Hjem
Click

Utdanning

Masterprogram

Masterprogram i barnevern

  • Studiepoeng120
  • Antall år2
  • StudiekodeMAPS-BARN
  • Antall plasser20
  • StudiestartHaust
  • SpråkNorsk/engelsk

Presentasjon

Introduksjon

Vil du være med på å sikre samfunnets behov for et kunnskapsbasert barnevern? Ta en master i barnevern ved Universitetet i Bergen!

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i barnevern. Studiet er toårig (120 studiepoeng) og bygger på bachelorgrad.

Mål og innhald

Masterprogram i barnevern skal bidra til å sikre samfunnet sitt behov for eit kunnskapsbasert barnevern gjennom å utdanne kandidatar som kan tileigne seg, vurdere, integrere og bruke forskingsbasert kunnskap, samt kunne nærme seg praksisfeltet på ein fagleg, analytisk og reflektert måte. Studiet dannar også eit rekrutteringsgrunnlag for framtidige Phd-kandidatar.

Fagleg profil

Masterprogrammet skal medvirke til en kompetanseheving som vil styrke ivaretaking av barnet sitt beste i alle faser av barnevernstjenestens arbeid. Masterprogrammet gir også trening i å gjennomføre vitskaplige utrednings- og forskingsarbeid, blant annet i form av et større selvstending arbeid.

Oppstart

Haust

Studiestart - semester

Haust

Læringsutbyte

Læringsutbyte

Kandidatar skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten:

  • har god kunnskap om utsette barn og familiar sine livsvilkår og velferd
  • har utdjupande kunnskap om teori og forsking knytt til omsorgsutøving og barn si utvikling
  • har inngåande kunnskap om verdiar, modellar og ulike metodar for undersøkings- og avgjerdsarbeid i barnevernet
  • har utdjupande kunnskap om risiko, beskyttande faktorar og resiliens
  • har god kunnskap om forsking knytt til evaluering og implementering av tiltak i barnevernet
  • har utdjupande kunnskap om samfunnsvitskaplege metodar og etiske retningslinjer for innhenting av data og presentasjon av forskingsresultat
  • har god kunnskap om faktorar som hemmar og fremjar tverrfagleg samarbeid mellom ulike tenester for utsette barn
  • har inngåande kunnskap om sentrale menneskerettskonvensjonar og Barnekonvensjonen spesielt, samt kva desse har å seie for barn i barnevernet og barnevernet sitt arbeid

 

Ferdigheiter:

Kandidaten: 

  • kan kritisk reflektere over, og analysere mandatet til barnevernet, og kva rolle og funksjon det har i samfunnet
  • kan analysere barn og familiar sine risikofaktorar og ressursar i eit sosialøkologisk perspektiv
  • har god informasjonskompetanse, under dette kunne søkje, vurdere, kritisk reflektere over og bruke vitskapleg litteratur og forsking av relevans for barnevernet
  • kan analysere, kritisk reflektere over og bruke kunnskapsbaserte modellar og metodar for samtalar med barn og unge i barnevernet
  • kan forstå og kritisk reflektere over sentrale teoriar og omgrep innanfor evaluerings- og implementeringsforsking, og kunne analysere barnevernet sitt tiltaksarbeid i lys av dette
  • har utdjupande kunnskap om kvalitativ eller kvantitativ metode, kan analysere data og rapportere funn innanfor metoden som er vald som fordjuping
  • kan gjere eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing

 

Generell kompetanse:

Kandidaten:

  • kan forstå og reflektere over barn, barndom og foreldreskap i ulike samfunn og kontekstar, samt kunne bruke denne kunnskapen i ein barnevernfagleg samanheng
  • har evne til å kunne diskutere komplekse etiske utfordringar knytt til eiga profesjonsutøving
  • har inngåande kunnskap om og kan kritisk reflektere over forskingsmetodar, forskingsdesign, kunnskapsproduksjon, forskingsetikk, rapportering og vitskapleg framstilling

Opptak

Studiestart (semester)

Haust

Studiestart - semester

Haust

Opptakskrav

  • Bachelorgrad i barnevern, sosialt arbeid /sosionom, vernepleie, psykologi, pedagogikk, helsefag eller samfunnsvitskap eller tilsvarande (herunder cand. mag.-grad).
  • Spesialisering på 90 studiepoeng.
  • C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa.
  • Master i barnevern er eit norskspråkleg masterprogram. Søkjarane må derfor ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk og dei må kunne delta aktivt i undervising og gruppearbeid.
Sjå utfyllande opptaksreglement for masterprogrammet i barnevern for meir informasjon.

Søknadsprosedyre

Søk opptak til masterprogram i barnevern ved Det psykologiske fakultet gjennom SøknadsWeb.
Søknadsfristen er 15. april.Du finn meir informasjon om opptaket og søknadsprosedyrar på denne sida.

Studieløp

Masterprogram i barnevern (krav 120 SP)
Masterprogram i barnevern (krav 50 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MABARN314Omsorgsutøving, barn si utvikling og avgjersler i barnevernet101–21
MABARN315Barnet som aktør101–21
HABA301Vitskapsteori og metode101–21
HABA302Fordjuping i metode, etikk og prosjektplan101–22
MABARN312Tiltak i barnevernet, implementering og evaluering101–22
Valfrie emne (krav 10 SP)
Vel minst eit av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
MABARN316Childhood and Parenting in Diverse Contexts101–22
HEFR342Resource approaches to health and wellbeing101–22
Masteroppgave (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MABARN351Masteroppgåve i barnevern603–43
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Kontakt

Meir informasjon

Send epost til studieveileder.psyfa@uib.no eller ring til Informasjonssenteret på tlf. 55 58 27 10 (kvardagar kl. 09.30-14.30)

Hjelper mindreårige flyktninger

Jeg ville ha en tydeligere akademisk plattform
Sølve B. Randal
Avdelingsleder