Hjem

Utdanning

Optimering

  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust/Vår
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Masterstudentar i optimering arbeider med metodar for å formulere og løyse optimeringsproblem på ein datamaskin. Under studiet lærer ein seg både modellering, det vil seie å uttrykke praktiske problem i form av matematiske modellar, og å utvikle algoritmar for å finne løysing til modellane. Ein utvikler spisskompetanse innan ei spesialisering i optimering, og godt oversyn over andre område innan informatikk.

Innanfor masterprogrammet i optimering spesialiserer ein seg i enten diskret/kombinatorisk optimering eller kontinuerleg optimering. Begge spesialiseringane kan ha stort innslag av arbeid med praktiske problem henta frå industri og næringslivet elles.

Fagleg profil

Gruppa for optimering forskar på effektive løysingsmetodar for optimeringsproblem. Det er enkelte felles faglege problemstillingar mellom optimering og sikker og påliteleg kommunikasjon, og mellom optimering og algoritmar.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informatikk, optimering. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Oppbygging

Oppbygging av studiet

Studiet har to komponentar: Kursdel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng.

Kursdelen

Kursa INF234, Algoritmar, og INF 270, Optimeringsmetodar, er obligatoriske. Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

Tilrådd studieplan i optimering

Emna INF 234 og INF 270 er obligatoriske. Dei andre emna skal i hovudsak veljast innanfor den spesialiseringa du vel. Vel du å skrive lang masteroppgåve byrjar du normalt på den i 2. semester, og jobbar meir og meir med denne utover i studiet. Siste semesteret arbeider du berre med denne. Vel du å skrive kort oppgåve skal denne gjennomførast i løpet av 6 månader. Då arbeider du berre med emne dei tre første semestra, og berre med oppgåva det siste semesteret.

Døme på ei god samansetning av emne når ein har vald lang oppgåve (oppgåve på 60 studiepoeng) med optimering som studieretning:

2. vårOppgåveOppgåveOppgåve2. haustINF237OppgåveOppgåve1. vårINF371INF372Oppgåve1. haustINF234INF270MAT261
Masterprogram i informatikk (krav 120 SP)
Studieretning
Optimering (krav 60 SP)
Obligatorisk emne (krav 20 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
INF234Algoritmer101–41
INF270Lineær programmering101–41
Valgfritt emne (krav 40 SP)
Emna MAT261, INF271, INF272 og INF237 er tilrådd
Masteroppgåve (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
INF399Masteroppgåve i informatikk603
Valemner på Høgskolen i Bergen
Valfritt
Avansert programvareteknologi (HiB)
Moderne systemutviklingsmetoder (HiB)
Agentteknologier (HiB)
Utvalgte emner i programvareutvikling (HiB)
Modell-basert programvareutvikling (HiB)
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Delstudium i utlandet

Dersom du ønskjer eit utlandsopphald i masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Enten bachelorgrad i informatikk frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk.

Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar. Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget (20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk). Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon