Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i statistikk

  • Studiepoeng120
  • Lengde2 år
  • StudiestartHaust/vår
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudieplanLes studieplan

Presentasjon

Graden

Masterprogrammet fører fram til graden master i statistikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Programmet rettar seg mot studentar med ei interesse i matematikk og statistikk, og som vil kvalifisere seg for forsking og utvikling i statistikk eller innan eit felt der statistikk er sentralt.

I masterprogrammet i statistikk kan du velje mellom følgjande studieretningar:

  • Dataanalyse: Ei mastergradsoppgåve i dataanalyse kan innebere at ein analyserer eit konkret datasett. Typisk nyttar ein numeriske teknikkar for å vurdere metodane som inngår i tolking av data. Det er ofte snakk om simulering gjennomført ved eigne program. Dessutan byggjer gjerne sjølve analysemetoden på tidkrevjande numeriske rutinar i tillegg til matematiske formuleringar. Studieretninga gir god bakgrunn for seinare arbeid med analyse av kompliserte datasett innanfor ulike praktiske fagfelt. Obligatoriske emne: STAT201 Generaliserte lineære modellar, STAT210 Statistisk inferensteori og STAT220 Stokastiske prosessar.
  • Finansteori og forsikringsmatematikk: Studiet er tilpassa dei metodane som trengst ved praktisk arbeid innanfor forsikring og finans. Det inneheld både modellering som byggjer direkte på sannsynsrekning og metodar for analyse av aktuelle datasett. Mastergraden i statistikk med denne studieretninga gir aktuarkompetanse. Obligatoriske emne: STAT201 Generaliserte lineære modellar, STAT210 Statistisk inferensteori, STAT220 Stokastiske prosessar, STAT230 Livsforsikringsmatematikk, STAT231 Skadeforsikringsmatematikk og risikoteori og STAT240 Finansteori.
  • Matematisk statistikk: I matematisk statistikk ser ein på eigenskapane ved metodane som blir brukte til å analysere observasjonsmateriale. Ein utnyttar matematiske teknikkar for å undersøkje kva for metodar det er som best tek omsyn til informasjonen som ligg i observasjonane. Teknikkane byggjer i stor grad på sannsynsrekning. Nye metodar blir også formulerte ved bruk av matematiske hjelpemiddel. Obligatoriske emne: STAT201 Generaliserte lineære modellar, STAT210 Statistisk inferensteori, STAT220 Stokastiske prosessar, STAT221 Grensesetningar i sannsynsrekning og MAT211 Reell analyse.

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår.

Oppbygging

Masterprogram i statistikk (krav 120 SP)
Studieretning
Når du søker opptak til masterprogrammet, kan du prioritere mellom studieretningene.
Dataanalyse (krav 60 SP)
Obligatorisk emne (krav 40 SP)
STAT201,STAT210 og STAT220 må være gjennomført og bestått i løpet av bachelor- eller masterstudiet.
Vel minst fire av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
STAT201Generaliserte lineære modellar101–4
STAT210Statistisk inferensteori101–4
STAT211Tidsrekkjer og økonometri101–4
STAT220Stokastiske prosessar101–4
STAT221Grensesetningar i sannsynsrekning101–4
STAT310Multivariabel statistisk analyse101–4
Valgfritt emne (krav 20 SP)
Finansteori og forsikringsmatematikk (krav 60 SP)
Obligatorisk emne (krav 40 SP)
STAT201,STAT210,STAT220,STAT230,STAT231 og STAT240 må være fullført og bestått i løpet av bachelor- eller masterstudiet.
Vel minst fire av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
STAT201Generaliserte lineære modellar101–4
STAT210Statistisk inferensteori101–4
STAT211Tidsrekkjer 101–4
STAT220Stokastiske prosessar101–4
STAT221Grensesetningar i sannsynsrekning101–4
STAT230Livsforsikringsmatematikk101–4
STAT231Skadeforsikringsmatematikk og risikoteori101–4
STAT240Finansteori101–4
STAT310Multivariabel statistisk analyse101–4
Valgfritt emne (krav 20 SP)
Matematisk statistikk (krav 60 SP)
Obligatorisk emne (krav 40 SP)
STAT201, STAT210,STAT220,STAT221 og MAT211 må være fullført og bestått i løpet av bachelor- eller masterstudiet.
Vel minst fire av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAT211Reell analyse101–4
MAT215Mål- og integralteori101–4
STAT201Generaliserte lineære modellar101–4
STAT210Statistisk inferensteori101–4
STAT211Tidsrekkjer og økonometri101–4
STAT220Stokastiske prosessar101–4
STAT221Grensesetningar i sannsynsrekning101–4
STAT240Finansteori101–4
STAT310Multivariabel statistisk analyse101–4
STAT321Målteoretisk sannsynsteori101–4
Valgfritt emne (krav 20 SP)
Masteroppgåve i statistikk (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
STAT399Masteroppgåve i statistikk603
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Studieretningar

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Kontakt

Meir informasjon

Matematisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost studierettleiar@math.uib.no

Tlf 55 58 28 34