Hjem
Utdanning
Studieretning

Sosial- og kognitiv psykologi

  • Lengde4 Semester
  • PlassarDet er måltal om 18 studentar på denne studieretninga.
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Introduksjon

Mål og innhald

Studieretninga gjer kandidatane ei grundig forståing av dei prosesser og mekanismar som formar vår åtferd, som enkeltindivid og i grupper. Kandidatane får ekspertkunnskap frå psykologisk vitskap basert på bruksretta forsking. Slik kunnskap vil la oss handtera sentrale utfordringar i samfunnet knytt til kulturmøter, konflikt, klimaendringar, berekraft, sikkerheit og beredskap. På studieretninga vert det undervist og forska på tema som integrering og mangfald i samfunn og arbeidsliv, tryggleik og risikovurderingar i arbeid og fritid, klima og berekraft, medvitne og umedvitne prosessar, HMS, feilhandlingar og pålitelegheit, og korleis språk og kultur påverkar kognisjon. I alle fire semestra deltekt studentane aktivt i forsking, og det leggjast opp til å gjennomføre ei masteroppgåve med egen datainnsamling.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskap:

Kandidaten har:

  • inngåande kunnskap om psykologifaget sine vitskaplege tema, teoriar, omgrep, metodar og funn innan psykologisk vitskap
  • inngåande kunnskap om fagetiske problemstillingar knytt til psykologisk vitskap
  • kunnskap om korleis forsking innan psykologisk vitskap kan nyttast i arbeidsliv og samfunnsliv

Dugleik:

Kandidaten kan:

  • nytte sine kunnskapar og evner på nye område for å gjennomføre prosjekt og oppgåveløysingar innanfor fordjupingsområdet
  • analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar og arbeide sjølvstendig med teoretisk og praktisk problemløysing innanfor fordjupingsområdet
  • nytte psykologisk vitskap til å identifisere utfordringar for enkeltpersonar, grupper, lag eller organisasjonar som skal løyse komplekse arbeidsoppgåver og bidra med vitskapelege metodar som kan løyse slike utfordringar
  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt som er i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar

Generell kompetanse:

Kandidaten kan:

  • tileigne seg ny forskingsbasert kompetanse for å utvikle eigne kunnskapar og evner i psykologi
  • identifisere og utvikle relevante psykologiske problemstillingar og forskingsprosjekt
  • vurdere kvalitet og relevans av eksisterande psykologisk forsking
  • reflektere over og drøfte etiske, faglege og praktiske aspekt i si framtidige yrkesrolle

Korleis søke

Opptakskrav

Opptakskrava til Master i psykologi, studieretning sosial- og kognitiv psykologi

  • Bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad)
  • Spesialisering på 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande
  • C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa
  • Andre faglige krav

    • Bacheloroppgåve på minst 10 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande fag
  • Det presiseras at me forventar at søkarane har god evne skriftleg og munnleg fremføring og er innstilt på å delta aktivt i undervisning og gruppearbeid

Sjå dei spesielle opptakskrava for masterprogrammet i psykologi for meir informasjon.

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen