Hjem

Utdanning

Sikkerheitsteknologi

  • Lengde2 år
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Prosessindustrien (olje/naturgass, kjemisk, metallurgisk m.m.) er eksportretta og har stor innverknad på økonomien til landet vårt. Både råvarer, mellomprodukt, ferdigprodukt og dei mange ulike prosessane involvert kan representere fare for ulukker, og sikkerheitsarbeidet får derfor høg prioritet. Gjennom omfattande forskingsprogram dei siste åra er det etablert ny kunnskap om komplekse fenomen som inngår i en ulykke, for eksempel gassutslipp, brann og eksplosjon. Dette er svært verdifull kunnskap som enda ikkje er fullt utnytta i praksis. Eit viktig moment i studiet er å søke å utnytte denne grunnleggande kunnskapen ved å anvende den i aktuelle praktiske problemstillingar, for å vise at prosessikkerheit er ein samanhengjande og tverrfagleg engineeringsprosess. Sentrale masteroppgåver er førebygging og kontroll av gassutslepp, eksplosjonar, brannar, varmeavgjevande kjemiske reaksjonar ("run-away") og utslepp av giftige/korroderande stoff.

Fagleg profil

I denne studieretninga blir det lagt vekt på å gi studentane ei forståing av kjemisk prosessteknologi og sikkerheit relatert i lys av grunnleggande fysikk, fluiddynamikk, termodynamikk, risikoanalyse og kunnskap om komplekse fenomen som inngår i ei ulukke, til dømes gassutslepp, brann og eksplosjon. Gjennom denne kunnskapen øvast evne til analyse av korleis ulukker i prosessindustrien kan unngåas eller konsekvensane avgrensas. Det er mogleg å ta deler av fagstudiet og/eller masteroppgåva ved HSH i Haugesund, som har god kompetanse på brann. Masteroppgåva blir ofte utført i tett samarbeid med eksterne verksemder, særleg GexCon AS, Bergen, som er blant dei fremste forskingsmiljøa i verda på områda støv- oljetåke- og gass-eksplosjonar, både eksperimentelt og teoretisk. Mastersoppgåva er eksperimentell og/eller modellering. Døme på tidlegare eksperimentelle oppgåver er; Eksplosjonbekjemping med salt partiklar, Minste tennenergi for gassblandingar, Effekt av væskebrannar, Måling av forbrenningshastigheiter og eksplosjonsutvikling i gass og støv, Effekt av rust på flammespalter og eksplosjonstrygt utstyr. Døme på modelleringsoppgåver er CFD modellering av; Gassutslepp av giftige og brennbare gassar, Eksplosjons- og brannberekningar. Samanlikning av CFD berekningar av gasspreiing og eksplosjonar mot enklare modeller.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i prosessteknologi, sikkerheitsteknologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ein kandidat med mastergrad i sikkerheitsteknologi skal ha ein solid, forskingsbasert kunnskap og omfattande erfaring og forståing av prosessteknologisk forsking i det heile. Kandidaten har trening i å arbeide sjølvstendig i forhold til ei forskingsoppgåve. Dette arbeidet omfattar følgjande element:

  • å setje seg inn i ei ny vitskapleg problemstilling ut frå litteraturen
  • å formulere ein hypotese eller ei problemstilling som kan testast
  • å gjere ei kritisk vurdering av det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og identifisere område som krev ny kunnskap eller forståing
  • vurdere metodar og velje ein metode som kan gje ny kunnskap
  • gjennomføre arbeidet
  • tolke resultata i høve til problemstillinga
  • presentere forskingsarbeidet skriftleg og munnleg innanfor ramma av vitskapelig formidling

Kandidaten vil ha omfattande kunnskap som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Bachelor i petroleum- og prosessteknologi, fysikk, kjemi eller ingeniørfag (linjer som sikkerheit, brann, prosess, kjemi, energiteknologi) eller tilsvarande.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. For interne programstudentar vil det si eit snitt på 3,0 i spesialiseringa (ut frå ein skala der A=5,0 og E=1,0). For studentar med en anna fagleg samansetning av bachelorgraden frå andre program eller institusjonar, kan fleire kriterium bli tatt med i vurdering av opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter opptaksgrunnlaget.

Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen

Kontakt

Institutt for fysikk og teknologi

Ta kontakt med studierettleiar:

studie.ptek@uib.no

telefon 55 58 28 64