Hjem

Utdanning

Topologi

  • Lengde2 år
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Topologi er ei grein av matematikken der ein studerar geometriske former som kurver, flater og høgare dimensjonale rom. Slike objekt førekjem naturlig innan nærliggjande fagfelt, til dømes fysikk. Ein topologisk analyse kan då til dømes gje informasjon om utviklinga av eit fysisk system. Eit av dei sentrale topologiske problema er å klassifisera geometriske former. Dette vert ofte gjort ved å introdusere såkalla algebraiske invariantar, som måler kvalitative geometriske fenomen. Det er dermed ein nær samanheng mellom fagfelta topologi og algebra.

Fagleg profil

Moglege masteroppgåver kan bli gitt innanfor algebraisk topologi og algebraisk K-teori. Det kan også vere aktuelt med oppgåver i stabil homotopiteori, spesielt i teorien for ringspektra og høgare strukturar som er assosierte med desse.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i matematikk - topologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ved fullførd masterprogram i Topologi skal studentane kunne:

  • Greie ut om bruk av topologi.
  • Formulere geometriske problem ved hjelp av omgrep frå topologi.
  • Utvikle matematiske bevis.
  • Gjengje matematiske tekster.
  • Gjere sjølvstendige matematiske resonnement og utrekningar.
  • Hente inn og utforske matematiske tekstar.
  • Identifisere teori og metodar som kan brukast til å analysere og/eller løyse eit konkret matematisk problem.
  • Forenkle matematiske resonnement ved å skissere strukturen og dei viktigaste elementa.
  • Framstille, illustrere og eksemplifisere sentrale omgrep i fagfeltet.
  • Skrive og framstille matematikk etter faglege standard, og på ein forståeleg og leseverdig måte.
  • Skrive eit matematisk arbeid og presentere det i eit foredrag. Arbeidet må omhandle sentrale deler av fagfeltet som til dømes mangfaldigheitar, homotopiteori, homologi eller K-teori.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar.

Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Alle bachelorgrader med følgjande minumum av matematiske forkunnskapar vil kvalifisere for opptak: MAT111 Grunnkurs i matematikk I, MAT112 Grunnkurs i matematikk II, MAT121 Lineær algebra, MAT211 Reell analyse, MAT212 Funksjonar av fleire variable, MAT220 Algebra, MAT242 Topologi eller MAT243 Mangfaldigheitar. (OBS: Karaktersnittet på desse kursa må minst vere C. Vi vil fråråde oppstart på denne mastergraden dersom karakterane i dei sentrale matematikkursa MAT211, MAT212, MAT220 og MAT242/MAT243 er dårlegare enn C.) Tilrådde forkunnskapar: MAT213 Funksjonsteori, INF223 Kategoriteori. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

About the programme

Les heile studieplanen

Contact

Matematisk institutt

Ta kontakt med studierettleiar:

Studierettleiar@math.uib.no
Telefon 55 58 28 34