåva i løpet av eitt eller to semester. Dersom du vel ei oppgåve på eitt semester, tek du i tillegg eit ekstra semester med kurs/spesialpensum/praksis.
Profesjonsstudiet i fiskehelse vil da sjå slik ut:
10. semester
Oppgåveskriving
9. semester
Praksis eller Oppgåveskriving
8. semester
Fiskesjukdommar - Virologi
Farmakologi
Vannkvalitet og Praksis
7. semester
Fiskesjukdommar - Immunologi
Fiskesjukdommar - Parasittologi
Fiskehistopatologi
6. semester
Praksisperiode, lovverk og forvalting i havbruk
Etikk og velferd hos akvatiske organismar
Fiskesjukdommar - Bakteriologi
5. semester
Innføring i havbruksbiologi
Ernæring hos sk
Fiskebiologi II - Fysiologi
4. semester
Molekylærbiologi
Cellebiologi og genetikk
Næringsmiddelmikrobiologi med spesiell relevans til sjømat
3. semester
Akvatisk økologi
Fiskebiologi I - Anatomi og systematikk
Organismebiologi !!
2. semester
Organismebiologi !
Kjemi
Examen Philosophicum
1. semester
Evolusjon og økologi
Matematikk
Kjemi
Utveksling
Innhaldet i profesjonsstudiet i fiskehelse skal oppfylle krava for autorisasjon som fiskehelsebiolog, og vi har derfor ikkje eit tilrettelagt utanlandsopphald i graden. Du kan likevel få hjelp av oss til å finne eit særskilt delstudium ved eit av våre samarbeidsuniversitet som kan integrerast i profesjonsstudiet.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Yrkesvegar
Gjennomført masterprogram i fiskehelse gir rett til tittelen fiskehelsebiolog. Dette er ein tittel som er verna av lovverket, og som kvalifiserer for arbeid i havbruksnæringa, fiskehelsetenesta, forvalting, og utdannings- og forskingsinstitusjonar. Utdanninga kvalifiserer også til vidare doktorgradsstudium.
Mål og innhald
Fiskehelsestudiet har ei naturvitskapleg basis og profil. Studentane skal gjennom forskingsbasert undervisning lære om akvatiske organismars biologi, om patogene, og om innverknad av miljøfaktorar, dvs om forhold som kan medføre utvikling av sjukdom og skade. Studentane skal lære framtidsretta og hensiktsmessige metodar for diagnostikk, samt gis ei grundig innsikt i førebygging og behandling av sjukdom og skader hos akvatiske organismar. Utdanninga innan fiskehelse skal dekke eit bredt spekter som omfattar virke innan havbruksnæringen, fiskehelsetenesta, forvaltning, samt utdannings- og forskingsinstitusjonar. Utdanninga skal særlig gi innsikt i akvatiske organismars biologi og interaksjonar mellom disse, patogene, og ytre miljøfaktorar. Vidare, skal utdanninga famne den primære fiskehelsetenesta og gi innsikt i organisering og lovverk knytte til oppdrett og sjukdom. Studiet skal bidra til å skjerpe studentanes etiske refleksjonar og bevisstheit om dyrehald og dyreforsøk, fremme respekt og forståing for biologiske forhold og gi innsikt i globale miljø- og helseperspektiv. Gjennom faglig fordjuping skal studentane utvikle sjølvstendig kritisk, vitskapelig tenking og bevisst tilnærming, tolking og framstilling av forskingsresultat. Programmet skal tilfredsstille de krav som settes til autorisasjon som fiskehelsebiolog, og det stilles derfor strenge krav til studiets innhald og de fleste element i studieplanen er derfor obligatorisk. Studentar som har oppnådd master i fiskehelse får den lovbeskytta tittelen Fiskehelsebiolog (Aquamedicine biologist), etter søknad til Mattilsynet. Fiskehelsebiolog er sidestilt med tittelen veterinær i norsk lovverk og kandidatar som har fått tildelt tittelen har same rettar som veterinærar når det gjeld å behandle sjukdom i havbruksnæringen. Tittelen gir avgrensa reseptrett.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført profesjonsstudium i fiskehelse skal kandidaten kunne:
- beskrive fiskens anatomi, fysiologi, ernæring etc., og forhold knyttet til marine økosystemer
- greie ut om sykdomsfremkallende organismer på oppdrettsarter og villfisk, og hvordan immunsystemet hos fisk fungerer
- forklare andre forhold som kan medføre sykdom og skade i oppdrett
- drøfte relevante og hensiktsmessige metoder innenfor diagnostikk
- presentere ulike prinsipper og strategier for vaksinasjon
- gjøre rede for organisering og lovverk knyttet til oppdrett og sykdom
- stille riktige diagnoser og behandle relevante sykdommer hos fisk
- gi råd om forebyggende tiltak
- lese og forstå vitenskapelige arbeid
- forklare biologiske forhold i et globalt miljø- og helseperspektiv
- foreta etisk veloverveide avgjørelser i forhold til dyrehold og dyreforsøk
Opptakskrav
Matematikk R1 eller (S1 + S2) + Matematikk (R1+R2) eller Fysikk (1+2) eller Kjemi (1+2) eller Biologi (1+2) eller Informasjoneteknologi (1+2) eller Geofag (1+2) eller Teknologi og forskningslære (1+2)
Obligatoriske emne / spesialisering
Mastergradsprogrammet i fiskehelse er eit integrert 5-årig profesjonsstudium og skal innehalde 300 studiepoeng som både støtter opp om og gir fordjuping i fagfeltet, inklusive eit sjølvstendig vitskapelig arbeid (masteroppgåve) som utarbeidast under rettleiing.
Mastergraden i fiskehelse omfattar
- Eit sjølvstendig vitskapelig arbeid (masteroppgåve) på 60 eller 30 SP og
- Emne på til saman 240 eller 270 SP
Første del av studiet gir grunnleggande kunnskap frå relevante område innan allmenn kjemi, biologi, mikrobiologi, biokjemi/molekylærbiologi, matematikk, og dessutan fiskebiologi og kunnskap om det marine økosystemet. Vidare gis det faglig spesialisering innan havbruksbiologi med innføring i emne som havbruksbiologi, ernæring hos fisk, og fiskefysiologi. spesialiseringa held fram med ein praksisperiode i havbruksnæringa, lovverk og forvalting, etikk og velferd hos akvatiske organismar samt bakteriologi.
Siste 2 år av studiet gir fagleg fordjuping i alle aspekt knytte til helse og sjukdom (virus, bakteriar, sopp og parasitter) hos akvatiske organismar med vekt på førebyggande tiltak, diagnostikk og behandling.
I tillegg skal studenten skrive eit sjølvstendig vitskapelig arbeid (masteroppgåve) på enten 30 eller 60 studiepoeng.
Anbefalt studieplan:
10. V Oppgåve
9. H Oppgåve/Val* Oppgåve/Semesteroppgåve (15 SP)* Oppgåve/Val*
8. V BIO271 BIO274 BIO375 (5SP)+BIO376 (5 SP)
2. V Ex.phil BIO101 KJEM 130/KJEM 110
1. H BIO100 MAT101/MAT111 KJEM110/KJEM100
*Masteroppgåva er på 30 eller 60 SP. For 60 SP oppgåve, tar studentane ikkje valemne og Semesteroppgåve. For 30 SP. oppgåve, tar studentane Semesteroppgåve, samt valfrie emne på 15 SP.
Yrkesvegar
Gjennomført masterprogram i fiskehelse gir den lovbeskyttede tittelen Fiskehelsebiolog (Aquamedicine biologist), etter søknad til Statens dyrehelsetilsyn. Fiskehelsebiolog er sidestilt med tittelen veterinær i norsk lovverk og kandidater som har fått tildelt tittelen har samme rettigheter som veterinærer når det gjeld å behandle sykdom i havbruksnæringen. Utdanningen kvalifiserer for arbeid i havbruksnæringen, fiskehelsetjenesten, forvaltning og institusjoner innen utdanning og forskning.
Adminstrativ ansvarleg
Institutt for biologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost studie@bio.uib.no, tlf: 55 58 44 00
Delstudium i utlandet
Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utenfor Europa. På masterprogram i fiskehelse vel vi i tillegg ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbudet som er best for våre studenter. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Meir infomasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30
Søknadsprosedyre
For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
profesjonsstudiet i fiskehelse.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og
REALFA: Matematikk R1 eller (S1+S2) OG fordjuping i eitt realfag (R1+R2) eller FYS(1+2) eller KJE(1+2) eller BIO(1+2) eller INFO(1+2) eller GEO(1+2) eller TEK(1+2)
Tilrådde forkunnskapar
Forkunnskapar tilsvarande Biologi 2 og Kjemi 2.
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 44,8Førstegangsvitnemål: Alle
Antall studieplasser
10
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søker, finn du på uib.no.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført profesjonsstudium i fiskehelse skal kandidaten kunne:
- beskrive fiskens anatomi, fysiologi, ernæring etc., og forhold knyttet til marine økosystemer
- greie ut om sykdomsfremkallende organismer på oppdrettsarter og villfisk, og hvordan immunsystemet hos fisk fungerer
- forklare andre forhold som kan medføre sykdom og skade i oppdrett
- drøfte relevante og hensiktsmessige metoder innenfor diagnostikk
- presentere ulike prinsipper og strategier for vaksinasjon
- gjøre rede for organisering og lovverk knyttet til oppdrett og sykdom
- stille riktige diagnoser og behandle relevante sykdommer hos fisk
- gi råd om forebyggende tiltak
- lese og forstå vitenskapelige arbeid
- forklare biologiske forhold i et globalt miljø- og helseperspektiv
- foreta etisk veloverveide avgjørelser i forhold til dyrehold og dyreforsøk
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Innføringesemne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT101 | Brukarkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| Spesialisering i fiskehelse (krav: 220 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| BIO100 | Innføring i evolusjon og økologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| KJEM110 | Kjemi og energi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| BIO101 | Organismebiologi 1 | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| BIO102 | Organismebiologi 2 | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| BIO213 | Marin økologi | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| BIO280 | Fiskebiologi I -Systematikk og anatomi | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| BIO103 | Cellebiologi og genetikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| BIO207 | Næringsmiddelmikrobiologi med spesiell relevans til sjømat | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| MOL100 | Innføring i molekylærbiologi | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| BIO203 | Innføring i havbruk | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| BIO206 | Ernæring hos fisk | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| BIO291 | Fiskebiologi II -Fysiologi | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| BIO204 | Etikk og velferd hos akvatiske organismer | 10 | 1-8 | 6 | ||||||||
| BIO205 | Praksisperiode, lovverk og forvaltning i akvakultur | 10 | 1-8 | 6 | ||||||||
| BIO272 | Fiskesjukdommar - bakteriar, sopp og ikkje-infeksiøse sjukdommar | 10 | 1-8 | 6 | ||||||||
| BIO270 | Fiskesjukdommar - parasittar | 10 | 7-10 | 7 | ||||||||
| BIO273 | Fiskesjukdommar - fiskeimmunologi | 10 | 7-10 | 7 | ||||||||
| BIO381 | Fiskehistopatologi | 10 | 7-10 | 7 | ||||||||
| BIO271 | Fiskesjukdommar - virologi | 10 | 7-10 | 8 | ||||||||
| BIO274 | Fiskesjukdommar - farmakologi | 10 | 7-10 | 8 | ||||||||
| BIO375 | Fiskesjukdommar - vannkvalitet | 5 | 7-10 | 8 | ||||||||
| BIO376 | Innføringskurs i praktisk fiskehelsearbeid | 5 | 7-10 | 8 | ||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM100 | Kjemi i naturen | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| KJEM130 | Organisk kjemi | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| Masteroppgave (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| FISK399 | Masteroppgåve i fiskehelse | 60 | 9 | |||||||||