Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i psykologi

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i psykologi er eit 2-årig studieprogram (120 studiepoeng).

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men enkelte forelesningar og rettleiing kan vere på engelsk. Anbefalt litteratur er i hovudsak på engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studieprogrammet gjer deg ekspertkunnskap og relevant dugleik i fagfeltet psykologi, og ei vald spesialisering innan «sosial- og kognitiv psykologi» eller «åtferd- og nevrovitskap». Som student på programmet sett du deg inn i aktuelle faglege perspektiv og utfordringar i psykologisk forsking, går grundigare inn i vitskapsteori og forskingsmetode, og har ulike fordjupingsemne om moderne forsking som er relevant for kvar av dei to studieretningane. I det siste året av studiet skriv du ei masteroppgåve på eit tema innan studieretninga som utgjer eit sjølvstendig bidrag til forskingslitteraturen.

Studieretning sosial- og kognitiv psykologi:

Studieretninga gjer deg grundig kompetanse om dei prosesser og mekanismar som formar åtferda til enkeltindivid og grupper. Du får ekspertkunnskap om menneskeleg oppleving og tankeprosessar, samhandling og interaksjon, og påverknad frå grupper og kultur. Slik kunnskap kan nyttast til å handsame sentrale utfordringar i dagens samfunn. Nokre av dei tema som dekkast er mangfald i samfunn og arbeidsliv, integrering og konflikt, tryggleik, risikovurderingar, HMS og beredskap i arbeid og fritid, feilhandlingar og pålitelegheit, turismeopplevingar, klima og berekraft, medvitne og umedvitne prosessar korleis språk og kultur påverkar kognisjon, og moglegheit for tema innan nevrovitskap. Gjennom heile programmet vil du vere del av forskningsmiljøa ved fakultetet, og det vert lagt opp til å skrive ei masteroppgåve der du får planleggje og gjere ein datainnsamling. Det er mogleg å ha utveksling i tredje semester. Studiet gjer deg i stand til å forstå sosiale og kognitive fenomen, mekanismar og prosessar, å kritisk vurdere og bidra til forsking, og å anvende kunnskap frå forsking i ulike samfunnsområde.

Studieretning åtferd og nevrovitskap:

Studieretninga handlar om samanhengen mellom hjerne, åtferd og kognisjon. Fordjupingsemna gjev eit innblikk i teorigrunnlaget for grunnleggjande forsking på menneskehjernen, i tillegg til forsking knytt til psykiatriske, nevrologiske og andre kliniske tilstandar. Laboratorieøvingar og praktiske demonstrasjonar gir kompetanse i forskingsmetodar i nevrovitskap, inkludert elektrofysiologi og hjerneavbildningsmetodar. Nokre av dei tema som dekkast, er nevrobiologiske, nevropsykologiske og teoretiske tilnærmingar til emosjonar, ulike formar for kognisjon (t.d. hukommelse og merksemd) og psykopatologi, forskingsmetodar og etiske spørsmål innan psykofysiologi og nevrovitskap for forsking på menneskjer og dyr. Studiet gjer deg i stand til å analysere åtferd og kognitive og emosjonelle prosesser ut frå nevrovitskapens synspunkt, forstå og nytte forskingsmetodar innan kognitiv nevrovitskap, og å kritisk kunne vurdere forsking.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Kandidaten skal ved fullført grad:

  • ha inngåande kunnskap om vitskapleg tema, teori og perspektiv i psykologifaget
  • ha inngåande kunnskap om metodane i psykologifaget
  • ha inngåande kunnskap om sentrale tema, teori, metode og arbeidsfelt relevant for ei av studieretningane «sosial- og kognitiv psykologi» eller «åtferd og nevrovitskap».

Dugleik:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

  • utføre arbeidsoppgåver som krev å sette seg inn i komplekse saksfelt og løyse oppgåver knytt til menneskelege fenomen og samhandling
  • bruke sin kunnskap og evner for å gjennomføre og lede omfattande prosjekt
  • kritisk vurdere påstandar og forsking knytt til psykologiske fenomen, mekanismar og prosessar
  • analysere faglege problemstillingar og forskingsspørsmål med grunnlag i psykologifaget, fagtradisjonane, faget sin eigenart og plass i samfunnet
  • arbeide sjølvstendig med teoretisk, analytisk og praktisk problemløysing, med grunnlag i eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor psykologifaget
  • kritisk analysere ulike informasjonskjelder og nytte desse til å resonnere fagleg
  • gjennomføre eit sjølvstendig, forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing, i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar.

Generell kompetanse:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

  • analysere fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar innan psykologifaget
  • kunne anvende kvalitative og kvantitative tilnærmingar til forsking
  • handsame store digitale datasett
  • formidle skriftleg og munnleg om komplekse faglege tema
  • kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor psykologifaget, både med spesialistar og til allmenta
  • bidra til fagleg nytenking og innovasjonsprosessar innan fagfeltet.

Opptakskrav

Opptak til masterprogrammet i psykologi krevjar ein fullført bachelorgrad:

  • Du må ha tatt minst 90 studiepoeng som er innan psykologi eller eit tilsvarande fagfelt, eller som høyrer til fagfeltet for den studieretninga du søker på. Du kan søkje opptak basert på poeng som er tatt som del av ulike grader eller frå ulike studiestader.
  • Du må ha snittkarakter på minst C på dei studiepoenga du har som grunnlag for opptak (90 studiepoeng)
  • Du må ha skreve ei bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande fagfelt. Oppgåva skal ha eit omfang på minst 10 studiepoeng
  • Du må ha tatt 15 studiepoeng med forskingsmetode (som dekker både kvalitativ og kvantitativ metode)
  • Om du har tatt emne med namn som ikkje er tydeleg knytt til psykologi, så kan du legge ved eit notat til opptaket som skildrar korleis du meiner emna er relevante/tilsvarande (inkludert tittel på bacheloroppgåve).

For studieretninga «åtferd og nevrovitskap» gjeld i tillegg følgande krav til opptak:

  • 5 studiepoeng i biologisk psykologi med C-krav. For søkjarar frå UiB er biologisk psykologi (5 studiepoeng) ein del av PSYK114 eller PSYK101.

Bachelorgrader frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelor i generell psykologi
  • Bachelor i arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande.

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande. Der fordjuping/spesialisering i graden ikkje er spesifisert, blir alle emna i bachelorgraden brukt i poengutrekninga. Om du har ein bachelorgrad med eit namn som ikkje er tydeleg knytt til psykologi, så kan du legge ved eit notat til opptaket som skildrar korleis du meiner det er relevant. I eit slikt notat bør du vise korleis du meiner kravet om bacheloroppgave på minst 10 studiepoeng innan temaet psykologi er dekka (nemn gjerne tittel på bacheloroppgåva).

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Innføringsemne

Ingen

Obligatoriske emne

Fellesemna MAPSYK301 og MAPSYK302 er obligatoriske for alle studentar.

Studentar på studieretninga "sosial- og kognitiv psykologi" må i tillegg ta 30 studiepoeng frå emna MAPSYK332, MAPSYK333, MAPSYK334, MAPSYK335, MAPSYK351A og MAPSYK351B (5 studiepoeng kvar). I tillegg må studentane ta enten MAPSYK360 eller MAPSYK330 saman med 30 studiepoeng på utveksling.

Studentar på studieretninga "åtferd og nevrovitskap" må ta emna MAPSYK336, MAPSYK337 og MAPSYK360.

Fellesemne:

  • MAPSYK301 Perspektiv i psykologisk vitskap: Emnet tar for seg ulike vitskapelege perspektiv innan det psykologiske fagfeltet og forskingsfeltet. Vi ser på korleis perspektiva former korleis vi tenker om anvendte problemstillingar for psykologien. Moderne og aktuelle perspektiv står i fokus. Det vert gitt trening i akademisk skriving og formidling.
  • MAPSYK302 Forskingsmetodar: Det vert undervist i ulike vitskaplege forskingsmetodar som er relevante for psykologifaget. Deler av undervisninga er felles, mens ein i andre deler kan velgje bestemte forskningsmetoder. Emnet skal tillate studentane å jobbe sjølvstendig med metodologiske aspekt av eigen masteroppgåve.

Fordjupingsemne innan studieretninga "sosial- og kognitiv psykologi" for dei som starta på masterprogrammet før 2023:

  • MAPSYK303 Anvendt sosial og kognitiv psykologi: Menneskelege faktorar i kritiske situasjonar og kulturelt mangfald i samf. og arb.: Dette er første fordypningsemne innen studieretninga SOKO. Det undervisas innan to ulike tema for anvendt psykologi: «Menneskelige faktorer» fokuserer på korleis psykologi er relevant for HMS, sikkerheit, sikring og beredskap, og «kulturelt mangfold», som fokuserer på korleis møte mellom ulike kulturer kan skape moglegheiter og utfordringar i samfunn og arbeidsliv. I emnet inngår det ein forskningspraksis, der studentane skal få erfaring med vitskapeleg arbeid i ein av fakultetets forskningsgrupper.
  • MAPSYK304 Forskingsperspektiv innanfor sosial- og kognitiv psykologi: Kultur, berekraft og turistopplevinga: Dette er andre fordypningsemne innen studieretninga SOKO. I emnet inngår det ein forskningspraksis, der studentene skal få erfaring med vitenskapelig arbeid i en av fakultetets forskningsgrupper.

Fordjupingsemne innan studieretninga "sosial- og kognitiv psykologi" frå 2023:

  • MAPSYK332 Menneskelige faktorar i kritiske situasjonar: Undervisninga fokuserer på korleis psykologi er relevant for HMS, sikkerheit, sikring og beredskap.
  • MAPSYK333 Kognitivt mangfald på tvers av kultur, språk og tid: Undervisninga fokusere på faktorar som påverkar menneskeleg kognisjon og undersøker om desse er universelle.
  • MAPSYK334 Risikopersepsjon og miljøåtferd: Undervisninga fokuserer på korleis sjølvoppfatningar, haldningar, motiver, tankar, emosjonar og kontekst verkar på kvardagslege val.
  • MAPSYK335 Kulturelt mangfold i samfunn og arbeidsliv: Undervisninga fokuserer på korleis møte mellom ulike kulturar kan skape moglegheiter og utfordringar i samfunn og arbeidsliv.
  • MAPSYK351A Forskingspraksis 1: Studentane skal få erfaring med vitskapeleg arbeid i ein av fakultetets forskingsgrupper.
  • MAPSYK351B Forskingspraksis 2: Same innhald som MAPSYK351A.

Fordjupingsemne innan studieretninga "åtferd og nevrovitskap" for dei som starta på masterprogrammet før 2023:

  • MAPSYK319B Kognitiv nevrovitskap: Emnet dekkjar innføring i hjerneavbildingsmetodar for høgare kognitive prosessar (fMRI, EEG og liknande) og innføringar i samspelet mellom nervesystemet og kognitive prosessar.
  • MAPSYK319A Behavioural Neuroscience 1: Biological Psychology: Emnet dekkjer mellom anna biokjemiske prosessar knytt til nervesystemet, immunforsvaret, stress, svevn, emosjonar, aggresjon, læring, seksuell reproduksjon, innføring i metodar, etikk og bruk av dyr i forsking.

Fordjupningsemne innan studieretninga "åtferd og nevrovitskap" frå 2023:

  • MAPSYK336 Kognitiv nevrovitskap: Emnet dekkjar innføring i hjerneavbildingsmetodar for høgare kognitive prosessar (fMRI, EEG og liknande) og innføringar i samspelet mellom nervesystemet og kognitive prosessar.
  • MAPSYK337 Åtferd og nevrovitskap: Biologisk psykologi: Emnet dekkjer mellom anna biokjemiske prosessar knytt til nervesystemet, immunforsvaret, stress, svevn, emosjonar, aggresjon, læring, seksuell reproduksjon, innføring i metodar, etikk og bruk av dyr i forsking.

Masteroppgåve:

  • MAPSYK330 Masteroppgåve: I dette emnet (over eitt semester) skal det gjerast eit sjølvstendig forskingsarbeid som vert vurdert etter vitskaplege krav. I denne varianten av masteroppgåve er det vanleg å ta utgangspunkt i eit allereie innsamla datasett, og ofte også spesifikke problemstillingar.
  • MAPSYK360 Masteroppgåve: I dette emnet (over to semester) skal det gjerast eit sjølvstendig forskingsarbeid som vert vurdert etter vitskaplege krav. I denne varianten av masteroppgåve er det vanleg at studentane er involvert i å utforme problemstillingar, designe studien og samle inn data. For MAPSYK360 kan ein velje å skrive i oppgåveformat eller i artikkelformat.

Spesialisering

Du vel studieretning "sosial og kognitiv psykologi" eller "åtferd og nevrovitskap" når du søker. Sjå desse skildra over.

Tilrådde valemne

Studentar på studieretninga "sosial- og kognitiv psykologi" som innfrir opptakskrava kan også søke om å få ta emnet MAPSYK336 i sitt første eller tredje semester.

Rekkefølgje for emne i studiet

For dei som begynte på masterprogrammet før 2023:

Første år:

1. semester (haust):

  • MAPSYK301 Perspektiv i psykologisk vitskap, 15 sp - Fellesemne
  • Sosial- og kognitiv psykologi: MAPSYK303 Anvendt sosial og kognitiv psykologi: Menneskelege faktorar i kritiske situasjonar og kulturelt mangfald i samf. og arb., 15 sp
  • Åtferd og nevrovitskap: MAPSYK319B Kognitiv nevrovitskap, 15 sp

2. semester (vår):

  • Sosial- og kognitiv psykologi: MAPSYK304 Forskingsperspektiv innanfor sosial- og kognitiv psykologi: Kultur, berekraft og turistopplevinga, 15 sp
  • Åtferd og nevrovitskap: MAPSYK319A Behavioral Neuroscience 1: Biological Psychology, 15 sp
  • MAPSYK302 Forskingsmetodar, 15 sp - Fellesemne

Andre år: Dei som går på studieretninga sosial- og kognitiv psykologi kan velje mellom å skrive 30 og 60 poengs masteroppgåve.

3. semester (haust)

  • Sosial- og kognitiv psykologi: Utveksling/valemne eller første halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
  • Åtferd og nevrovitskap: Første halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp

4. semester (vår)

  • Sosial- og kognitiv psykologi: MAPSYK330 Masteroppgåve, 30 sp, eller andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
  • Åtferd og nevrovitskap: Andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp

Ny plan for som gjeld frå 2023:

Som hovudregel er undervisninga for dei ulike emna inndelt i blokker, noko som gjer eksamen både midt i og på slutten av semestra. Forskningspraksis er langsgåande for heile semestra.

Første år:

1. semester (haust)

  • Fellesemne: MAPSYK301 Perspektiv i psykologisk vitskap, 15 sp
  • Sosial- og kognitiv psykologi:

    • MAPSYK332 Menneskelege faktorar i kritiske situasjonar, 5 sp
    • MAPSYK333 Kognitivt mangfald på tvers av kultur, språk og tid, 5 sp
    • MAPSYK351A Forskingspraksis 1, 5 sp
  • Åtferd og nevrovitskap: MAPSYK336 Kognitiv nevrovitskap, 15 sp

2. semester (vår)

  • Sosial- og kognitiv psykologi:

    • MAPSYK334 Risikopersepsjon og miljøåtferd, 5 sp
    • MAPSYK335 Kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv, 5 sp
    • MAPSYK351B Forskingspraksis 2, 5 sp
  • Åtferd og nevrovitskap: MAPSYK337 Åtferd og nevrovitskap: Biologisk psykologi, 15 sp
  • Fellesemne: MAPSYK302 Forskingsmetodar, 15 sp

Andre år: Dei som går på studieretninga sosial- og kognitiv psykologi kan velje mellom å skrive 60 poengs masteroppgåve eller å ha utveksling saman med 30 poengs masteroppgåve.

3. semester (haust)

  • Sosial- og kognitiv psykologi: Utveksling/valemne eller første halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
  • Åtferd og nevrovitskap: Første halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp

4. semester (vår)

  • Sosial- og kognitiv psykologi: MAPSYK330 Masteroppgåve, 30 sp, eller andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
  • Åtferd og nevrovitskap: Andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp

Delstudium i utlandet

Det er mogeleg og fagleg anbefalt å reise på utveksling for å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Studenter på studieretninga «sosial- og kognitiv psykologi» kan velgje å skrive ei 30 sp masteroppgåve, og ta 30 valfrie studiepoeng på utveksling. I nokre tilfelle kan det ordnast med utveksling også for dei som skriv 60 studiepoengs masteroppgåve, til dømes i form av utveksling for datainnsamling i tredje semester.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsforma for einskildemna som inngår i kursdelen, er omtalt i emneskildringa. Det er mellom anna forelesingar, seminar, gruppearbeid, case-arbeid, diskusjon av forskingslitteratur, lab-arbeid, skriftleg og munnleg presentasjon, prosjektarbeid, bedriftsbesøk og samarbeid med næringsliv, og offentlege og private institusjonar.

Vurderingsformer

Vurderingsforma for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er nærare omtalt i

emneskildringane. Det vert nytta ulike vurderingsformer som skuleeksamen og heimeeksamen.

Karakterskala

Karakterskalaen for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa. Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir produsert etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Med avlagt mastergradseksamen er du kvalifisert for opptak til ph.d.-studiet (doktorgrad).

Relevans for arbeidsliv

Kandidatane frå begge studieretningar på studieprogrammet har forskingsgrunna ekspertise og kunnskap om psykologiske prinsipp om biologiske, kognitive og sosiale faktorar hos individ, grupper og kultur, og deira biologiske grunnlag. Dei har også kjennskap til og trening i korleis slike prinsipp kan nyttast i ulike deler av samfunnet. Som ferdig kandidat har du høg og oppdatert kompetanse innan fagfeltet og vil være godt skikka til å virke innan arbeidsfeltet som fagperson i psykologi. Studiet gjev praktisk analytisk kompetanse for ulike typar arbeidsoppgåver, som mellom anna sjølvstendig planlegging og iversettjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd og informasjonsarbeid.

Studiet utviklar også ein rekke ikkje-faglege kompetansar som er viktige i arbeidslivet. Ein fullført mastergrad demonstrerer evne til å lære, tilpasse seg, samarbeide, fordjupe seg og styre eit prosjekt. Studiet kvalifiserer deg for ei rekkje typar arbeid der fagkunnskap, informasjonskompetanse, kritisk tenking, akademisk skriving, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i lag er etterspurde evner.

Mastergraden kvalifiserer for og gir god førebuing for vidare forsking. Dette kan vere i form av ei stipendiatstilling (ph.d./doktorgrad) ved universitet og høgskular, som eventuelt også kan utvidast til ein akademisk karriere. Forsking kan også inngå som ein del av andre arbeidsoppgåver i ei rekke ulike yrker, t.d. i helseføretak, offentlege etatar og større organisasjonaar som har som føremål å drive forsking på eigen verksemd.

Studieretninga "sosial- og kognitiv psykologi" er tydelegare retta mot anvendt psykologi. I fordjupningsemna og masteroppgåva i denne retninga får ein ulike dømer på, og utviklar evner og metodar for korleis psykologifaget kan nyttast i ulike roller i arbeidslivet. Sjå studieplan for studieretninga for meir detaljer.

Studieretninga "åtferd og nevrovitskap" er tydelegare retta inn som ei førebuing til rolla som forskar, med trening spesifikt i nevrovitskapleg teori og metode. Sjå studieplan for studieretninga for meir detaljar.

For å få undervisningskompetanse for vidaregåande skule kan masterprogram i psykologi og 60 studiepoeng i eit anna fagområde enn psykologi (som til dømes samfunnsdag, språkfag, realfag) kombinerast med eittårig praktisk pedagogisk utdanning (PPU).

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB.

Skikkavurdering og autorisasjon

Ikkje relevant.

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet