Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i administrasjon og organisasjonsvitskap

  • Studiepoeng120
  • Lengde2 år
  • Studieplassar20
  • StudiestartHaust
  • SpråkNorsk
  • StudieplanLes studieplan

Presentasjon

Graden

Masterprogrammet fører fram til graden master i administrasjons- og organisasjonsvitskap. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap tar sikte på utvikle evna til sjølvstendig analyse av organisasjonar og politikk. Demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk utgjer sentrale referanserammer for faget. Masterstudiet gir studentane øving i vitskapleg arbeid og framstilling. Studiet tar sikte på å gi ei allsidig teoretisk og metodisk opplæring, og styrkje studentane sine analytiske evner. Skriftlege arbeid og aktiv deltaking i forskingsgrupper skal fremje eigeninnsats og evna til sjølvstendig arbeid. Masterstudiet skal gi grunnlag for vidare forskings- og utgreiingsarbeid, og for å kunne gi råd om organisasjonsspørsmål.

Administrasjon og organisasjonsvitskap er karakterisert ved metodepluralisme. På alle nivå legg metodeundervisninga både vekt på både vitskapsteori og på trening i å velje metode i forhold til problemstilling. På masternivået får du spisse metodekunnskapen din ved å velje blant ulike aktuelle metodar.

Masterprogrammet er sett saman av følgjande obligatoriske komponentar:

Kursdel: AORG320 Organisasjon og politikk, AORG321 Metodelære, AORG322 Forskingsdesign og AORG323 Forskingsfelt

AORG350 Masteroppgåve i Administrasjon og organisasjonsvitskap

Til saman utgjer AORG320 Metode, AORG321 Politikk og organisasjon, AORG322 Forskingsdesign og AORG323 Forskingsfelt 60 studiepoeng og er normert til eit års studium .

I 3. og 4. semester skriv du AORG350 Masteroppgåva skal vera inntil 120 sider lang og er normert til 60 studiepoeng.

Masteroppgåva skal leverast i fjerde semester og det er følgjande faste fristar for vår- og haustsemesteret:

1. juni

1. desember.

Innlevering av masteroppgåva på anna tidspunkt må skje etter individuell søknad.

Fagleg profil

Administrasjon og organisasjonsvitskap er studiet av politikk, forvaltning , og organisasjon. Faget har eit statsvitskapleg fundament der det blir lagt særleg vekt på teoriar om demokrati, organisasjonar og organiserte tiltak.

Faget tek sikte på å utvikle kunnskap om offentleg forvaltning og politikk i lys av forholdet mellom organisasjon og individ, og forholdet mellom organisasjon og omverda.

Faget byggjer på ei teoretisk orientert og empirisk basert forsking om politikkutforming og organisasjonar. Dette omfattar både offentleg og privat sektor så vel som det frivillige organisasjonssamfunnet. Eit samanliknande perspektiv er sentralt i faget. Det spesielle ved administrasjon og organisasjonsvitskap er at det kombinerer statsvitskap og organisasjonsteori. Denne kombinasjonen av generell statsvitskapleg teori, med vekt på offentleg administrasjon og offentleg politikk og teoriar om åtferd i organisasjonar er eit særmerke ved faget i norsk og internasjonal samanheng.

Metode

Administrasjon og organisasjonsvitskap er karakterisert ved metodepluralisme. På alle nivå legg metodeundervisninga vekt på både vitskapsteori og trening i å velje metode i forhold til problemstilling. Du får høve til å spisse metodekunnskapen din ved å velje blant ulike aktuelle metodar.

Masteroppgåve

Arbeidet med masteroppgåva har naturleg tilknyting til ei av forskingsgruppene til instituttet, og er eit sjølvstendig forskingsprosjekt. Når du skriv oppgåva, har du rett på regelmessig rettleiing frå ein rettleiar frå den vitskaplege staben. I tilknyting til arbeidet med AORG322 Forskingsdesign inngår du kontrakt med rettleiaren.

Studer Administrasjon og Organisasjonsvitenskap

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Mange med eksamen i administrasjon og organisasjonsvitskap arbeider i offentlege verksemder som departement og direktorat og i store nasjonale og internasjonale organisasjonar. Mange kandidatar finn også vegen til massemedia, forsking, utgreiing og undervisning. Det er ein aukande tendens til at kandidatar med eksamen i faget går inn i jobbar i privat sektor - særleg i store, internasjonalt retta selskap.

Vidare studium

Søkjarar med mastergrad kan søkje om opptak til organisert forskarutdanning, ph.d.-utdanninga.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten:

  • har avansert kunnskap om og oversikt over nyare teori og forsking om organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk
  • har grundig kjennskap til metodar som blir nytta i organisasjons- og forvaltningsforsking
  • har inngåande kunnskapar om forholdet mellom politikk og forvaltning, og forholdet mellom utforming og iverksetjing av offentleg politikk
  • har grundig forståing for faget si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdighet

Studenten kan:

  • analysera nyare teoriar om offentleg forvaltning, offentleg politikk og organisasjon
  • utvikla og analysera faglege problemstillingar innanfor organisasjon og politikk på sjølvstendig grunnlag ved å nytta relevante teoriar, metodar og data
  • setja seg inn i forskingsstatus på eit felt gjennom kritisk gjennomgang av forsking på feltet, og definera behov for ny forsking
  • designa og gjennomføra eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med forskingsetiske retningsliner
  • bruka dei kunnskapane som skal til for å identifisera og trekkja ut samanhengar mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • meistrar dei grunnleggjande metodiske prinsippa som ligg til grunn for vitskapleg tekstproduksjon
  • kan formulera eit forskingsopplegg, analysera og kritisk utleggja forholdet mellom forskingsspørsmål, data, omgrep og teori. Han/ho skal vidare kunna påvisa argumentasjonsstrukturen i ein vitskapeleg tekst og evaluera den
  • kan utvikla og analysera faglege problemstillingar på sjølvstendig grunnlag ved å nytta relevante teoriar, metodar og data
  • kan kommunisera om vitskaplege problemstillingar, analysar og konklusjonar
  • er i stand til å delta i innovasjons- og utviklingsprosjekt

Oppbygging

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap ser slik ut:

1. semester
AORG320 Organisasjon og politikk
AORG321 Metodelære

2. semester
AORG322 Forskingsdesign
AORG323 Forskingsfelt

3. og 4. semester
AORG350 - Masteroppgåve

Masterprogram i administrasjon og organisasjonsvitenskap (krav 120 SP)
Kursdelen (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
AORG320Organisasjon og politikk 151–21
AORG321Metode151–21
AORG322Forskingsdesign 151–22
AORG323Forskingsfelt 151–22
Masteroppgave (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
AORG350Masteroppgåve i administrasjon og organisasjonsvitskap601–33
Veiledningsavtale, administrasjons og organisasjonsvitenskap
Rettleiingsavtale for master i adm.org. skal inngåast i tilknyting til AORG322 Forskingsdesign
Obligatorisk emne
Veiledningsavtale for master i adm.org.
Prosjektskildring for mastergradsprosjektet
Obligatorisk emne
Prosjektbeskrivelse, master
Fremdriftsrapport for sluttføringen av masterprosjektet
Obligatorisk emne
Fremdriftsrapport, master
Utveksling
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
Permisjon
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Delstudium i utlandet

Du kan reise på utveksling som en del av mastergraden din i administrasjon og organisasjonsvitskap. Det finst fleire alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet har fleire samarbeidsavtaler i mange land og regionar. Blant moglegheitene er studiar i Norden og Europa gjennom Nordplus og Erasmus+ ordningane, eller du kan reise til eit anna kontinent gjennom ei av UiBs mange bilaterale avtalar.

Det vert anbefalt at utanlandsstudiet leggjas til 2. semester. Studentar på utveksling må ta emne til erstatning for to obligatoriske forskingsemne i graden. Eit godt tilrettelagd alternativ for dette er å ta semesteret ved Universität Potsdam, men andre alternativ er også mogleg. Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og er mogleg å gjennomføre på masternivå. Sjå instituttets nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Anbefalte utvekslingsavtalar

Korleis søke

Opptakskrav

For opptak til mastergraden i administrasjon og organisasjonsvitskap må du ha ein bachelorgrad eller tilsvarande med minst 90 studiepoeng spesialisering i administrasjon og organisasjonsvitskap/ statsvitskap.

Bachelorgrad i administrasjon og organisasjonsvitskap frå UiB gir fagleg grunnlag for opptak til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap.

Om du har ein bachelorgrad i samanliknande politikk frå UiB eller statsvitskap frå eit anna Universitet i Noreg, er du fagleg kvalifisert til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. Graden må innehalde samfunnsvitskapelig metode.

Det er karaktersnittet i spesialiseringa i administrasjon og organisasjonsvitskap/statsvitskap som dannar opptaksgrunnlag til masterprogrammet, og søkjar må ha minimum C i snitt for å bli vurdert for opptak

 

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april. Dersom du har utdanning frå andre institusjonar enn UiB som inngår i det faglege opptaksgrunnlaget for masterprogrammet, må du søkje om innpassing innan 15. april. Det gjeld også utdanning som blir avslutta i inneverande semester.
Sjå

http://www.uib.no/svf/38987/opptak-til-masterprogram

MA Admorg

MA Admorg
MA Admorg
Foto:
Colourbox

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Kontakt

Meir informasjon

studieveileder@aorg.uib.no / 55 58 21 54

Sjå også informasjon om opptaket på Det samfunnsvitenskaplege fakultet sine nettsider: http://www.uib.no/svf/38987/opptak-til-masterprogram