Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i anvend og utrekningsorientert matematikk

  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust/vår
  • Studiepoeng120

Presentasjon

Mål og innhald

Anvend og utrekningsorientert matematikk er eit felt der matematikk brukast til å løyse praktiske og teoretiske problem frå forskjellige område. Anvende problemstillingar kjem gjerne frå naturvitskap, industri, ressursforvalting, medisinsk biletbehandling og andre område. Gjennom ein modelleringsprosess vert problema skildra i matematisk form av ein eller fleire likningar. Desse likningane vert løyst med hjelp av numeriske verktøy, og resultantane brukas til å få betre innsikt i dei opphavlege problema. Ein viktig del av fagfeltet er dessutan grunnleggjande metodeutvikling innan utrekningsorientert matematikk, der ein undersøker korleis ulike klassar av matematiske problem kan representerast og løysast effektivt ved hjelp av datamaskinar.

Etter utdanning i anvend og utrekningsorientert matematikk skal studenten vere i stand til å løyse praktiske problem frå forskjellege område ved hjelp av matematisk modellering, analyse og numerisk utrekning. Vidare skal studenten ha eit teoretisk fundament som gjev grunnlag for å forstå forskingslitteratur innan fagfeltet og kunne nytte nye metodar og resultat i praktisk arbeide.

Det er to obligatoriske emne i masterprogrammet: MAT252 Kontinuumsmekanikk og MAT260 Reknealgoritmar 2. Dei resterande emna velges i samråd med rettleiar. Sjå spesialiseringane (under) for anbefalde emne.

Studenten skriv masterprosjekter i anvend og utrekningsorientert matematikk innan følgjande tema: anvend analyse, biletbehandling, fluidmekanikk, havmodellering, inverse problem, mekanikk og dynamiske system, miljømatematikk, numerisk matematikk, reknevitskap, reservoarmatematikk og skuleretta matematikk.

Omtale av spesialiseringane:

  • Anvend analyse er retta mot utvikling av analytiske og konstruktive metodar for løysing av differensial- og integrallikningar frå ulike bruksområde. Tilrådde forkunnskapar: MAT211, MAT213, MAT230. emne/MAT211Sentrale emne: MAT232, MAT234.
  • Bildebehandling rettar seg mot utvikling og analyse av numeriske metodar for handsaming av bilde frå medisinsk forsking, datateknologi og andre større simuleringsoppgåver. Tilrådde forkunnskapar: STAT110, MAT213, MAT261.Sentrale emne: MAT234, MAT262, INF270. emne/MAT234
  • Fluidmekanikk og havmodellering rettar seg mot analytiske og numeriske studium av bølgjer og strøymingar på industriell og geofysisk skala. Bakgrunn i fysisk oseanografi er nyttig for dei som vil studere havstraumar. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT252. Sentrale fag: MAT234, MAT253. emne/MAT234
  • Inverse problem involverar typisk estimering av storleikar basert på indirekte målingar. Døme er dynamisk reservoar karakterisering og monitorering. Tilrådde forkunnskapar: STAT110, MAT230. Sentrale fag: MAT234, MAT254, MAT265.
  • Mekanikk og dynamiske system rettar seg mot modellering av fysiske og biologiske system med vekt på samanhengar mellom prosessar på det mikroskopiske og det makroskopiske nivå. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230. Sentrale fag: MAT251. emne/MAT251
  • Miljømatematikk rettar seg mot problem knytt til inngrep i og forvaltning av miljøet. Modellering og differensiallikningar er sentrale emne. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT260. Sentrale fag: MAT234, MAT254.
  • Numerisk matematikk ser på utvikling og drøfting av numeriske metodar som vert brukt i utrekningsoppgåver. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT260. Sentrale fag: MAT236, MAT261, MAT360. emne/MAT236
  • Reknevitskap bruker utrekningar til å søke innsikt i kompliserte fenomen som vanskeleg kan finnast bare ved teoretiske vurderingar og laboratorieeksperiment. Modellering, simulering og visualisering vert brukt i problemløysinga. Tilrådde forkunnskapar: MAT230, MAT260. Sentrale fag: MAT261, MAT360.
  • Reservoarmatematikk rettar seg mot analytiske og numeriske studiar av strøyming i oljereservoar. Dette er oppgåver som ein møter i samband med utvinning av olje og gass. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT260. Sentrale emne: MAT234, MAT254.
  • Skoleretta matematikk (tar ikkje opp nye studentar!) kan vere innafor ei av spesialiseringane over. Kursdelen er på 60 sp matematikkemne og 30 sp pedagogikk - og fagdidaktikkemne. Masteroppgåva er på 30 sp, som skal gjennomførast siste semester. I tillegg må studenten fylle opptakskrava ved UiB til praktisk-pedagogisk utdanning, sjå http://www.uib.no/studieprogram/PRAPED Med eit halvt års praktisk-pedagogisk tilleggsutdanning vil ein vere formelt kvalifisert som realfagslærer i skolen.

Emneliste: http://www.uib.no/math/emner og http://www.uib.no/matnat/emner

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår

Kva lærer eg

Læringsutbyte

 Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • Kan tileigne seg og anvende kunnskap i grunnleggjande matematisk og statistisk teori som kalkulus, lineær algebra og statistiske metodar.
  • Kan stille opp generelle modellar for analyse av data med usikkerheit ved hjelp av omgrep frå sannsynsteori.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • Kan analysere praktiske problemstillingar i finans og forsikring på basis av eit solid grunnlag i matematikk og statistikk.
  • Kan gjennomføre berekningar som vert krevd i arbeid som aktuar ved verksemd i livsforsikring og skadeforsikring, inkludertfastsetting av forsikringspremiar og kapitalreserver.
  • Kan behandle sannsynsmodellar i finans.
  • Kan finne relevant metodelitteratur for gitte statistiske problemstillingar og tilpasse teorien frå litteraturen til situasjonar med andre føresetnader.
  • Beherskar grunnleggjande økonomiske modellar.
  • Ha gode praktiske ferdigheiter i bruk av relevant programverktøy.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Kan presentere, munnleg og skriftleg, vitskapleg resultat basert på analyser, sett i samanheng med eksisterande forskingsresultat, også til ikkje-spesialistar.
  • Kan oppsøke, kritisk vurdere og anvende statistikk-kunnskap.
  • Kan arbeide sjølvstendig og i gruppe med omfattande og krevjande faglege oppgåve.
  • Demonstrerer forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Dersom du ønskjer eit utlandsopphald i masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar

Korleis søke

Opptakskrav

Alle bachelorgrader med følgjande minimum av matematiske forkunnskapar vil kvalifisere for opptak: MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212, INF100 + eit av kursa MAT213, MAT230, MAT251, MAT252, MAT160, STAT110. (OBS: Karaktersnittet på desse emna må vere minst C. Vi vil fråråde oppstart på programmet dersom karakteren i det sentrale matematikkemnet MAT212 er dårlegare enn C.) Du kan også bli teken opp på grunnlag av ei individuell vurdering, men må ha minst samme omfang av matematiske/informatiske forkunnskapar som skissert over. Tilrådde forkunnskapar er MAT160 Reknealgoritmar I, MAT213 Funksjonsteori og MAT230 Ikkje-lineære differensiallikningar.  

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass. For meir informasjon om opptak, sjå:

http://www.uib.no/matnat/57454/opptak-til-masterstudium-ved-det-matematisk-naturvitenskapelige-fakultet

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår

Oppbygging

Master i anvendt og beregningsorientert matematikk (krav 120 SP)
Obligatorisk emne (krav 20 SP)
NB! MAT252 og MAT260 må være gjennomført og bestått i løpet av bachelor- eller masterstudiet.
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAT252Kontinuumsmekanikk101–41
MAT260Reknealgoritmar 2101–41
Valfritt emne (krav 40 SP)
Masteroppgåve (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAB399Masteroppgåve i anvend og utrekningsorientert matematikk601–43
Utveksling
Valfritt
Utenlandsopphold, vår
Utenlandsopphold, høst
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

About the programme

Les heile studieplanen

Contact

Matematisk institutt

Matematisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@math.uib.no, Tlf 55 58 28 34
More information