Masterprogram i helsefag - Logopedi
Programmet tilbys av
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i helsefag - logopedi og byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande grad. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Mål og innhald
Masterprogrammet er retta mot deg som alt har ein bachelorgrad i logopedi, helsefag, pedagogikk/spesialpedagogikk eller ei fordjuping i generell psykologi, fonetikk og lingvistikk, og som ønskjer kompetanseheving gjennom vidareutdanning og fagleg fordjuping. Gjennom ein tverrfagleg profil ønskjer vi å forsterke det faglege fellesskapet og forståinga mellom helsefaga.
Logopedar arbeidar til beste for menneske som har vanskar med tale, språk, språklege symboluttrykk, stemme eller svelging. Faget logopedi er studiet av desse områda, medrekna studiet av kommunikative prosessar, førebyggjande arbeid, diagnostisering og forskings- og utviklingsarbeid. Studiet gir eit allmennvitskapleg grunnlag for forsking og undervisning og styrkjer det teoretiske grunnlaget for klinisk praksis i logopedi. Studiet skal også gje auka kompetanse på tvers av helsefaga gjennom å byggje på det felles faglege teori- og metodegrunnlaget i helsefaga og gjennom tverrfagleg utveksling og utnytting av kompetanse. Utdanninga legg vekt på å utvikle sjølvstendige og kritiske haldningar til det logopediske arbeidsfeltet og faget sine forskingstradisjonar.
Fagleg profil
Masterprogrammet er retta mot deg som allereie har ein bachelorgrad eller liknande i logopedi, helsefag, pedagogikk/spesialpedagogikk eller generell psykologi, eller lingvistikk/fonetikk, og som ønskjer å utdanne deg til logoped med ein helsefagleg profil. Gjennom ein tverrfagleg profil ønskjer vi å forsterke det faglege fellesskapet og forståinga mellom helsefaga.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller liknande i logopedi, helsefag, pedagogikk/spesialpedagogikk, generell psykologi eller lingvistikk/fonetikk. Inntil 20% av plassane kan tildelast til studentar som verkar særskilt eigna for studiet. Dette vil i så fall bli gjort etter ei skjønnsmessig vurdering som vil ta utgangspunkt i søkjarane si skriftlege framstilling i eit vedlagt brev på 1 side (maks. 400 ord) som skal leverast saman med annan dokumentasjon.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det psykologiske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/psyfa/utdanning/opptak/masterstudium#soslashknadsprosedyre
Poenggrense ved siste opptak
Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.
Meir infomasjon
studierettleiar@psyfa.uib.no / 55 58 27 10
Mål og innhald
Masterprogrammet er retta mot deg som alt har ein bachelorgrad i logopedi, helsefag, pedagogikk/spesialpedagogikk eller ei fordjuping i generell psykologi, fonetikk og lingvistikk, og som ønskjer kompetanseheving gjennom vidareutdanning og fagleg fordjuping. Gjennom ein tverrfagleg profil ønskjer vi å forsterke det faglege fellesskapet og forståinga mellom helsefaga.
Logopedar arbeidar til beste for menneske som har vanskar med tale, språk, språklege symboluttrykk, stemme eller svelging. Faget logopedi er studiet av desse områda, medrekna studiet av kommunikative prosessar, førebyggjande arbeid, diagnostisering og forskings- og utviklingsarbeid. Studiet gir eit allmennvitskapleg grunnlag for forsking og undervisning og styrkjer det teoretiske grunnlaget for klinisk praksis i logopedi. Studiet skal også gje auka kompetanse på tvers av helsefaga gjennom å byggje på det felles faglege teori- og metodegrunnlaget i helsefaga og gjennom tverrfagleg utveksling og utnytting av kompetanse. Utdanninga legg vekt på å utvikle sjølvstendige og kritiske haldningar til det logopediske arbeidsfeltet og faget sine forskingstradisjonar.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller liknande i logopedi, helsefag, pedagogikk/spesialpedagogikk, generell psykologi eller lingvistikk/fonetikk. Inntil 20% av plassane kan tildelast til studentar som verkar særskilt eigna for studiet. Dette vil i så fall bli gjort etter ei skjønnsmessig vurdering som vil ta utgangspunkt i søkjarane si skriftlege framstilling i eit vedlagt brev på 1 side (maks. 400 ord) som skal leverast saman med annan dokumentasjon.
Metode
Du får innføring i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar, inkludert statistikk. I samband med masteroppgåva vel du i metodisk tilnærming som passar den problemstillinga du skal studere.
Yrkesvegar
Masterprogrammet kvalifiserer deg mellom anna til praktisk yrkesutøving som logoped, utdanningsarbeid på universitet og høgskular, fagutvikling i klinisk verksemd, forsking og utvikling og fagleg og administrativt arbeid innan forvalting og helsevesen.
Oppstart
Haust
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet
Planforslag
Masterprogrammet i logopedi ser slik ut:
1. semester:
2. semester:
- LOGO311 Språkutvikling og medfødte og tidleg diagnostiserte kommunikasjonsforstyrringar (5 sp)
- LOGO312 Artikulasjon og LKG (5 sp)
- LOGO313 Stemme og stemmevanskar og dysfagi (5 sp)
- LOGO314 Talerytmeforstyrringar: stamming og løpsk tale (5 sp)
- LOGO315 Språkbaserte lærevanskar (5 sp) 3. semester:
3. og 4. semester:
- HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema (15 sp)
- LOGO317 Praksis i logopedi (15 sp)
- LOGO316 Afasi og andre erverva nevrologiske kommunikasjonsvanskar (5 sp)
- LOGO350 Masteroppgåve i logopedi (30 sp)
Masteroppgåva utgjer 30 studiepoeng. Masteroppgåva skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller gå inn som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Målet med oppgåva er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og syne evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gje ei instruktiv, klar og presis, skriftleg framstilling av saksområdet.
Meir infomasjon
studierettleiar@psyfa.uib.no / 55 58 27 10
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Masterprogram i logopedi - fellesdel (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| HEL320 | Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Forskningsmetode og -etikk | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| HEL310 | Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema. | 15 | 1-4 | 3 | ||||||||
| Masterprogram i logopedi - fagspesifikk del (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| LOGO310 | Innføring i sentrale logopediske emner | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| LOGO311 | Språkutvikling og medfødte og tidleg diagnostiserte kommunikasjonsforstyrringar | 5 | 1-4 | 2 | ||||||||
| LOGO312 | Artikulasjon og LKG | 5 | 1-4 | 2 | ||||||||
| LOGO313 | Stemme og stemmevanskar og dysfagi | 5 | 1-4 | 2 | ||||||||
| LOGO314 | Talerytmeforstyrringar: Stamming og løpsk tale | 5 | 1-4 | 2 | ||||||||
| LOGO315 | Språkbaserte lærevanskar | 5 | 1-4 | 2 | ||||||||
| LOGO316 | Afasi og andre erverva nevrologiske kommunikasjonsvanskar | 5 | 1-4 | 3 | ||||||||
| LOGO317 | Praksis i logopedi | 15 | 1-4 | 3 | ||||||||
| Masterprogram i logopedi - masteroppgave (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| LOGO350 | Masteroppgåve i logopedi | 30 | 1-4 | 2 | ||||||||