Hjem
Click

Utdanning

Master

Masterprogram i helsefremjande arbeid og helsepsykologi

  • Studiepoeng120
  • Lengde2 år
  • Studieplassar20
  • StudiestartHaust
  • SpråkUndervisinga vil i hovudsak vere på norsk. Enkelte forelesingar vil kunne ha engelsk som undervisingsspråk. Valfrie emnar kan ha undervising på engelsk.
  • StudieplanLes studieplan

Presentasjon

Introduksjon

Vil du vere med på å fremje folkehelse og velvere i befolkninga? Ta ein master i helsefremjande arbeid og helsepsykologi ved Universitetet i Bergen!

Graden

Masterprogrammet graden master i helsefremjande arbeid og helsepsykologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng) og byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande grad.

Mål og innhald

Mastergradstudiet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi har ein tverrfagleg og profesjonsovergripande profil med mål om å forsterke fagleg fellesskap og forståing mellom helsefaga, i arbeidet med å fremje helse og velvere i befolkninga.

Programmet tek sikte på å kvalifisere studentane til å drive forsking, undervisning og tiltak innan sentrale emne knytt til folkehelse, med vekt på helsefremjande arbeid og helsepsykologi. I arbeidet blir det sett fokus både på individuelle, sosiale og strukturelle tilhøve som har relevans for utvikling av helse, helseåtferd og helseoppleving. Det blir lagt vekt på grunnlagsteori, teoretisk grunngjeving for tiltak, kritiske analysar av teoriutviklinga på feltet og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak.

Det faglege innhald i masterprogrammet er i samsvar med tilrådingar for studieinnhald frå Folkehelseforeninga og Nasjonalt Nettverk for Helsefremming, utvikla i samarbeid med Helsedirektoratet.

Mål og innhald

Mastergradstudiet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi har ein tverrfagleg og profesjonsovergripande profil med mål om å forsterke fagleg fellesskap og forståing mellom helsefaga, i arbeidet med å fremje helse og velvere i befolkninga.

Programmet tek sikte på å kvalifisere studentane til å drive forsking, undervisning og tiltak innan sentrale emne knytt til folkehelse, med vekt på helsefremjande arbeid og helsepsykologi. I arbeidet blir det sett fokus både på individuelle, sosiale og strukturelle tilhøve som har relevans for utvikling av helse, helseåtferd og helseoppleving. Det blir lagt vekt på grunnlagsteori, teoretisk grunngjeving for tiltak, kritiske analysar av teoriutviklinga på feltet og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak.

Det faglege innhald i masterprogrammet er i samsvar med tilrådingar for studieinnhald frå Folkehelseforeninga og Nasjonalt Nettverk for Helsefremming, utvikla i samarbeid med Helsedirektoratet.

Fagleg profil

Masterprogrammet i helsefag - helsefremjande arbeid og helsepsykologi er retta mot deg som alt har ein bachelorgrad i eit helsefag eller tilsvarande, og som ønskjer kompetanseheving gjennom vidareutdanning og fagleg fordjuping. Gjennom ein tverrfagleg profil ønskjer vi å forsterke det faglege fellesskapet og forståinga mellom helsefaga.

Studiestart - semester

Kvar haust

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidatar skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om utviklingstrekka i befolkninga si helse og dei viktigaste helseproblema i befolkninga i dag
  • har inngåande kjennskap til ulike forståingar av helseomgrepet ( holistiske og biomedisinske, patogene og salutogene)
  • har inngåande kunnskap om globale, regionale og nasjonale politiske, økonomiske og juridiske føringar inkludert perspektiv frå WHO som for eksempel Ottawa-charteret
  • har omfattande kunnskap om determinantar for folkehelse, inkludert faktorar som fremjar helse og førebyggjer sjukdom og skade. Det leggast vekt på sosiale-, kulturelle-, samfunnsmessige-, sosioøkonomiske-, miljømessige og individuelle faktorar, og forståing av samanheng og samspel mellom desse.
  • har omfattande innsikt i ulike teoriar og perspektiv for å forstå utvikling og konsekvensane av sosial ulikskap i helse og kan analysere konsekvensar av sosial ulikskap for helsa til individet og befolkninga
  • har oversikt over utviklingstrekka i norsk offentleg helsepolitikk
  • har innsikt i globale folkehelseutfordringar og føringar.
  • har inngåande kunnskap om kommunen og lokalsamfunnet si rolle i det helsefremjande arbeidet
  • har god kunnskap om meininga av og prinsipp for samarbeid på tvers av nivå, sektorar og profesjonar for å fremje folkehelse
  • har detaljert kunnskap om ulike teoriar og perspektiv for å forstå helseåtferd har omfattande innsikt i modellar som kan beskrive og forklare samanhengen mellom belastingar, ressursar og subjektiv helse og velvere, med vekt på ressurstilnærmingar, meistring og salutogenese
  • har omfattande kunnskap om vitskapsteoretisk fastankring av fagfeltet
  • har god kunnskap og medvit rundt sentrale etiske utfordringar og prinsipp i både forsking og praksisfelt
  • har omfattande kunnskap om ulike informasjonskjelder som er relevante for fagområdet

 

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • Kandidaten kan anvende kunnskapen til å identifisere, vurdere relevansen av og argumentere for helsefremjande og førebyggjande intervensjonar, på alle nivå og for ulike befolkningsgrupper
  • kan, ut frå teori, modellar og empiri, planleggje, gjennomføre og evaluere individ- og samfunnsretta tiltak for å fremje helseåtferd, helse og velvere, i samarbeid med aktuelle aktørar
  • kan analysere verdien av tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid for helsefremjande arbeid samt profesjonane si rolle i det helsefremjande arbeidet
  • kan analysere og argumentere for tiltak som kan fremje meistring og helse på ulike arenaer, inkludert i arbeidsliv og skole
  • kan stimulere til nytenking og innovasjon
  • kan planleggje, gjennomføre og evaluere forskings- og utviklingsprosjekt i folkehelsearbeid i samhandling med relevante målgrupper og partar
  • kan utforme og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innan feltet helsefremjande arbeid og folkehelse
  • kan identifisere og problematisere ulike etiske spørsmål i folkehelsearbeid

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • Viser sjølvstende ved gjennomføring av praktisk og teoretisk problemløysing
  • brukar sine fagkunnskapar og ferdigheiter på noverande og nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og sjølvstendige forskingsprosjekt
  • kan kommunisere og argumentere omkring faglege problemstillingar med andre fag og sektorar samt med målgruppa
  • kan vurdere, bruke og kommunisere informasjon på ein etisk måte
  • kan finne og gjere seg nytte av relevant informasjon for presisering og vidareutvikling av faglege problemstillingar
  • ser samanhengen mellom god kjeldebruk og fagleg kvalitet i eige og andre sitt arbeid
  • har god evne til samarbeid for å løyse sentrale faglege problemstillingar
  • er øva i kritisk refleksjon kring faglege spørsmål og kunnskapsproduksjon

Utveksling

Delstudium i utlandet

Det er høve til å leggje delar av arbeidet med masteroppgåva til institusjonar i utlandet. Datainnsamling i utlandet kan òg vere aktuelt.

Korleis søke

Studiestart - semester

Kvar haust

Opptakskrav

  • Bachelorgrad i helsefremjande arbeid eller annan helsefagleg bachelor. Bachelor i psykologi, pedagogikk, spesialpedagogikk, samfunnsfag, kunst- og musikkfag, miljøfag eller tilsvarande. (inkludert cand. mag.-grad)
  • Spesialisering på 90 studiepoeng
  • C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa
  • Master i helsefremjande arbeid og helsepsykologi er eit norskspråkleg masterprogram med norskkrav. Det presiseras at søkarane må ha god skriftleg og munnleg førestellingsevne og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid.

Sjå utfyllande opptaksreglement for masterprogrammet i helsefremjande arbeid og helspsykologi for meir informasjon.

Sjå utfyllande opptaksreglement for masterprogrammet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi for meir informasjon.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak gjennom søknadsweb til Det psykologiske fakultet
Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august.


Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/psyfa/utdanning/opptak/masterstudium#soslashknadsprosedyre

Oppbygging

Masterprogram i helsefag - helsefremjande arbeid og helsepsykologi (krav 120 SP)
Masterprogram i helsefremjande arbeid - obligatoriske emne (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
HABA301Vitskapsteori og metode101–21
HEFR331Helsefremjande arbeid: Innføring i sentrale omgrep og teoriar201–21
HABA302Fordjuping i metode, etikk og prosjektplan101–22
HEFR341Planlegging, implementering og evaluering i helsefremjande arbeid101–22
Vel minst eit av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
HEFR342Resource approaches to health and wellbeing101–22
MABARN316Childhood and Parenting in Diverse Contexts101–22
Masteroppgave - helsefremmende arbeid (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
HEFR395Masteroppgåve i helsefremjande arbeid og helsepsykologi603–43
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Kontakt

Meir informasjon

studierettleiar.psyfa@uib.no / 55 58 27 10