Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi

Oppstart

Annan kvar haust (like år).

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i arbeids- og organisasjonspsykologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng) og byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande grad.

Mål og innhald

Studiet har som mål å gje deg evidensbygde kunnskapar om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Ein vil særskild fokusere på rolla som endringsagent og analyseverktøy for leiar, gruppe- og organisasjonsutvikling.

Studiet er konsentrert om følgjande tema:

  • organisasjonar og grupper si oppbygging og verkemåtar, med vekt på endring,
  • individuelle føresetnader for å virke i organisasjonar og grupper
  • rolla som endringsagent
  • forskingsdesign og -metodar
  • måleverktøy og arbeidsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling,
  • etiske problemstillingar og dilemma.

Fagleg profil

Det overordna målet med masterprogrammet er å utvikle kunnskapar og ferdigheiter som gjeld systematisk og forskingsbasert utviklingsarbeid i organisasjonar. I denne samanhang vil ein spesielt vektleggje: 1) innsamling av relevant og gyldig informasjon som basis for å forstå, ta avgjerder og utvikle individ, grupper og organisasjonar, og 2) rolla som rådgivar og endringsagent i og for organisasjonar. Studiet inngår i eit fleirfagleg samarbeid mellom humanistiske, samfunnvitskaplege og psykologiske fag der eitt emne (15 studiepoeng) er knytt til dette samarbeidet: Tradisjonar i arbeidslivsforskinga (AHS311).

Oppstart

Annan kvar haust (like år).

Krav til forkunnskapar

Grunnlaget for opptak er ein bachelorgrad i psykologi med minimum 90 studiepoeng fordjuping i psykologi. Følgjande emne må inngå i opptaksgrunnlaget:

Psykologisk forskingsmetode (15 studiepoeng): PSYK 202A eller 202B

Arbeids- og organisasjonspsykologi PSYK110 (30 studiepoeng) eller

PSYK103 (15 studiepoeng) og PSYK 104 (15 studiepoeng)

Leiingspsykologi (15 studiepoeng): PSYK 200

Bacheloroppgåve i psykologi (15 studiepoeng): PSYK 201 eller PSYK 250.

(Eksamen i PSYK102 avlagt innan vårsemesteret 2007 gjer fritak for PSYK202A).

Gjennomsnittskarakteren på emnene som inngår i opptaksgrunnlaget må være C eller bedre.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det psykologiske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/psyfa/utdanning/opptak/masterstudium#soslashknadsprosedyre

Meir infomasjon

studierettleiar.psyfa@uib.no / 55 58 27 10

Mål og innhald

Studiet har som mål å gje deg evidensbygde kunnskapar om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Ein vil særskild fokusere på rolla som endringsagent og analyseverktøy for leiar, gruppe- og organisasjonsutvikling.

Studiet er konsentrert om følgjande tema:

  • organisasjonar og grupper si oppbygging og verkemåtar, med vekt på endring,
  • individuelle føresetnader for å virke i organisasjonar og grupper
  • rolla som endringsagent
  • forskingsdesign og -metodar
  • måleverktøy og arbeidsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling,
  • etiske problemstillingar og dilemma.

Opptaksgrunnlag

Grunnlaget for opptak er ein bachelorgrad i psykologi med minimum 90 studiepoeng fordjuping i psykologi. Følgjande emne må inngå i opptaksgrunnlaget:

Psykologisk forskingsmetode (15 studiepoeng): PSYK 202A eller 202B

Arbeids- og organisasjonspsykologi PSYK110 (30 studiepoeng) eller

PSYK103 (15 studiepoeng) og PSYK 104 (15 studiepoeng)

Leiingspsykologi (15 studiepoeng): PSYK 200

Bacheloroppgåve i psykologi (15 studiepoeng): PSYK 201 eller PSYK 250.

(Eksamen i PSYK102 avlagt innan vårsemesteret 2007 gjer fritak for PSYK202A).

Gjennomsnittskarakteren på emnene som inngår i opptaksgrunnlaget må være C eller bedre.

Krav til forkunnskapar

Grunnlaget for opptak er ein bachelorgrad i psykologi med minimum 90 studiepoeng fordjuping i psykologi. Følgjande emne må inngå i opptaksgrunnlaget:

Psykologisk forskingsmetode (15 studiepoeng): PSYK 202A eller 202B

Arbeids- og organisasjonspsykologi PSYK110 (30 studiepoeng) eller

PSYK103 (15 studiepoeng) og PSYK 104 (15 studiepoeng)

Leiingspsykologi (15 studiepoeng): PSYK 200

Bacheloroppgåve i psykologi (15 studiepoeng): PSYK 201 eller PSYK 250.

(Eksamen i PSYK102 avlagt innan vårsemesteret 2007 gjer fritak for PSYK202A).

Gjennomsnittskarakteren på emnene som inngår i opptaksgrunnlaget må være C eller bedre.

Metode

I arbeidet med masteroppgåva kan du velje mellom å bruke kvalitative og/eller kvantitative forskingsmetodar. Emnet forskingsmetode førebur deg på å nytte begge desse metoderetningane.

Masteroppgåve

Gjennom forskingspraksis skal masteroppgåva gje studentane djupare innsikt i teori og empiri på eit avgrensa område. Oppgåva skal utvikle studentane sine evner til ei kritisk handsaming av avgrensa problemstillingar ved hjelp av vitskaplege metodar. I denne forskingspraksisen vert det og lagt stor vekt på oppgåveløysing gjennom samarbeid studentane imellom. Det vert stilt krav til ei skriftleg framstilling i tråd med ei vitskapleg avhandling som følgjer APA-standarden.

Yrkesvegar

Studiet tek sikte på å formidle kunnskap om det psykososiale arbeidsmiljøet, leiing, verdiskaping og helse innan organisert arbeid. Målet er at kandidaten, i rolla som til dømes leiar, medarbeidar, rådgjevar, konsulent eller analytikar skal få ein utvida kompetanse i det å forstå, ivareta og utvikle menneske og menneskeleg samspel innan organisasjonar. Dette gjeld også det å førebyggje belastningar og handtere konfliktar. Kandidatar med ein mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi kan arbeide innan personal- og organisasjonsutvikling, både i privat og offentleg sektor, og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Viss ein går vidare på eit doktorgradsstudium, vil forskarstillingar innan universitet og høgskular vere aktuelle.

Oppstart

Haust

Administrativt ansvarleg

studere.uib.no/psykologi

studierettleiar@psyfa.uib.no / 55 58 27 10

Planforslag

Studiet er satt saman av ein teoretisk del (30 sp), ein praktisk del (30 sp), forskingsmetode (15 sp) og masteroppgåva (45 sp). Studentane må følgje den studieprogresjon som ligg i planen. Masterstudiet er eit fulltidsstudium. Alle aktivitetar som foregår mellom fagsamlingane er obligatoriske. Eit masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi kan sjå slik ut:

1. semester:

  • PSYK301: Organisasjonsutvikling: Tradisjonelle og kritiske perspektiv (15 sp)
  • AHS311: Tradisjonar i arbeidslivsforskninga (15 sp)

2. semester:

  • PSYK303: Intervensjonar i grupper og organisasjonar 1: Leiar og teamutvikling (10 sp)
  • PSYK304: Intervensjonar i grupper og organisasjonar 2: Konflikthandtering og arbeidsmiljøutvikling (10 sp)
  • PSYK305: Rolla som endringsagent i praksis: Prosjektarbeid i organisasjonar (10 sp)

3. semester:

3. og 4. semester:

PSYK350 Masteroppgåve (45 sp)

PSYK3M Praktisk metodisk dugleik (0 sp)

MAPS-AOP/Masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Obligatoriske emner (krav: 75 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PSYK301 Organisasjonsutvikling: Tradisjonelle og kritiske perspektiv 15 1-4 1
AHS311 Tradisjonar i arbeidslivsforskinga 15 1-4 1
PSYK303 Intervensjonar i grupper og organisasjonar 1: Leiar- og teamutvikling 10 2-4 2
PSYK304 Intervensjonar i grupper og organisasjonar 2: Konflikthandtering og arbeidsmiljøutvikling 10 2-4 2
PSYK305 Rolla som endringsagent i praksis; Prosjektarbeid i organisasjonar 10 2-4 2
PSYK306 Forskingsmetode 15 3-4 3
Masteroppgave i arbeids- og organisasjonspsykologi (krav: 45 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PSYK350 Masteroppgåve i arbeids- og organisasjonspsykologi 45 3-4 3
Avsluttende eksamen (krav: 0 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PSYK3M Praktisk-metodisk ferdigheit 0 4