Hjem

Psykologi, master, 2 år

Psykologi er vitskapen om åtferd og mentale prosessar hos menneske. Det handlar om kva som påverkar oss og korleis vi samhandlar med kvarandre. Med ein master bygger du vidare på grunnleggande psykologikunnskap og viser korleis faget kan nyttast i ulike samfunnsområde.
  • Lengde4 Semester
  • Plassar

    22

  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Poenggrense

2023 2022 2021 2020 2019 2018
Sosial- og kognitiv psykologi 3,5 3,20 3,27 3,00 3,06 3,15
Åtferd og nevrovitskap 4 3,67 3,32 3,33 3,33 3,67

    Kva lærer du?

    Masterprogrammet i psykologi bygger på forsking og ekspertise, og du får høg kompetanse innan fagfeltet. På denne utdanninga kjem du tett på forskingsmiljøa. Sentralt i utdanninga er kunnskap om 

    • måten psykologifaget kan nyttast til å løyse utfordringar i samfunnet 
    • menneskelege tankeprosessar, samhandling og interaksjon  
    • måten andre personar, grupper og kultur påverkar oss 
    • nervesystemet si påverking på kognisjon og åtferd 

    Du lærer korleis du kan bruke kunnskapen og evnene dine på nye område for å gjennomføre avanserte prosjekt, og å bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte.   

    Utdanninga har to ulike studieretningar, der det mest sentrale i kvar studieretning er:   

    • sosial- og kognitiv psykologi: prosessar og mekanismar som formar menneskeleg åtferd og interaksjon, og korleis denne kunnskapen kan nyttast i ulike samfunnsområde  
    • åtferd og nevrovitskap: samanhengen mellom mennesket sin hjerne, åtferd og kognisjon, og grunnleggande forsking på menneskehjernen  

    Studiekvardag

    Studieprogrammet er tilpassa fulltidsstudentar som bur i Bergen.  

    Undervisning og litteratur er på norsk og engelsk.    

    Undervisninga skjer gjennom blant anna forelesingar, seminargrupper og praktiske øvingar. Det er òg bedriftsbesøk, forskingspraksis og labøvingar på studiet, avhengig av studieretning. På delar av studiet er oppmøte obligatorisk. 

    Kvar veke bruker du omlag ti timar på undervisning. Saman med sjølvstudium og studentaktivitetar bør du rekne med å bruke om lag like mykje tid på studia som på ein heiltidsjobb. 

    Vi har eit godt sosialt samhald på tvers av studieretningane og mellom dei to årskulla, med fleire faste sosiale møtepunkt i semesteret.  

    Som student vil du halde til på campus i Bergen sentrum, på hovudbygget for Det psykologiske fakultetet. Her finn du masterlesesalar, undervisningsrom, grupperom og kantine. Dei som går på studieretning åtferd og nevrovitskap vil òg ha mykje av undervisninga si på BB-bygget i nærleiken av Haukeland universitetssjukehus. 

    Kva kan du jobbe som? 

    Med ein master i psykologi har du kunnskap og teoretiske rammeverk for prosessar og mekanismar som formar åtferd. Du har òg kompetanse til å tileigne deg og skaffe oversikt over kompleks informasjon, og evna til prosjektstyring, kritisk tenking og formidling. Dette gjer deg kvalifisert og attraktiv for ei rekke yrke.  

    Du kan for eksempel arbeide med    

    • rådgjeving og utgreiingsarbeid i stat og kommune   
    • integrering og mangfald i kommunar  
    • design av arbeidsmiljø, «menneskelege faktorar» (HF), HMS-ansvar, beredskap   
    • arbeid innan helsemiddelføretak og liknande 
    • miljøterapi, anna helseinstitusjonsarbeid (utanom klinisk psykologi)   
    • rettleiing i undervisningsinstitusjonar eller NAV 
    • forskingsoppgåver i akademia, bedrift eller institusjon 

    Opptakskrav og søknadsfrist 

    For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

    Søknadsfristen er 15. april.

    Søk her

    Studiets oppbygging 

    Dette masterprogrammet består av to ulike studieretningar. På det første året tar du to obligatoriske fellesemne. Desse tar du i lag med dei som går på master i arbeids- og organisasjonspsykologi. Det første året er det også obligatoriske fordjupingsemne. Dei to studieretningane har eigne fordjupningsemne. Det siste året skal du skrive ei masteroppgåve som passar til den valde studieretninga. Som hovudregel skriv ein masteroppgåva i par. Studentar på studieretninga «sosial og kognitiv psykologi» har to val når det gjeld oppgåveskriving. Dei kan skrive ei masteroppgåve på 60 studiepoeng heile sitt tredje og fjerde semester, eller dei kan på tredje semester ta valemne eller reise på utveksling hausten på det andre året, for så å skrive ei masteroppgåve på 30 studiepoeng det fjerde semesteret. 

    Første år: 

    1. semester (haust) 

    Fellesemne:  

    • Perspektiv i psykologisk vitskap (MAPSYK301, 15 studiepoeng) 

    Sosial- og kognitiv psykologi: 

    • Menneskelege faktorar i kritiske situasjonar (MAPSYK332, 5 studiepoeng) 
    • Kognitivt mangfald på tvers av kultur, språk og tid (MAPSYK333, 5 studiepoeng) 
    • Forskingspraksis 1, (MAPSYK351A, 5 studiepoeng) 

    Åtferd og nevrovitskap:  

    • Kognitiv nevrovitskap (MAPSYK336, 15 studiepoeng) 

    2. semester (vår) 

    Sosial- og kognitiv psykologi: 

    • Risikopersepsjon og miljøåtferd (MAPSYK334, 5 studiepoeng) 
    • Kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv (MAPSYK335, 5 studiepoeng) 
    • Forskingspraksis 2 (MAPSYK351B, 5 studiepoeng) 

    Åtferd og nevrovitskap:  

    • Åtferd og nevrovitskap: Biologisk psykologi (MAPSYK337, 15 studiepoeng) 

    Fellesemne:  

    • Forskingsmetodar (MAPSYK302, 15 studiepoeng) 

    Andre år:  

    Dei som går på studieretninga sosial- og kognitiv psykologi kan velje mellom å skrive 30 og 60 studiepoengs masteroppgåve. 

    3. semester (haust) 

    Sosial- og kognitiv psykologi: Utveksling/valemne eller første halvdel av Masteroppgåve (MAPSYK360, 60 studiepoeng) 

    Åtferd og nevrovitskap: Første halvdel av Masteroppgåve (MAPSYK360, 60 studiepoeng) 

    4. semester (vår) 

    Sosial- og kognitiv psykologi:  Masteroppgåve (MAPSYK330, 30 studiepoeng), eller andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 studiepoeng 

    Åtferd og nevrovitskap: Andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 studiepoeng 

    Utveksling

    Studentar på studieretninga «sosial- og kognitiv psykologi» kan velje å skrive ei 30 studiepoengs masteroppgåve og ta 30 valfrie studiepoeng på utveksling. I nokre tilfelle kan det ordnast med utveksling også for dei som skriv 60 studiepoengs masteroppgåve, for eksempel i form av utveksling for datainnsamling i tredje semester. 

    Vidare studiemoglegheiter 

    Med ein mastergrad i psykologi kan du søke opptak til forskarutdanning (ph.d.), les meir her Ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet. 

    Du kan og ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) etter fullført master og bli lærar og undervise frå 5. til 13. trinn i skulen. 

    Spørsmål om studiet? 

    Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet 

    Studieplan 

    Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

    Studieplan for MAPS-PSYK Masterprogram i psykologi