Integrert lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Oppbygging
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Kontakt
- Opptak
- Læringsutbyte
- Studieløp
Introduksjon
Har du lyst på eit yrke der du dagleg møter ungdom i ein spennande fase i livet? Der du kan bidra til å skape interesse for faga som er avgjerande for å sikre Noreg si framtid som høgteknologisk nasjon?
Norsk ungdom ligg i verdstoppen når det gjeld å bruke ny teknologi. Vil du bidra til å auke interessa deira for kunnskapen som ligg bak mobiltelefonane, datamaskinene og internett? Ei interesse for realfag er avgjerande når vi veit at satsing på teknisk-naturvitskaplege fag er blant dei viktigaste tiltaka for å gjere norsk industri og næringsliv meir nyskapande.
Den spennande, interessevekkjande undervisninga i realfaga må starte i grunnskolen og på ungdomsskolen. Korleis kan ein få elevane til å oppleve dei klassiske naturvitskaplege faga som anna enn berre tunge og teoretiske? Vi trur at gode lærarar med høg kompetanse vil kunne gi meir engasjerande undervisning og slik utvikle positive holdningar til realfaga.
Visste du at ...
Studentar på lektorutdanninga får moglegheita til å ta delar av praksisopplæringa på ein skole i Sør-Afrika.
Studievegar
- Profesjonsstudium
På dette femårige studiet vel du først kva fag du vil ta master i: matematikk, fysikk, kjemi eller biologi. Deretter vel du eit undervisningsfag nummer to. Til saman er det ni moglege fagkombinasjonar. Alle kombinasjonane gir deg grunnlag for undervisning i to programfag. For ein del kombinasjonar er det òg mogleg å skaffe seg grunnlag for undervisning i naturfag innanfor normert studietid. Gjennom studiet lærer du korleis kunnskap blir utvikla, du reflekterer over faga og over korleis du kan formidle dei. I tillegg har du praksis i skulen. Lektorutdanninga er sett saman med tanke på deg som vil utdanne deg til realfagslærar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.
- Forsking
Fagdidaktisk forsking fokuserer blant anna på kva slags kompetanse matematikk- og naturfagundervisninga i skolen må leggje vekt på for å førebu elevane til samfunnsdeltaking, på korleis læraren kan leggje til rette aktivitetar og elevøvingar for at elevane skal få større læringsutbyte, og på korleis elevar kan lærast opp til å lese ulike typar naturfaglege tekstar.
Andre studievegar
Du kan også utdanne deg til lærar ved å ta ein bachelorgrad (tre år) eller ein mastergrad (fem år) som inneheld to undervisningsfag, før du søkjer opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). PPU er eittårig og inneheld både fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.
Oppbygging
I alle studieløp inngår:
- 60 studiepoeng praktisk-pedagogisk utdanning
- minst 80 studiepoeng i faget du skal skrive masteroppgåve i
- minst 60 studiepoeng i det andre faget som inngår i studieretninga di
- ei masteroppgåve på 30 studiepoeng. Oppgåva kan ha ein skoleretta eller reint fagleg profil. Det er også mogleg å velje ei fagdidaktisk oppgåve.
- praksis i skolen
Dei obligatoriske fagemna i programmet sørgjer for at du får eit godt grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen og tilstrekkeleg fordjuping med tanke på masteroppgåva. Den praktisk-pedagogiske delen av programmet vert teken parallelt med fagstudia, slik at fokus vert halde på lærarutdanning gjennom heile studiet. I tillegg til praksis og ordinær undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk inngår skolebesøk og lærarstudentsamlingar.
Du kan velje mellom ni ulike fagkombinasjonar.
På denne nettsida kan du finne oversikt over oppbygging av dei ulike fagkombinasjonane: http://link.uib.no/?OEC9
NB. Det kjem ny nasjonal plan for lektorutdanninga i 2013 som vil kunne ha konsekvensar for oppbygginga av studiet og studiepoengfordelinga. Ein tek derfor atterhald om endringar.
Utveksling
Dersom du ønskjer det, er det mogleg å ta eitt semester av fagstudiet i utlandet. Vi vil forsøke å leggje til rette for at dette kan inngå som ein integrert del av utdanninga di.
Det er også mogleg å ta ein av praksisperiodane i utlandet. Foreløpig er det berre Sør-Afrika vi har eit slikt samarbeid med.
Yrkesvegar
Lektorutdanninga kvalifiserer for tilsetjing på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskolen, i vidaregåande skole og i vaksenopplæringa.
For meir informasjon om yrket som lærar, sjå:
http://utdanning.no/yrker/beskrivelse/lektor
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Lektorutdanninga med master i naturvitskap er ei femårig integrert lærarutdanning (300 studiepoeng).
Utdanninga er ei lektorutdanning som fører fram til graden master i <fag> med integrert praktisk-pedagogisk utdanning. (<fag> er enten kjemi, biologi, fysikk eller matematikk)
Den integrerte lektorutdanninga utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med solid fagkunnskap i minst to universitetsfag.
Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.
Studiet skal gi vitskaplege funderte kunnskapar og evner i det faget studenten tek mastergrad i. Det skal gi ei god innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig arbeide med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.
Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og kompetente til å ta medansvar for elevars læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.
I lektorutdanninga med master i naturvitskap og matematikk vel studenten to fag; eit masterfag og eit sidefag. Dette gir studenten grunnlag for undervisningskompetanse i to fag i vidaregåande skule. I fleire av dei tilrådde studieløpa vil det vere mogleg å skaffe seg grunnlag frå undervisningskompetanse tre fag i vidaregåande skule; to programfag, samt naturfag, men kun to fag er obligatoriske. Utdanninga vert avslutta med ei masteroppgåve i matematikk, fysikk, kjemi eller biologi avhengig av val av masterfag.
Læringsutbyte/resultat
A) Fagleg kunnskap
- Studenten skal ha tileigna seg den fagkunnskapen som gjeld for dei respektive universitetsfaga, og kunne arbeide med fagkunnskapen på ein sjølvstendig måte.
- Studenten skal kunne arbeide sjølvstendig med relativt omfattande og krevjande faglege oppgåver.
- Studenten skal ha utvikla ei sjølvstendig og kritisk haldning til innhaldet i faga og til den rolla faga spelar i skulen og samfunnet.
- Studenten skal kunne setje sentrale styringsdokument for faga i ein historisk og ideologisk samanheng.
- Studenten skal kunne gjere greie for og drøfte grunnlagsspørsmål og teoriar i pedagogikk og fagdidaktikk, og bruke det som grunnlag for kritisk refleksjon over egen undervisningspraksis og tilrettelegging for elevars læring.
B) Tilrettelegging for elevar si læring i faga
- Studenten skal kunne bruke faget og undervise i det, ut frå fagleg spesifikke tenkjemåtar, arbeidsmåtar og tekstformer.
- Studenten skal kunne bruke fagleg innsikt i samtale og samarbeid med elevar, kollegaer og foreldre.
- Studenten skal kunne demonstrere fenomen i naturen samt praktisk bruk av matematikk, og leggje til rette for elevers læring gjennom praktisk observasjon og eksperimentering.
- Studenten skal kunne fremme elevers kompetanse til å sjå korleis prinsipp og tenkjemåtar i faget kan nyttast i møte med fagrelaterte utfordringar i samfunnet og ved deltaking i demokratiske prosesser.
- Studenten skal kunne leggje til rette for tilpassa undervisning for den enkelte elev og ulike skuleslag gjennom eit breitt spekter av framgangsmåtar.
- Studenten skal kunne gjennomføre og leggje til rette for faglege dialogar med elevane, individuelt og i grupper, om observasjonar og fenomen i naturen og om fagets omgrep og teoriar gjennom bruk av konkretiseringar og ulike forenklingsnivå.
- Studenten skal kunne utvikle elevars innsikt i og evne til å ta hand om eiga læring.
- Studenten skal kunne møte utfordringar knytte til den fleirkulturelle og fleirspråklege skulen.
- Studenten skal kunne drøfte utfordringar knytt til vurdering for og av læring generelt og særskilt i eigne fag.
- Studenten skal kunne setje dei ulike delane innanfor fagemna saman, og sjå korleis emna heng saman med andre emne, samstundes som ein har auge for det mangfaldet som fagemna spenner over.
C) Profesjonskompetanse
- Studenten skal ha forståing for den rolla faget og skulen spelar for samfunnet som heilskap.
- Studenten skal kunne vise etisk yrkesutøving overfor elevar og ulike samarbeidspartnarar, og ha medvit om lærarens og skulens rolle.
- Studenten skal kunne bidra til eit godt læringsmiljø gjennom demokratiske læringsfellesskap.
- Studenten skal kunne være ein tydelig leiar og i tillegg til kunnskapsformidling beherske dei ulike arbeidsoppgåver som elles ligg til lærarprofesjonen.
- Studenten skal ha kjennskap til og kunne vurdere organiseringsmåtar og styringsformer i skulen.
- Studenten skal ha utvikla kunnskap og innsikt som gjer ein i stand til å utvikle seg vidare som lærar.
- Studenten skal kunne vurdere samt gjennomføre undersøkingar knytt til elevars læring og utvikling og kommunisere resultat munnleg og skriftleg.
- Studenten skal kunne fremme miljømedvit, naturglede og respekt for naturens tålegrenser.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du oppfylle krav om realfag (LÆREAL). Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?2rEgn
Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning).
Innføringsemne
Ex.phil, PEDA111 og MAT111/101.
Tilrådde forkunnskapar
For å kunne gjennomføre utdanninga på normert tid bør studenten ha full fordjuping frå vidaregåande skule i dei to sentrale faga som inngår i studieretninga.
Obligatoriske emne / spesialisering
I programmet inngår obligatoriske emne i fag, fagdidaktikk og pedagogikk. Desse emna er spesifiserte nedanfor.
Studenten vel masterfag og sidefag i starten av 2. semester. Kva emne i fag og fagdidaktikk som er obligatoriske avhenger av desse vala. Sjå nedanfor. Alle studentar må gjennomføre et obligatorisk HMS-kurs før første praksisperiode kor studenten skal stå for undervisning.
Når det gjeld praksis, er det obligatorisk med 15 dagars skuleerfaring fordelt på tre semester og undervisningspraksis samansett av om lag 120 timar undervisning fordelt på to semester. Både skuleerfaring og undervisningspraksis er knytt til emne som inngår i programmet. For nærmare informasjon, sjå emneplan for praksis.
Studiet vert avslutta med ei 30 studiepoengs masteroppgåve. Dette kan vere ei oppgåve med skuleretta eller reint fagleg profil. Det kan også veljast ei fagdidaktisk oppgåve. I så tilfelle tilrådast det at studenten tar 10 studiepoeng emne/spesialpensum knytt til metodar eller forskingsfelt i fagdidaktikk.
For å kunne gå i gang med masteroppgåva, må snittkarakterane på spesialiseringsemna normalt vere C eller betre.
Obligatoriske emner:
Fellesemner:
- PEDA111, PEDA112, PEDA113, PEDA114
- RDID100,
- MNF201 eller 10 studiepoeng emne/spesialpensum knytt til metodar eller forskingsfelt i fagdidaktikk
- Ex.phil
Masterfag:
Emna som er utheva er spesialiseringsemne.
Vel eit av faga:
Matematikk:
- MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212/221, STAT110
- MATDID201, MATDID202
- Minimum tre MAT-emne valt mtp masteroppgåva (eit av dei inngår i spesialiseringa)
Moglege sidefag: Fysikk, kjemi, biologi, naturfag
Fysikk:
- MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212 (eit av dei inngår i spesialiseringa)
- STAT110
- PHYS110, PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114, PHYS115
- NATDID201, PHYSDID200
- Minimum tre PHYS-emne valt mtp masteroppgåva
Moglege sidefag: Matematikk, ev. naturfag i tillegg
Kjemi:
- KJEM110, KJEM120, KJEM122, KJEM130, KJEM131, KJEM210, KJEM250
- NATDID201, KJEMDID200
- Minimum to KJEM-emne valt mtp masteroppgåva
Moglege sidefag: Matematikk, biologi
Biologi:
- BIO100, BIO101, BIO102, BIO103, BIO104, MOL100
- NATDID202, BIODID200
- Minimum tre BIO-emne valt mtp master oppgåva (eit av dei inngår i spesialiseringa)
Moglege sidefag: Matematikk, kjemi
Sidefag:
Matematikk:
Fysikk:
- PHYS110, PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114, PHYS115 eller
PHYS101, PHYS102, PHYS110, PHYS114, PHYS115 og eitt av emna PHYS117, PHYS211, PHYS231 - NATDID201, PHYSDID200
Kjemi:
- KJEM110, KJEM120, KJEM130
- Minst eitt av KJEM131/122
- Inntil to av emna KJEM100, KJEM202, KJEM210, KJEM250, MOL100, MOL200
- NATDID201,KJEMDID200
Biologi:
- BIO100
- Minst fire av emna BIO101, BIO102, BIO103, BIO104, MOL100
- Eit valfritt emne innen fagområdet biologi eller molekylærbiologi (BIO, MOL)
- NATDID201,BIODID200
Naturfag:
Til saman 90 studiepoeng i naturfag, der følgjande inngår:
- PHYS101, PHYS102
- KJEM110 og eitt av emna KJEM100, KJEM120, KJEM122, KJEM130, KJEM131
- To av emne BIO100, BIO101 og BIO102
Krav til progresjon i studiet
Det stilles både karakter- og progresjonskrav i studiet. Sjå utfyllande reglar for studiet for nærmare informasjon.
Yrkesvegar
Fullført og greidd studium medfører sertifisering som lærar i dei aktuella faga i vidaregåande skule og på 5.-10. trinn i grunnskulen Utdanninga kvalifiserer først og fremst for undervisningsarbeid med undervisningsstilling som lektor i skulen.
For meir informasjon om yrket som lærar, sjå:
http://utdanning.no/yrker/beskrivelse/lektor
Rekkefølje for emne i studiet
På denne nettsida finner du ein oversikt over oppbygginga av dei ulike studieretningane: http://link.uib.no/?OEC9
Adminstrativ ansvarleg
Matematisk institutt ved studiekonsulent Marianne Jensen, Matematisk institutt
Epost: studieveileder.laerer@mnfa.uib.no
Delstudium i utlandet
Studentane vert oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta.
Kva semester som er egna for utanlandsopphald avhenger av studieretning. På alle syv studieretningar er det mogleg å ha utanlandsopphald eit semester med emne i vitskapsfaga. Det er også mogleg å gjennomføre praksisperioden i 7. semester utanlands. Universitetet i Bergen har ein avtale om slik utveksling med University of Western Cape, Sør-Afrika. Studenter som gjennomfører praksisperioden i 7. semester i utlandet, har ikkje anledning til å ta prosjektemne i Vitskapsteori, teknologi og forskingslære i dette semesteret.
Sjå http://link.uib.no/?1vDGL for meir informasjon.
Fagansvarleg
Lærarutdanningsutvalget ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet, laerer@mnfa.uib.no
Undervisningsmetodar
Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåve, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verkty. I tillegg vil det i enkelte emnar inngå laboratoriearbeid, ekskursjonar og rapportskriving. For nærmare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.
Læring gjennom rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.
Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.
Evaluering
Emne- og programevaluering vert gjennomført med jamne mellomrom. Det kan nyttas ulike evalueringsformer.
Meir infomasjon
Ta kontakt på e-post eller telefon: studieveileder.laerer@mnfa.uib.no, 55 58 28 41.
Du kan også finne utfyllende informasjon om programmet på disse nettsidene: http://www.uib.no/matnat/utdanning/laererutdanning-ved-mn-fakultetet
Søknadsprosedyre
For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du oppfylle krav om realfag (LÆREAL). Meir informasjon finn du på http://link.uib.no/?2rEgn
Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning).
Tilrådde forkunnskapar
For å kunne gjennomføre utdanninga på normert tid bør du ha full fordjuping frå vidaregåande skule i dei to sentrale faga i studieretninga.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der tallet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
30
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på http://link.uib.no/?3S29o
Læringsutbyte/resultat
A) Fagleg kunnskap
- Studenten skal ha tileigna seg den fagkunnskapen som gjeld for dei respektive universitetsfaga, og kunne arbeide med fagkunnskapen på ein sjølvstendig måte.
- Studenten skal kunne arbeide sjølvstendig med relativt omfattande og krevjande faglege oppgåver.
- Studenten skal ha utvikla ei sjølvstendig og kritisk haldning til innhaldet i faga og til den rolla faga spelar i skulen og samfunnet.
- Studenten skal kunne setje sentrale styringsdokument for faga i ein historisk og ideologisk samanheng.
- Studenten skal kunne gjere greie for og drøfte grunnlagsspørsmål og teoriar i pedagogikk og fagdidaktikk, og bruke det som grunnlag for kritisk refleksjon over egen undervisningspraksis og tilrettelegging for elevars læring.
B) Tilrettelegging for elevar si læring i faga
- Studenten skal kunne bruke faget og undervise i det, ut frå fagleg spesifikke tenkjemåtar, arbeidsmåtar og tekstformer.
- Studenten skal kunne bruke fagleg innsikt i samtale og samarbeid med elevar, kollegaer og foreldre.
- Studenten skal kunne demonstrere fenomen i naturen samt praktisk bruk av matematikk, og leggje til rette for elevers læring gjennom praktisk observasjon og eksperimentering.
- Studenten skal kunne fremme elevers kompetanse til å sjå korleis prinsipp og tenkjemåtar i faget kan nyttast i møte med fagrelaterte utfordringar i samfunnet og ved deltaking i demokratiske prosesser.
- Studenten skal kunne leggje til rette for tilpassa undervisning for den enkelte elev og ulike skuleslag gjennom eit breitt spekter av framgangsmåtar.
- Studenten skal kunne gjennomføre og leggje til rette for faglege dialogar med elevane, individuelt og i grupper, om observasjonar og fenomen i naturen og om fagets omgrep og teoriar gjennom bruk av konkretiseringar og ulike forenklingsnivå.
- Studenten skal kunne utvikle elevars innsikt i og evne til å ta hand om eiga læring.
- Studenten skal kunne møte utfordringar knytte til den fleirkulturelle og fleirspråklege skulen.
- Studenten skal kunne drøfte utfordringar knytt til vurdering for og av læring generelt og særskilt i eigne fag.
- Studenten skal kunne setje dei ulike delane innanfor fagemna saman, og sjå korleis emna heng saman med andre emne, samstundes som ein har auge for det mangfaldet som fagemna spenner over.
C) Profesjonskompetanse
- Studenten skal ha forståing for den rolla faget og skulen spelar for samfunnet som heilskap.
- Studenten skal kunne vise etisk yrkesutøving overfor elevar og ulike samarbeidspartnarar, og ha medvit om lærarens og skulens rolle.
- Studenten skal kunne bidra til eit godt læringsmiljø gjennom demokratiske læringsfellesskap.
- Studenten skal kunne være ein tydelig leiar og i tillegg til kunnskapsformidling beherske dei ulike arbeidsoppgåver som elles ligg til lærarprofesjonen.
- Studenten skal ha kjennskap til og kunne vurdere organiseringsmåtar og styringsformer i skulen.
- Studenten skal ha utvikla kunnskap og innsikt som gjer ein i stand til å utvikle seg vidare som lærar.
- Studenten skal kunne vurdere samt gjennomføre undersøkingar knytt til elevars læring og utvikling og kommunisere resultat munnleg og skriftleg.
- Studenten skal kunne fremme miljømedvit, naturglede og respekt for naturens tålegrenser.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Velg først hvilket fag du ønsker å ta master i. Deretter velger du fag nummer to. Evt. velger du å utvide til å dekke to fag+naturfag | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Fellesemner (krav: 75 SP) | ||||||||||||
| Disse emnene er felles for alle på MNs lektorprogram | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PEDA111 | Innføring i pedagogikk | 10 | 1 | |||||||||
| RDID100 | Realfagdidaktikk | 10 | 3 | |||||||||
| NATDID201 | Naturfagdidaktikk I | 5 | 5 | |||||||||
| PEDA112 | Læringsprosessens møtepunkt: Læring, undervisning og vurdering | 5 | 5 | |||||||||
| PEDA113 | Læringsmiljø: Organisering og leiing | 10 | 7 | |||||||||
| MNF201 | Forsking: Vitskapsteori, metode og anvendelse | 10 | 8 | |||||||||
| ILPRA101 | Første praksisperiode | 0 | 7 | |||||||||
| ILPRA102 | Andre praksisperiode | 0 | 8 | |||||||||
| PEDA114 | Læraren sin profesjonalitet og yrkesidentitet | 5 | 8 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | - | 1 | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | - | 1 | ||||||||
| Innføringsemne (MAT) (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT101 | Brukarkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering (krav: 225 SP) | ||||||||||||
| Her velger du hvilket fag du vil ta master i | ||||||||||||
| Master i matematikk | ||||||||||||
| Master i matematikk - obligatoriske emner (krav: 100 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | - | 1 | ||||||||
| MAT112 | Grunnkurs i matematikk II | 10 | - | 2 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | - | 2 | ||||||||
| MAT131 | Differensiallikningar I | 10 | - | 2 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | - | 7 | ||||||||
| MATDID201 | Matematikkdidaktikk 1 | 5 | 7 | |||||||||
| MAT399K | Masteroppgåve i matematikk | 30 | - | 10 | ||||||||
| MATDID202 | Matematikkdidaktikk 2 | 5 | 7 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT212 | Funksjonar av fleire variable | 10 | - | 3 | ||||||||
| MAT221 | Diskret matematikk | 10 | - | 3 | ||||||||
| Master i matematikk - valgfrie matematikkemner (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Velg tre matematikkemner med tanke på masteroppgaven | ||||||||||||
| Fire valgfrie emner (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Velg fire emner. Disse emnene kan enten brukes til å fordype deg mer i masterfaget, dekke inn undervisningsfaget naturfag og/eller til å reise på utveksling | ||||||||||||
| Master i matematikk - fag 2 (krav: 65 SP) | ||||||||||||
| Her velger du hvilket undervisningsfag du vil ha i tillegg til matematikk | ||||||||||||
| Fysikk som undervisningsfag (krav: 65 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PHYS111 | Mekanikk 1 | 10 | - | 3 | ||||||||
| PHYS112 | Elektromagnetisme og optikk | 10 | - | 4 | ||||||||
| PHYS113 | Mekanikk 2 og termodynamikk | 10 | - | 4 | ||||||||
| PHYS110 | Perspektiv i fysikk | 10 | - | 5 | ||||||||
| PHYS115 | Kvantefysikk og statistisk mekanikk | 10 | - | 5 | ||||||||
| PHYS114 | Grunnleggjande målevitskap og eksperimentalfysikk | 10 | - | 6 | ||||||||
| PHYSDID200 | Fysikkdidaktikk | 5 | 8 | |||||||||
| Kjemi som undervisningsfag (krav: 65 SP) | ||||||||||||
| Obligatoriske emner (krav: 35 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM110 | Kjemi og energi | 10 | - | 3 | ||||||||
| KJEM120 | Grunnstoffenes kjemi | 10 | - | 5 | ||||||||
| KJEM130 | Organisk kjemi | 10 | - | 4 | ||||||||
| KJEMDID200 | Kjemididaktikk | 5 | 8 | |||||||||
| Minst et av emnene KJEM122 og KJEM131 (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM131 | Organisk syntese og analyse | 10 | - | 5 | ||||||||
| KJEM122 | Syntetisk uorganisk kjemi | 10 | - | 6 | ||||||||
| Max to av kjemiemnene (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MOL100 | Innføring i molekylærbiologi | 10 | - | 4 | ||||||||
| KJEM210 | Kjemisk termodynamikk | 10 | - | |||||||||
| KJEM202 | Miljøkjemi | 10 | - | |||||||||
| KJEM250 | Analytisk kjemi | 10 | - | |||||||||
| MOL200 | Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering | 10 | - | |||||||||
| Biologi som undervisningsfag (krav: 65 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| BIO100 | Innføring i evolusjon og økologi | 10 | - | 3 | ||||||||
| BIO101 | Organismebiologi 1 | 10 | - | 4 | ||||||||
| BIO102 | Organismebiologi 2 | 10 | - | 5 | ||||||||
| BIO103 | Cellebiologi og genetikk | 10 | - | 5 | ||||||||
| BIO104 | Komparativ fysiologi | 10 | - | 6 | ||||||||
| MOL100 | Innføring i molekylærbiologi | 10 | - | 4 | ||||||||
| BIODID200 | Biologididaktikk | 5 | 8 | |||||||||
| Naturfag som undervisningsfag (krav: 65 SP) | ||||||||||||
| I tillegg til emnene som er listet opp må man ta 30 sp innen naturvitenskapelige emner | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID202 | Naturfagdidaktikk II | 5 | 8 | |||||||||
| Biologidel av naturfagkombinasjonen (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| BIO100 | Innføring i evolusjon og økologi | 10 | - | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| BIO101 | Organismebiologi 1 | 10 | - | |||||||||
| BIO102 | Organismebiologi 2 | 10 | - | |||||||||
| Kjemidel av naturfagskombinasjonen (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM110 | Kjemi og energi | 10 | - | 3 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM100 | Kjemi i naturen | 10 | - | |||||||||
| KJEM120 | Grunnstoffenes kjemi | 10 | - | |||||||||
| KJEM122 | Syntetisk uorganisk kjemi | 10 | - | |||||||||
| KJEM130 | Organisk kjemi | 10 | - | 4 | ||||||||
| KJEM131 | Organisk syntese og analyse | 10 | - | |||||||||
| Fysikkdelen av naturfagkombinasjonen (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PHYS101 | Grunnkurs i mekanikk og varmelære | 10 | - | 5 | ||||||||
| PHYS102 | Grunnkurs i elektrisitetslære, optikk og moderne fysikk | 10 | - | 6 | ||||||||
| Master i fysikk med matematikk (krav: 225 SP) | ||||||||||||
| Master i fysikk med matematikk - obligatoriske emner (krav: 165 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | - | 1 | ||||||||
| MAT112 | Grunnkurs i matematikk II | 10 | - | 2 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | - | 2 | ||||||||
| MAT131 | Differensiallikningar I | 10 | - | 2 | ||||||||
| MAT212 | Funksjonar av fleire variable | 10 | - | 3 | ||||||||
| PHYS111 | Mekanikk 1 | 10 | - | 3 | ||||||||
| PHYS112 | Elektromagnetisme og optikk | 10 | - | 4 | ||||||||
| PHYS113 | Mekanikk 2 og termodynamikk | 10 | - | 4 | ||||||||
| PHYS114 | Grunnleggjande målevitskap og eksperimentalfysikk | 10 | - | 4 | ||||||||
| PHYS110 | Perspektiv i fysikk | 10 | - | 5 | ||||||||
| PHYS115 | Kvantefysikk og statistisk mekanikk | 10 | - | 5 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | - | 7 | ||||||||
| MATDID201 | Matematikkdidaktikk 1 | 5 | 7 | |||||||||
| PHYSDID200 | Fysikkdidaktikk | 5 | 8 | |||||||||
| PHYS399K | Masteroppgåve i fysikk | 30 | - | 10 | ||||||||
| MATDID202 | Matematikkdidaktikk 2 | 5 | 7 | |||||||||
| Master i fysikk med matematikk - valgfrie fysikkemner (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Velg tre fysikkemner med tanke på masteroppgaven | ||||||||||||
| Fire valgfrie emner (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Velg fire emner. Disse emnene kan enten brukes til å fordype deg mer i masterfaget, dekke inn undervisningsfaget naturfag og/eller til å reise på utveksling | ||||||||||||
| Master i kjemi (krav: 225 SP) | ||||||||||||
| Master i kjemi - obligatoriske emner (krav: 105 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM110 | Kjemi og energi | 10 | - | 2 | ||||||||
| KJEM130 | Organisk kjemi | 10 | - | 2 | ||||||||
| KJEM120 | Grunnstoffenes kjemi | 10 | - | 3 | ||||||||
| KJEM131 | Organisk syntese og analyse | 10 | - | 3 | ||||||||
| KJEM122 | Syntetisk uorganisk kjemi | 10 | - | 4 | ||||||||
| KJEM210 | Kjemisk termodynamikk | 10 | - | 5 | ||||||||
| KJEM250 | Analytisk kjemi | 10 | - | 6 | ||||||||
| KJEMDID200 | Kjemididaktikk | 5 | 8 | |||||||||
| KJEM399K | Masteroppgåve i kjemi | 30 | - | 10 | ||||||||
| Master i kjemi - valgfrie kjemiemner (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| To kjemiemner velges med tanke på masteroppgaven | ||||||||||||
| Fire valgfrie emner (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Velg fire emner. Disse emnene kan enten brukes til å fordype deg mer i masterfaget, dekke inn undervisningsfaget naturfag og/eller til å reise på utveksling | ||||||||||||
| Master i kjemi - fag 2 (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Her velger du hvilket undervisningsfag du vil ha i tillegg til kjemi | ||||||||||||
| Biologi som undervisningfag. (krav: 70 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID202 | Naturfagdidaktikk II | 5 | 7 | |||||||||
| BIODID200 | Biologididaktikk | 5 | 7 | |||||||||
| BIO100 | Innføring i evolusjon og økologi | 10 | - | 7 | ||||||||
| BIO101 | Organismebiologi 1 | 10 | - | 2 | ||||||||
| BIO102 | Organismebiologi 2 | 10 | - | 5 | ||||||||
| BIO103 | Cellebiologi og genetikk | 10 | - | 6 | ||||||||
| BIO104 | Komparativ fysiologi | 10 | - | 4 | ||||||||
| MOL100 | Innføring i molekylærbiologi | 10 | - | 4 | ||||||||
| Matematikk som undervisningsfag (krav: 70 SP) | ||||||||||||
| Velg ett MAT- eller STAT-emne. MNF130 kan også velges. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | - | 1 | ||||||||
| MAT112 | Grunnkurs i matematikk II | 10 | - | 4 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | - | 2 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | - | 7 | ||||||||
| MATDID201 | Matematikkdidaktikk 1 | 5 | 7 | |||||||||
| MATDID202 | Matematikkdidaktikk 2 | 5 | 7 | |||||||||
| Master i biologi (krav: 225 SP) | ||||||||||||
| Master i biologi - obligatoriske emner (krav: 95 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| BIO101 | Organismebiologi 1 | 10 | - | 2 | ||||||||
| BIO100 | Innføring i evolusjon og økologi | 10 | - | 3 | ||||||||
| BIO102 | Organismebiologi 2 | 10 | - | 3 | ||||||||
| BIO104 | Komparativ fysiologi | 10 | - | 4 | ||||||||
| MOL100 | Innføring i molekylærbiologi | 10 | - | 4 | ||||||||
| BIO103 | Cellebiologi og genetikk | 10 | - | 4 | ||||||||
| BIODID200 | Biologididaktikk | 5 | 7-8 | 8 | ||||||||
| BIO399K | Masteroppgåve i biologi | 30 | - | 10 | ||||||||
| Master i biologi - valgfrie biologiemner (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Velg tre biologiemner med tanke på masteroppgaven | ||||||||||||
| Fire valgfrie emner (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Velg fire emner. Disse emnene kan enten brukes til å fordype deg mer i masterfaget, dekke inn undervisningsfaget naturfag og/eller til å reise på utveksling | ||||||||||||
| Master i biologi - fag 2 | ||||||||||||
| Her velger du hvilket undervisningsfag du vil ha i tillegg til biologi | ||||||||||||
| Kjemi som undervisningsfag. (krav: 70 SP) | ||||||||||||
| Obligatoriske emner (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM110 | Kjemi og energi | 10 | - | 2 | ||||||||
| KJEM120 | Grunnstoffenes kjemi | 10 | - | 7 | ||||||||
| KJEM130 | Organisk kjemi | 10 | - | 2 | ||||||||
| NATDID202 | Naturfagdidaktikk II | 5 | 7 | |||||||||
| KJEMDID200 | Kjemididaktikk | 5 | 8 | |||||||||
| Minst et av emnene KJEM122 og KJEM131 (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM131 | Organisk syntese og analyse | 10 | - | 5 | ||||||||
| KJEM122 | Syntetisk uorganisk kjemi | 10 | - | 6 | ||||||||
| Max to av kjemiemnene (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MOL100 | Innføring i molekylærbiologi | 10 | - | 4 | ||||||||
| KJEM210 | Kjemisk termodynamikk | 10 | - | |||||||||
| KJEM202 | Miljøkjemi | 10 | - | |||||||||
| KJEM250 | Analytisk kjemi | 10 | - | |||||||||
| MOL200 | Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering | 10 | - | |||||||||
| Matematikk som undervisningsfag (krav: 70 SP) | ||||||||||||
| Velg ett MAT- eller STAT-emne. MNF130 kan også velges. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | - | 1 | ||||||||
| MAT112 | Grunnkurs i matematikk II | 10 | - | 4 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | - | 2 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | - | 7 | ||||||||
| MATDID201 | Matematikkdidaktikk 1 | 5 | 7 | |||||||||
| MATDID202 | Matematikkdidaktikk 2 | 5 | 7 | |||||||||
| Dekke naturfag i tillegg til to fag? | ||||||||||||
| Det er obligatorisk med to undervisningsfag i lektorprogrammet. Dersom du ønsker det kan du bruke de valgfrie emnene i programmet til å ta det som gjenstår for å dekke naturfag i tillegg. Med to obligatoriske undervisningsfag inngår allerede minst 60 sp i ett eller to av fagene fysikk, kjemi, biologi. For å dekke naturfag som undervisningsfag må du i tillegg ta minst 20 sp innen de(t) av fagene fysikk, kjemi, biologi som du ikke allerede har dekket. Eks. Har du valgt master i kjemi, med biologi ved siden av, må du ta minst 20 sp innen fysikk. Eks. Har du valgt master i fysikk, må du ta minst 20 sp i hvert av fagene biologi og kjemi. Anbefalte emner: Fysikk: PHYS101 + PHYS102, Biologi: To av emna BIO100, BIO101 og BIO102, Kjemi: KJEM110 + et av emna KJEM100, KJEM120, KJEM122, KJEM130, KJEM131 | ||||||||||||