Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i molekylærbiologi

Molekylærbiologi

Oppstart

Haust (hovudopptak), suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Molekylærbiologi handlar om dei biologiske makromolekyla og dei livsprosessane der desse inngår.

Studiestart

Haust (hovudopptak), suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Bachelorgrad i molekylærbiologi eller tilsvarande utdanning. Tilsvarande utdanning kan vera til døme treårig relevant ingeniørutdanning eller bioingeniørutdanning, bachelor i biologi, kjemi, fysikk og informatikk. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste hovudopptak vart det tatt i bruk venteliste.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar.

Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på
www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i molekylærbiologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart

Haust (hovudopptak), suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Molekylærbiologi handlar om dei biologiske makromolekyla og dei livsprosessane der desse inngår.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført mastergard i molekylærbiologi skal kandidaten kunne: Kunnskapar

- Gjengi fakta og drøfte teoretiske aspekt om protein sin struktur og funksjon på eit avansert nivå

- Forklare det teoretiske grunnlaget for grunnleggjande molekylærbiologiske metodar, og drøfte og grunngje val av metodar for å løyse gitte problem

- Forklare og drøfte teori og/eller vitskapelege artiklar innan valde, vidaregåande emne innan molekylærbiologi og eventuelt tilstøytande fagfelt

- Vise at ein har avansert kunnskap innanfor molekylærbiologi generelt og på et godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytt til mastergradsprosjektet

Ferdigheiter

- Bruke grunnleggjande molekylærbiologiske metodar innan genteknologi, uttrykking, reinsing og analyse av protein, og celledyrking

- Planleggje og gjennomføre biokjemiske og molekylærbiologiske eksperiment og vurdere resultata i lys av dei hypotesane som blir testa

- Utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer

- Handtere og presentere kvantitative data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og anvende dei mest grunnleggjande statistiske prinsipp

- Analysere molekylærbiologiske problemstillingar og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av molekylærbiologisk teori og metode

- Innhente, analysere og anvende ny kunnskap innanfor fagområdet

- Analysere og halde seg kritisk til vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan molekylærbiologi

- Analysere, tolke og drøfte eigne data på ein faglig god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde

Generell kompetanse

- Kunne analysere vitskapelege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om angrepsvinklar og måtar å løyse problem på.

- Gje god skriftlig og munnleg framstilling av vitskapelege tema og forskingsresultat.

- Kommunisere om faglige problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor biokjemi og molekylærbiologi, både med spesialistar og til allmennheita

- Kunne reflektere over sentrale, etiske og vitskapelege problemstillingar i forhold til eige og andre sitt arbeid.

- Demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon, pålitelegheit og betydning av å skilje mellom kunnskap og meiningar.

Opptakskrav

Bachelorgrad i molekylærbiologi eller tilsvarande utdanning. Tilsvarande utdanning kan vera til døme treårig relevant ingeniørutdanning eller bioingeniørutdanning, bachelor i biologi, kjemi, fysikk og informatikk. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste hovudopptak vart det tatt i bruk venteliste.

Obligatoriske emne / spesialisering

Masterprogrammet er sett saman av eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 sp og emne på til saman 60 sp. Emna MOL300 Praktisk molekylærbiologi 20 sp (haust) og MOL310 Strukturell molekylæbiologi 10 sp (vår) er obligatoriske i mastergraden. I tillegg kan Programstyret kreve at du tek emne i molekylærbiologi eller kjemi for å styrke kunnskapen din innan desse fagområda. Minst eitt emne i bioinformatikk, virologi, immunologi, utviklingsgenetikk, tumorbiologi eller toksikologi er tilrådd blant dei valfrie emna. Emne i t.d. molekylærbiologi, kjemi eller biologi kan inngå som valemne, avhenging av din bakgrunn. MOL301 Biomolekyl må inngå i det første semesteret for studentar i bioinformatikk som ikkje har fagleg bakgrunn i molekylærbiologi.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

Undervisningsmetodar

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.

Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Når masteroppgåva er innlevert, godkjent og vurdert, avsluttes studiet med ein munnleg mastergradseksamen.

Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F

Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Yrkesvegar

Molekylærbiologar arbeider innan forsking og undervising ved universitet og statlege høgskular. Universitetssjukehus og andre større sjukehus sysselset også molekylærbiologar. I tillegg jobbar molekylærbiologar i bedrifter innan til dømes matforsking, oljeindustri, marin forsking, kosttilskot, rettsgenetikk, miljøforsking og medisin. Molekylærbiologar kan også jobbe i internasjonal farmasøytisk og bioteknologisk industri og forsking. Til dømes har kandidatar med ei grad i molekylærbiologi frå UiB har fått jobb i Tyskland, Nederland og Australia. Molekylærbiologar arbeidar dessutan innan administrasjon og undervising i vidaregåande skule og i offentleg forvalting.

Studiet skal gi godt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan molekylærbiologi eller nærliggande fagfelt.

Fagansvarleg

Molekylærbiologisk institutt v/professor Rune Male. E-postadresse: Rune.Male@mbi.uib.no

Adminstrativ ansvarleg

Molekylærbiologisk institutt v/studiekonsulent. E-postadresse: studierettleiar@mbi.uib.no

MAMN-MOL/Masterprogram i molekylærbiologi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Obligatorisk emne (krav: 30 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MOL300 Praktisk molekylærbiologi 20 1-4 1
MOL310 Strukturell Molekylærbiologi 10 1-4 2
Valfritt emne (krav: 30 SP)
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
MOL211 Virologi 10 1-4 1
MOL301 Biomolekyl 10 1-4 1
MOL212 Immunologi 10 1-4 1
MOL213 Utviklingsgenetikk 10 1-4 1
MOL215 Tumorbiologi 10 1-4 2
MOL216 Toksikologi - 1-4 2
MOL217 Anvendt Bioinformatikk II 10 1-4 2
Masteroppgåve (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MOL399 Masteroppgåve i Molekylærbiologi 60 3