Hjem

Utdanning

Studieretning

Psykologisk vitskap

  • Lengde4 Semester
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Siste opptak til denne studieretninga var hausten 2017. Frå og med hausten 2018 blir denne studieretninga erstatta med studieretninga sosial- og kognitiv psykoilogi. Du kan lese meir om mlt;a href="http://www.uib.no/psyfa/104817/nytt-studiel%C3%B8p-nye-masterstudentar-i-psykologi-hausten-2018>her

Studieprogrammet byggjer på fullført bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande for studentar som ønskjer ei vidare utdanning i faget. Studiet har fokus på forsking og går i djupna på tradisjonar, nytenking, metodar og bruk av analytiske verktøy i faget. Studiet byggjer på både grunnforsking og bruksretta forsking innanfor psykologifeltet.

Mastergraden kvalifiserer for doktorgradsstudium og anna forsking i psykologi. Studiet kvalifiserer for ulike typar arbeid der informasjonskompetanse, kritisk tenking, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i team er etterspurde evner.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kunnskap:

Kandidaten skal ved fullført grad ha:

  • Inngåande kunnskap om psykologifaget sine vitskaplege teoriar, metodar og funn innan det valde fordjupingsområdet i psykologisk vitenskap.
  • Inngåande kunnskap om fagetiske problemstillingar knytt til valt fordjupingsområde.

Dugleik:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

  • Nytte sine kunnskapar og evner på nye område for å gjennomføre prosjekt og oppgåveløysingar innanfor fordjupingsområdet.
  • Analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar og arbeide sjølvstendig med teoretisk og praktisk problemløysing innanfor fordjupingsområdet.
  • Gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt som er i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar.

Generell kompetanse:

Kandidaten skal ved fullført grad:

  • Kunne tileigne seg ny forskingsbasert kompetanse med tanke på å utvikle eigne kunnskapar og evner i psykologi.
  • Identifisere og utvikle relevante psykologiske problemstillingar og forskingsprosjekt.
  • Vurdere kvalitet og relevans av eksisterande psykologisk forsking.
  • Reflektere over og drøfte etiske, faglege og praktiske aspekt i si framtidige yrkesrolle.

Korleis søke

Opptakskrav

Opptakskrava til Master i psykologi, studieretning psykologisk vitskap:

  • Bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad).
  • Spesialisering på 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande.
  • C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa.
  • Andre faglige krav
    - Bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande på minst 10 studiepoeng
  • Minstekrav til norsk og engelsk for søkarar som har heile eller delar av sitt opptaksgrunnlag frå eit land utanfor Norden: Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Det presiseras at søkarane må ha god skriftleg og munnleg førestellingsevne og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid.

Sjå utfyllande opptaksreglement for masterprogrammet i psykologi for meir informasjon.

Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen