Hjem

Utdanning

Studieretning

Arbeids- og organisasjonspsykologi

  • Lengde4 Semester
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Studiet har som mål å gje deg forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe og organisasjonsutvikling.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kunnskap:

Ved fullført emne skal kandidaten ha:

  • Forskingsbasert kunnskap om sentrale teoriar og modellar for utvikling av leiarar, grupper og organisasjonar.
  • Inngåande kunnskap om fagetiske problemstillingar knytt til utvikling av leiarar, grupper og organisasjonar, med spesiell vekt på konsulentrolla i høve til det.
  • Inngåande kunnskap om dei sentrale brukte metodane for utforming, etablering, kartlegging og utvikling av leiarar, grupper, team og arbeidsmiljø.
  • Kjennskap til viktige føringar i norske lovverk for organisasjonspsykologisk praksis.

Dugleik:

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Reflektere over og drøfte sentrale teoriar og modellar for utvikling og kartlegging av leiarar, grupper og organisasjonar.
  • Reflektere over og drøfte sentrale metodar for utvikling og kartlegging av leiarar, grupper og organisasjonar.
  • Nytte sentrale metodar innan utvikling og kartlegging av leiarar, grupper og organisasjonar.
  • Reflektere over og drøfte ulike etiske, faglege og praktiske aspekt ved rolla som konsulent og endringsagent.
  • Planleggje og gjennomføre kartlegging med sikte på å designe og gjennomføre adekvate utviklingsprogram.

Generell kompetanse:

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Identifisere og reflektere over sentrale problemstillingar knytt til utvikling av leiarar grupper og organisasjonar.
  • Tileigne seg forskingsbasert kompetanse med omsyn til å kartleggje og utvikle leiarskap, leiarar, grupper og organisasjonar.
  • Identifisere og reflektere over konsulenten si betyding, rolle og moglege konsekvensar for organisasjonen og organisasjonsmedlemmane.
  • Tileigne seg ny forskingsbasert kompetanse med tanke på å utvikle sine kunnskapar og evner som psykologivitar i dette fagfeltet.
  • Identifisere og utvikle relevante organisasjonspsykologiske problemstillingar og forskingsprosjekt.
  • Vurdere kvalitet og relevans av eksisterande organisasjonspsykologisk forsking.

Korleis søke

Opptakskrav

Opptakskrava til Master i psykologi, studieretning arbeids - og organisasjonspsykologi er:

  • Bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad).
  • Spesialisering på 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande.
  • C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa.
  • Andre faglige krav
    - Bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande på minst 10 studiepoeng
    - I opptaksgrunnlaget tilsvarande 90 studiepoeng spesialiseringsemne krev studieretninga arbeids¿ og organisasjonspsykologi ei fordjuping på minst 20 studiepoeng i arbeids¿ og organisasjonspsykologi. For søkjarar som har gjennomført ei bacheloroppgåve innan feltet arbeids- og organisasjonspsykologi er kravet 15 sp fordjuping innan arbeids- og organisasjonspsykologi i tillegg til bacheloroppgåva.
  • Minstekrav til norsk og engelsk for søkarar som har heile eller delar av sitt opptaksgrunnlag frå eit land utanfor Norden: Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Det presiseras at søkarane må ha god skriftleg og munnleg førestellingsevne og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid.
Sjå utfyllande opptaksreglement for masterprogrammet i psykologi for meir informasjon.

Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen