Masterprogram i kjemi
Programmet tilbys av
Oppstart
Haust (hovudopptak), suppleringsopptak vår
Mål og innhald
Målet med masterprogrammet i kjemi er å gi deg ein teoretisk og praktisk bakgrunn på høgt nivå innanfor kjemi med tilrekkeleg fordjuping i eit gitt felt til å fullføre ei forskingsbasert masteroppgåve innanfor ei av instituttet sine forskingsgrupper. Du skal både kunne nyttiggjere deg av etablert kunnskap og ta del i den vidare utviklinga av fagfeltet. Forskingsfelta som du kan velje masteroppgåva innan, spenner over heile breidda av kjemi, frå teoretiske til laboratorieorienterte oppgåver. Du vil kunne nytte deg av ein moderne instrumentpark ved instituttet som sikrar at det eksperimentelle arbeidet som vert utført, er av høg kvalitet (vi kan mellom anna nemne høgfelt NMR, UV-, IR- NIR-, Raman-spektroskopi, MS og røngtenkrystallografi). Emnekombinasjonane som er sett opp for dei enkelte forskingsretningane, vil gje deg ei teoretisk og praktisk fordjuping i ulike tema som blir nytta i løpet av arbeidet med masteroppgåva. Når du gjennomfører masterprogrammet vil du få erfaring i å leggje fram eigne resultat og teoriar både munnleg og skriftleg, samt trening i å innhente og evaluere relevant vitskapleg litteratur.
Studiestart
Haust (hovudopptak), suppleringsopptak vår
Opptakskrav
Bachelorgrad i kjemi, eller tilsvarande utdanning. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt vere middels C eller betre.
Meir informasjon om opptaksprosedyrar: http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Kven kan søkje
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på
www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Delstudium i utlandet
Dersom du ynskjer eit utanlandsopphald under masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.
Graden
Masterprogrammet i kjemi fører fram til graden Master i kjemi.
Omfang
Masterprogrammet i kjemi er 2-årig (120 studiepoeng).
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Haust (hovudopptak), suppleringsopptak vår
Mål og innhald
Målet med masterprogrammet i kjemi er å gi deg ein teoretisk og praktisk bakgrunn på høgt nivå innanfor kjemi med tilrekkeleg fordjuping i eit gitt felt til å fullføre ei forskingsbasert masteroppgåve innanfor ei av instituttet sine forskingsgrupper. Du skal både kunne nyttiggjere deg av etablert kunnskap og ta del i den vidare utviklinga av fagfeltet. Forskingsfelta som du kan velje masteroppgåva innan, spenner over heile breidda av kjemi, frå teoretiske til laboratorieorienterte oppgåver. Du vil kunne nytte deg av ein moderne instrumentpark ved instituttet som sikrar at det eksperimentelle arbeidet som vert utført, er av høg kvalitet (vi kan mellom anna nemne høgfelt NMR, UV-, IR- NIR-, Raman-spektroskopi, MS og røngtenkrystallografi). Emnekombinasjonane som er sett opp for dei enkelte forskingsretningane, vil gje deg ei teoretisk og praktisk fordjuping i ulike tema som blir nytta i løpet av arbeidet med masteroppgåva. Når du gjennomfører masterprogrammet vil du få erfaring i å leggje fram eigne resultat og teoriar både munnleg og skriftleg, samt trening i å innhente og evaluere relevant vitskapleg litteratur.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med mastergrad i kjemi skal ha ein solid, forskingsbasert kunnskap innan eit fagfelt i kjemi, og omfattande erfaring og forståing av kjemisk forsking i det heile. Kandidaten har trening i å arbeide sjølvstendig i forhold til ei forskingsoppgåve. Dette arbeidet omfattar følgjande element:
- å setje seg inn i ei ny vitskapleg problemstilling ut frå kjemisk litteratur
- å formulere ein hypotese eller ei problemstilling som kan testast
- å gjere ei kritisk vurdering av det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og identifisere område som krev ny kunnskap eller forståing
- vurdere metodar og velje ein metode som kan gje ny kunnskap
- gjennomføre arbeidet
- tolke resultata i høve til problemstillinga
- presentere forskingsarbeidet skriftleg og munnleg innanfor ramma av vitskapelig formidling
Kandidaten vil ha omfattande kunnskap innan si spesialisering som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.
Opptakskrav
Bachelorgrad i kjemi, eller tilsvarande utdanning. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt vere middels C eller betre.
Meir informasjon om opptaksprosedyrar: http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggjande breiddekunnskap i naturvitskap, og særleg i fysikk og matematikk på nivå med det som inngår i bachelorgraden ved UiB, er tilrådd. Kurset KJEM250 Analytisk kjemi eller tilsvarande kurs frå ein annan institusjon, er sterkt tilrådd. Sjå òg oversikt under "Tilrådde valemne" for tilrådde valemne i bachelorgraden for spesialisering inn mot dei gitte forskingsfelta.
Obligatoriske emne / spesialisering
Studiet har to komponentar: kursdel (60 studiepoeng) og mastergradsoppgåve (60 studiepoeng). Den samla arbeidsmengda er 120 studiepoeng. Det er ingen formelle studieretningar i masterprogrammet i kjemi, men det er definert fleire forskingsområde ein kan avleggja masteroppgåve innan: - Analytisk kjemi/kjemometri
- Nanopartiklar og kolloidkjemi
- NMR-spektroskopi
- Organisk syntese og legemiddelkjemi
- Naturstoffkjemi
- Organisk geokjemi/petroleumskjemi (inkludert fornybare drivstoff)
- Miljøkjemi
- Uorganisk nanokjemi og katalyse
- Molekylmodellering
Det er ingen felles obligatoriske emne i masterprogrammet, men til kvart forskingsområde er det spesifisert kva emne som er naudsynte for å avleggja masteroppgåve innan feltet, og kva andre emne som er tilrådde i mastergraden. Kva kurs som skal inngå i kursdelen i mastergraden, vert bestemt i samråd med rettleiar for å gi eit best mogleg grunnlag for gjennomføring av masteroppgåva. Tabell over naudsynte/tilrådde emne i mastergrad finn du her: http://kurs.uib.no/masterkjemi/ Emna som er lista under ¿Sterkt tilrådde i master¿, er krav/heilt nødvendige føresetnader for å gjennomføre ei masteroppgåva innan det gitte fagfeltet. Resten av emna vel du i samråd med rettleiar. Nokre av dei sterkt tilrådde emna i mastergraden kan det òg vere mogeleg å ta som valemne mot slutten av bachelorgraden.Oversikt under viser eit døme på masterstudium i kjemi med masteroppgåva fordelt på 2., 3. og 4. semester. Det er mogleg å fordele oppgåva på ein annan måte for å tilpasse planen til kva semester emna vert undervist:
1.semester Emne Emne Emne
2.semester Emne Emne Oppgåve
3.semester Emne Oppgåve Oppgåve
4.semester Oppgåve Oppgåve Oppgåve
Tilrådde valemne
Tabell over naudsynte/tilrådde emne i mastergrad finn du her: http://kurs.uib.no/masterkjemi/
Emna som er lista under "Sterkt tilrådde i master", er krav/heilt nødvendige føresetnader for å gjennomføre ei masteroppgåva innan det gitte fagfeltet. Resten av emna vel du i samråd med rettleiar. Nokre av dei sterkt tilrådde emna i mastergraden kan det òg vere mogeleg å ta som valemne mot slutten av bachelorgraden.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leverst innan ein fastsett dato, normalt 1. juni og 1. november.
Delstudium i utlandet
Dersom du ynskjer eit utanlandsopphald under masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.
Undervisningsmetodar
Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.
Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
Når masteroppgåva er innlevert, godkjent og vurdert, vert masterstudiet avslutta med ein munnleg mastergradseksamen. Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Karakterskala
Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F. Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Kompetanse for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.D. -studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga, må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva vere C eller betre. Ph.d.-utdanninga vert vanlegvis finansiert ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Yrkesvegar
Mastergrad i kjemi gir eit grunnlag for arbeid innan mellom anna industri, undervisning, forvalting og tilsyn og forsking. Kjemikarar har ein brei arbeidsmarknad, og er dermed mindre utsett for svigingar i bestemte sektorar. Kjemikarar har i dei siste åra i stor grad fått arbeid i oljesektoren, men òg i ulike miljø-laboratorier og HMS-stillingar. Kjemikarar er òg etterspurde til undervisning i det offentlege skuleverket.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet Kontakt: post@kj.uib.no
Adminstrativ ansvarleg
Kjemisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@kj.uib.no
Tlf 55 58 34 45
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Masteremne (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Du vel emna i samråd med rettleiar. Meir info: http://kurs.uib.no/masterkjemi/ | ||||||||||||
| Masteroppgåve i kjemi (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| KJEM399 | Masteroppgåve i kjemi | 60 | 3 | |||||||||