Hjem

Utdanning

Bioinformatikk

  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust/Vår
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

I studieretninga bioinformatikk studeres utvikling og bruk av informatikkmetodar for å bidra til å løyse problem innan molekylærbiologi. Ein skal få innsikt i ein del sentrale problem og konsept innan molekylærbiologi og ei generell forståing for korleis informatikk kan nyttast i dette feltet. Det omfattar metodar for å representere data og kunnskap samt utvikling og bruk av algoritmar og metodar fra maskinlæring og statistikk. Studiet gir god trening i å sette seg inn i eit vitskapeleg anvendelsesområde og erfaring med tverrfagleg arbeid gjennom konkret programvareutvikling og dataanalyse.

Fagleg profil

Bioinformatikkgruppa ved UiB var den første som blei etablert nasjonalt, og ei av dei første internasjonalt. Dei har utstrakt internasjonalt samarbeid. Det er oppretta eit eige senter i bioinformatikk (CBU, Computational Biology Unit), som er nært tilknytt gruppa, mellom anna gjennom samlokalisering. Masterstudentane kan få rettleiing frå forskarar på CBU. Meir informasjon finn du på heimesidene til gruppa og på www.cbu.uib.no.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informatikk - bioinformatikk. Studiet er toårig (120 Studiepoeng).

Kva lærer eg

Læringsutbyte

 Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

- Kan forklare det teoretiske grunnlaget for grunnleggjande bioinformatiske metodar, og drøfte og grunngje val av metodar for å løyse aktuelle problem

- Kan gjere reia for og drøfte teori og/eller vitskaplege artiklar innan valde, vidaregåande emne innan bioinformatikk og eventuelt tilstøytande fagfelt

- Kan syne at ein har avansert kunnskap innanfor informatikk generelt, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område innan bioinformatikk knytt til mastergradsprosjektet

- Har tilstrekkjeleg kunnskap innan eit biologisk fagfelt (t.d. molekylærbiologi) til å kunne jobbe i interdisiplinære samarbeid

Ferdigheiter:

Kandidaten

- Kan utvikle program for å gjennomføre bioinformatiske analyser

- Kan bruke sentrale databaser, verktøy og programmeringsbibliotek innen bioinformatikk

- Kan planleggje og gjennomføre analyser av reelle eller simulerte molekylærbiologiske data og vurdere resultata i lys av hypotesane som blir testa

- Kan utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer

- Kan hente inn, analysere og anvende ny kunnskap innanfor fagområdet

- Kan analysere og halde seg kritisk til vitskaplege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan bioinformatikk

- Kan analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av metodar og teoriar innan sitt fagområde

Generell kompetanse:

Kandidaten

- Kan analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på

- Kan framstille vitskapelege tema og forskingsresultat på ein god måte både skriftleg og munnleg.

- Kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor bioinformatikk, både med spesialistar og til allmennheita

- Kan reflektere over sentrale, etiske og vitskapelege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid

- Kan demonstrere forståing og respekt for vitskaplege verdiar som openheit, presisjon, pålitelegheit og betyding av å skilje mellom kunnskap og meiningar.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Dersom du ønskjer eit utlandsopphald i masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Enten bachelorgrad i informatikk frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk.

Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar. Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene.


Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget (20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk). Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon