Hjem
Utdanning

Namn på grad

Masterprogram i logopedi

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i logopedi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Faget logopedi er studiet av vanskar med språk, tale, stemme eller svelging, inkludert førebyggjande arbeid, diagnostisering, behandling og forskings- og utviklingsarbeid.

Logopedar har ulike roller og opptrer på ulike profesjonelle arenaer. Studiet skal førebu studentane for ulike, men vanlege, yrkesroller for logopedar, og sette dei i stand til å utøve logopedyrket i samsvar med det felles kunnskapsgrunnlaget innanfor helsefaga og det fagspesifikke kunnskapsgrunnlaget i logopedi.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført mastergrad i logopedi skal:

Kunnskapar:

- ha avansert kunnskap innanfor logopedi generelt og spesialisert innsikt i eit avgrensa område

- ha inngåande kunnskap om logopediens vitskapelege teori- og metodegrunnlag

- ha forståing for logopediens plass innanfor helsefaga, og kjenne det felles kunnskaps- og metodegrunnlaget for helsevitskapane

- kunne analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i logopedien sin historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

- kunne bruke kunnskapen sin på nye områder innanfor logopedi

Ferdigheiter

- kunne analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor logopedi og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing

- kunne kartleggje, diagnostisere, behandle og gje råd i samband med dei vanlegaste logopediske vanskeområda, anten dei skriv seg frå utviklingsforstyrringar eller skuldast sjukdom eller skade

- kunne diskutere faglege problemstillingar og vurdere kva som er den beste tilnærminga til kartlegging og behandling/rådgjeving med utgangspunkt i tilgjengelig informasjon

- kunne bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte

- kunne analysere og vurdere ulike informasjonskjelder, og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement

- kunne gjennomføre og formidle eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

Generell kompetanse

- kunne analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar

- beherske faget sine uttrykksformer

- kunne kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor logopedi, både med spesialistar og til allmenta

- kunne bidra til nytenking og innovasjonsprosessar

- kunne vurdere kva som er god, klinisk praksis i logopedi

Opptakskrav

Opptakskrav

Masterprogrammet i logopedi byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng i faglig fordypning logopedi, helsefag*, pedagogikk, spesialpedagogikk, barnehage/førskolelærer, psykologi eller språkvitenskapelig. Der spesialisering i graden ikkje er spesifisert blir alle emne i bachelorgraden brukt i poengutrekninga.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Generell psykologi
  • Arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Pedagogikk
  • Spesialpedagogikk
  • Språkvitskap

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

Opptaksgrunnlaget er 80-100 studiepoeng med fordypning

*Disse helsefagutdanningane er godkjent som opptaksgrunnlag til masterstudiet i logopedi:

  • Bachelor i ergoterapi
  • Bachelor i sjukepleie
  • Bachelor i fysioterapi
  • Bachelor i audiologi
  • Bachelor i folkehelse og helsefremjande arbeid

Du må også:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Særskilt grunnlag

  1. Inntil 10% av plassane kan verte tildelte på særskilt grunnlag til søkjarar som er eigna for studiet, men som ikkje oppfyller dei formelle opptakskrava
  2. Eksempelvis utdanning i musikkterapi og/eller sang.

Om ein søkjer på særskilt grunnlag, så må det leggjast ved ei skriftleg framstilling i eit vedlagt brev på opp til ei side (maksimalt 400 ord) som skal leverast saman med annan dokumentasjon. Søkjarar som ønskjer vurdering på særskilt grunnlag må presisere dette i søknaden sin.

Obligatoriske emne

LOGO310 Innføring i logopedi (15 sp)

LOGO318 Statistikkinnføring for logopedar (5 sp)

LOGO319 Forskningsmetode og forskingsetikk (10 sp)

LOGO320 Logopediske særemne (25 sp)

LOGO325 Fordjupningsemne (5 sp)

LOGO335 Praksis i logopedi (15 sp)

LOGO345 Masteroppgåve i logopedi (30 sp)

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester (haust):

LOGO 318 Statistikkinnføring for logopedar (5 studiepoeng)

LOGO 319 Forskingsmetode og forskningsetikk (10 studiepoeng)

LOGO310 Innføring i logopedi (15 studiepoeng)

2. semester (vår):

LOGO320 Logopediske særemne (25 studiepoeng)

3. og 4. semester (haust og vår):

HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsevitskapelege tema (15 studiepoeng)

LOGO325 Fordjupingsemne (5 studiepoeng)

LOGO335 Praksis i logopedi (15 studiepoeng)

LOGO345 Masteroppgåve i logopedi (30 studiepoeng)

Delstudium i utlandet

Studentane vert oppmoda til å inkludere eit utvekslingsopphald ved ein annan studieinstitusjon i studieprogrammet sitt. Emnet LOGO325 vil vere særskilt egna for eit slikt opphald.

Undervisningsmetodar

Undervisninga blir gitt i form av forelesingar, seminar og gruppearbeid. I tillegg inngår det ein praksisdel, der studenten skal observere og sjølv utøve logopedisk arbeid.

Vurderingsformer

Emna som inngår i studieløpet, nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande vurderingsformer: heimeeksamen, skriftleg skoleeksamen og munnleg eksamen.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet kvalifiserer mellom anna til praktisk yrkesutøving som logoped, utdanningsarbeid på universitet og høgskular, fagutvikling i klinisk verksemd, forsking, utvikling og fagleg-administrativt arbeid innan forvalting og helsevesen.

Evaluering

Programmet blir kontinuerlig evaluert av programsensor i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering av dei einskilde emna er omtalt i emneskildringa.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Kontaktinformasjon

Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet