Hjem

Informatikk, master, 2 år

Dette er eit masterprogram for deg som vil fordjupe deg i eit av våre forskingsfelt: algoritmar, bioinformatikk, fagformidling, logikk, maskinlæring, optimering, sikker og påliteleg kommunikasjon eller visualisering.
  • Lengde2 År
  • Plassar37
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

På masterprogrammet får du brei og oppdatert kunnskap innanfor informatikk og teknologi. Avhengig av studieretninga du vel, får du kunnskap og ferdigheiter til å analysere mange ulike problemstillingar og finne måtar å løyse dei på. Du får også innsikt i vitskaplege utfordringar og etiske aspekt innan informatikk. 

Du får ein rettleiar som er djupt engasjert i forskingsfeltet du skal skrive om. Du kan velje masteroppgåvetema frå eit av desse fagområda:

Studieretningar

Studiekvardag 

Institutt for informatikk har eit internasjonalt miljø av dyktige og aktive informatikkstudentar og anerkjente forskarar. Vi oppmodar masterstudentar til å vere med i ei av forskingsgruppene ved instituttet. Det første semesteret skal du også velje individuell rettleiar og masteroppgåvetema. 

I løpet av ei vanleg veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er hovudsakleg på engelsk. Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket

Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna organiserer faglege og sosiale arrangement. 

Kva kan du jobbe som? 

Kandidatar frå dette masterprogrammet finn jobbar både i Noreg og i utlandet, i privat og offentleg sektor. 

Du kan blant anna jobbe innanfor: 

  • konsulentverksemder 
  • FinTech (finansteknologi) 
  • høgteknologibedrifter 
  • forskingsinstitutt eller universitet 
  • gründerverksemd 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april for opptak til hausten og 1. november for opptak til våren. Søk her

Spesifikke opptakskrav for studieretningane 

Masterprogrammet i informatikk har sju studieretningar med spesifikke opptakskrav. Les meir om desse under "Studieretningar". 

Studiets oppbygging 

Studieprogrammet startar vår og haust.  

1. og 2. semester 

  • Algoritmar (INF234, 10 studiepoeng)
  • Valemne (50 studiepoeng)

3. og 4. semester 

  • Masteroppgave (INF399, 60 studiepoeng) 

eller

  • Masteroppgave (30 studiepoeng)
  • Valemne (30 studiepoeng)

Emnet  Algoritmar (INF234, 10 studiepoeng) er obligatorisk. Dei resterande emna på 50 studiepoeng skal vere på 200- eller 300-nivå og heng saman med kva spesialisering og masteroppgåvetema du vel. Du vel emne i samarbeid med rettleiaren din. 

Masteroppgåve: Masteroppgåve i informatikk INF399 er på 60 studiepoeng og skal skrivast dei to siste semestera. I samråd med rettleiaren kan du også velje å skrive ei masteroppgåve på 30 studiepoeng og utvide emnedelen tilsvarande.    

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det andre eller tredje semesteret som masterstudent. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.   

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter fullført mastergrad kan du søke på lønt stilling som doktorgradsstipendiat (PhD) innan informatikk.

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen for master i informatikk

Søk her