Hjem

Utdanning

Visualisering

  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust/Vår
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Visualisering er eit område med stadig aukande relevans i informatikk. Avansert datagrafikk blir brukt til å gje innsikt i store og komplekse datasett som kjem frå storskala målingar (medisinske 3D skannarar, sonar, seismiske målingar, etc), datasimuleringar (veskedynamikk, deformering av strukturar, etc.) eller kompleks modellering (dynamiske system, etc). Visualisering gjeld både utnytting og analyse av slike datasett og presentasjon av resultata. Viktige døme er volumrendering (attgjeving) av medisinske 3D bilete, visualisering av luftstraumen rundt bilar og fly, og visualisering av hierarkiske datastrukturar som t.d. filsystem.

Fagleg profil

Utdanninga vil fokusere på innsikt i grunnleggjande visualiseringsmetodar med vekt på bruk av desse metodane i ulike fag som t.d. medisin, marine fag, oljerelaterte fag.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informatikk, visulalisering. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

- Kan gjere greie for grunnleggjande prinsipp innan datagrafikk og visualisering.

- Kan anvende ulike tilnærmingar til visuell analyse og/eller vitskapleg visualisering av praktiske problem.

- Kan beskrive passelege visualiseringsløysingar for ulike scenario.

- Kan finne og bruke relatert vitskapleg arbeid ved løysing av praktiske problem.

- Kan gjere greie for prinsipp innan programmering, spesifikt også for GPU-programmering.

Ferdigheiter

Kandidaten

- Kan utforme løysingar for grunnleggjande informatikkproblem innan grafikk og visualisering.

- Kan demonstrere problemløysing i samsvar med vitskaplege arbeidsprinsipp.

- Kan arbeide med ulike typar data.

- Kan utvikle program for informatikk og dataanalyse.

- Kan kommunisere effektivt.

Generell kompetanse

Kandidaten

- Kan klassifisere visualiserings- og datagrafiske teknikkar

- Kan argumentere for ei bestemt løysing

- Kan kommunisere ei bestemt løysing

- Kan organisere og strukturere ei bestemt problemløysingstilnærming i eit gruppemiljø.

- Kan demonstrere forståing og respekt for vitskaplege verdiar som openheit, presisjon, pålitelegheit og betyding av å skilje mellom kunnskap og meiningar.

Oppbygging

Oppbygging av studiet

Studiet har to komponentar: emnedel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng.

Emnedelen er organisert som ei rekkje emne i ei logisk rekkjefylgje. Det betyr at vidaregåande emne byggjer på grunnleggjande emne og at ein kan spesialisere seg i ulike retningar etter interesse.

Emnet INF251 Grafisk databehandling er ein føresetnad (det er mogleg for dei som ikkje har tatt dette emnet eller tilsvarande i bachelorstudiet, å ta det under masterstudiet, men dette gir eit suboptimalt opplegg). Emnet gir ein teknisk basis for studiet av visualisering. Studentane vil bli kjende med 3D datagrafikk, representasjon av grafiske data og grafikkmaskinvare.

INF252 Visualisering er kjerneemnet i studieretninga. Emnet dekkjer persepsjonsaspekta av humant syn og prinsippa for omforming av digitale data til kunnskap ved bruk av datagrafikk og interaksjon. Emnet dekkjer eit breitt spekter av visualiseringsteknikkar basert på forma av digital informasjon som skal omformast. Normalt bør emnet takast i fyrste semester i masterstudiet.

For å få grunnleggjande praksis i utvikling av visualiseringsløysingar under nøye rettleiing er INF219 Individuelt prosjekt er viktig del av masterstudiet. Eit anna viktig emne er INF358 Seminar i visualisering . Studentane vil få nær kontakt med stilen i vitskaplege arbeid. I emnet vil ein både studere vitskapleg litteratur, utføre og dokumentere eige arbeid skriftleg og presentera det munnleg.

Dei andre emna skal vere på 200- eller 300- tals nivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gje eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

Arbeidet med masteroppgåve byrjar du normalt i 2. semester, og ein jobbar meir og meir med oppgåva utover i studiet. Siste semesteret arbeider du berre med denne.

Tilrådd progresjon:

1. semester haust: INF234, INF252, INF358

2. semester vår: INF319, Valemne, Oppgåve

3. semester haust: Valemne, Oppgåve

4. semester vår: Oppgåve

Studentar som har tatt INF252 i bachelorstudiet, bør ta INF319 i 1. haustsemester.

Studentar som ikkje har tatt INF319 tidlegare, må ta det 2. haustsemester. 

Masterprogram i informatikk (krav 120 SP)
Studieretning
Visualisering (krav 60 SP)
Obligatorisk emne (krav 50 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
INF234Algoritmer101–41
INF251Grafisk databehandling101–41
INF358Seminar i visualisering101–41
INF252Visualisering101–42
INF319Informatikkprosjekt II101–42
Valgfritt emne (krav 10 SP)
Masteroppgåve (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
INF399Masteroppgåve i informatikk603
Valemner på Høgskolen i Bergen
Valfritt
Avansert programvareteknologi (HiB)
Moderne systemutviklingsmetoder (HiB)
Agentteknologier (HiB)
Utvalgte emner i programvareutvikling (HiB)
Modell-basert programvareutvikling (HiB)
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Delstudium i utlandet

Dersom du ønskjer eit utlandsopphald i masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Enten bachelorgrad i informatikk frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk.

Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar. Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget (20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk). Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon