Hjem
Utdanning

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informasjonsvitskap. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

I informasjonsvitskap gjer ein empiriske studiar av informasjonssystem og aktivitetar knytte til slike, både med kvalitative og kvantitative metodar. Det som likevel kjenneteiknar faget mest, er at vi i vår forsking prøver å utvikle og forbetre informasjonssystema ved å faktisk designe ei forbetring, for eksempel i form av eit dataprogram, ein database, ein nettstad eller liknande.

Mastergradsstudiet i informasjonsvitskap gir deg ei framtidsretta IKT-utdanning på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Studiet utviklar evna di både til sjølvstendig praktisk IKT-arbeid og til rettleia IKT-forsking. Mastergraden i informasjonsvitskap er dermed eit godt grunnlag både for yrkeslivet og for vidare doktorgradsstudium i informasjonsvitskap.

På masterstudiet i informasjonsvitskap tar du kurs i to semester før du skriv ei sjølvstendig vitskapeleg masteroppgåve i løpet av to semester. Vanlegvis vil alle kursa du tar vere innan informasjonsvitskap. Også desse kursa har obligatoriske øvingar og/eller oppgåver. Det er difor heller ikkje mogleg å ta eksamen i informasjonsvitskap på masternivå som privatist.

Masterstudiet i informasjonsvitskap byggjer vidare på bachelorstudiet. Masterstudiet styrkjer og vidareutviklar studenten sine praktiske og teoretiske kunnskapar, analytiske evner og kritiske kompetanse i forhold til informasjons- og kommunikasjonsteknologiar og deira historiske, aktuelle og moglege føresetnader og funksjonar i høve til individ, grupper, institusjonar, organisasjonar og samfunn. Studiet utviklar evna til sjølvstendig problemløysing og utviklingsarbeid, og kvalifiserer for varierte arbeidsoppgåver innan IKT-området.

Studiet utviklar studenten si skriftlege og munnlege formuleringsevne, og gir trening i vitskapleg arbeid og framstilling gjennom skriving av ei masteroppgåve. Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid skrive under rettleiing, og føreset kjennskap til vitskaplege vurderings- og kvalitetskriterium og forskingsetikk. Gjennom arbeidet med masteroppgåva har studenten utvikla og demonstrert evne til å formulera klare problemstillingar, trekkja inn relevant kunnskap og forsking på det aktuelle feltet, samla og systematisera eit større empirisk materiale og å analysera dette materialet i lys av ei sjølvvalt problemstilling. Gjennom grunngjeving av eigne teoretiske og metodiske hovudval, og bruk av teoriar og teoretiske omgrep i analyse av eit konkret empirisk materiale, har studenten dokumentert evne til sjølvstendig arbeid og kritisk refleksjon.

Masterstudiet har vidare utvikla studenten sine evner til raskt å setja seg inn i nye problemstillingar, tileigna seg ny fagkunnskap og å bruka denne kunnskapen i sjølvstendig analyse av yrkesfaglege og samfunnsmessige problemstillingar.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program i informasjonsvitskap skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har styrka og vidareutvikla teoretiske og tekniske kunnskapar, analytiske evner og kritisk kompetanse i informasjons- og kommunikasjonsteknologi
  • har djup innsikt i fagfeltet masteroppgåva handlar om, inkludert problemstilling, teoretisk og teknisk bakgrunn, og relevante forskingsmetodar
  • har god kjennskap til vitskapelege vurderings- og kvalitetskriterier og til forskingsetikk

Dugleikar

Kandidaten

  • er i stand til å gjennomføre informasjonsvitskapleg forsking, inkludert definisjon av problemstilling og hypotese, litteraturstudium, datainnsamling, analyse og kritisk evaluering
  • har fått styrkt den skriftlege og munnlege formuleringsevna si gjennom skriving og presentasjon av masteroppgåva
  • er i stand til å arbeide og reflektere sjølvstendig og kritisk og å argumentere for eigne teoretiske og metodiske val

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har utvikla evna til raskt å sette seg inn i nye problemstillingar
  • er i stand til å tileigne seg ny teoretisk og praktisk kunnskap
  • kan bruke eigen kunnskap til uavhengig analyse av teoretiske og praktiske problemstillingar
  • har ei djup forståing av grunnlaget for IKT, ei forståing som er relevant både for tidlegare, noverande og framtidig teknologi
  • er kvalifisert for et breitt spekter av faglege oppgåver knytt til utvikling og bruk av IKT i privat og offentleg sektor

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-100 studiepoeng spesialisering i informasjonsvitskap.

Bachelorgradar frå UiB som kvalifiserer:

Informasjonsvitskap (BASV-INFO)

IKT (BASV-IKT)

Kognitiv vitskap (BASV-KOGNI)

Kunstig intelligens (BASV-AIKI) med spesialisering i informasjonsvitenskap. Opptaksgrunnlaget regnes på bakgrunn av de 90 beste studiepoengene av emnene: AIKI110, AIKI210, AIKI200, INFO132, INFO104, INFO180, INFO282 og INF264 + tre emner i informasjonsvitenskap der studentene velger mellom følgende: INFO125, INFO135, INFO207/INF207, INFO215 og INFO216

Nye medier (BASV-NYMED)

Medie- og interaskjonsdesign (BASV-MIX): Alle INFO-emne og AIKI-emne som var obligatoriske i studieplanen for BASV-MIX då studenten vart teken opp til bachelorgraden. Dessutan MIX250 og 30 studiepoeng i informasjonsvitskap (altså i tillegg til dei obligatoriske INFO/AIKI-emna).

Informatikk: Datateknologi (dersom du har INFO110 og anten INFO180, INFO282, INFO162 eller INFO262)

Informatikk: Datavitskap (dersom du har INFO110, anten INF112 eller INFO212, og anten INFO180, INFO282, INFO162 eller INFO262)

Informatikk: Datatryggleik (dersom du har INFO110, anten INF112 eller INFO212, og anten INFO180, INFO282, INFO162 eller INFO262)

Informatikk: Bioinformatikk (dersom du har INFO110, anten INF112 eller INFO212, og anten INFO180, INFO282, INFO162 eller INFO262)

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

IT og informasjonssystem frå UiA

Informatikk frå NTNU

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har emne som inkluderer følgjande fagområde:

Programmering (minst 20 sp)

Diskret matematikk (minst 5 sp)

Databasar (minst 7,5 sp)

Informasjonssystem, kunstig intelligens eller HCI (minst 10 sp)

Systemutvikling (minst 7,5 sp)

Minst 30 studiepoeng fordjuping innan informasjonsvitskap, der følgjande fagområde er relevante:

Programmering

Systemutvikling

Kunstig intelligens

Human-Computer Interaction (HCI)

Nettverksteori

Du må også ha (generelle opptakskrav):

Minst C i snitt på spesialiseringa som utgjer opptaksgrunnlaget.

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Rekkefølgje for emne i studiet

Kursdelen

Mastergraden i informasjonsvitskap består av ein kursdel på 60 studiepoeng, 4 emne à 15 poeng. Det er mogleg etter søknad til instituttet å få ta med inntil 30 studiepoeng frå andre mastergradar, men minst 30 studiepoeng skal alltid være kurs i informasjonsvitskap på 300-nivå. Sjå oversyn over aktuelle valemne for inneverande semester i Emneoversikta for Informasjonsvitskap.

Oppgåvedelen

Obligatorisk emne: INFO390: Masteroppgåve i informasjonsvitskap (60 sp) (Tilrådd semester: 3. og 4.)

Rettleiingsavtale for master i informasjonsvitskap skal inngåast innan 2. semester.

Valfritt

Utanlandsopphald, 1 semester

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Tilrådd semester: 1. semester/haust.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av forelesingar, seminarundervisning og undervisning/rettleiing på datalab.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: skriftleg skuleksamen, munnleg eksamen, karaktersette oppgåver og mappeevaluering.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Relevans for arbeidsliv

Som ferdigutdanna informasjonsvitar arbeider du gjerne som konsulent i IT-bransjen eller med utvikling og drift i IT-avdelingar i private og offentlege verksemder. Arbeidsoppgåvene dine kan t.d. omfatte utvikling og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, og planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan gjere nytte av IKT. Ein del informasjonsvitarar etablerer også eigne verksemder, mens andre arbeider med forsking og undervisning på universitet eller høgskolar. Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Masterprogrammet i informasjonsvitskap gir deg ei framtidsretta IKT-utdanning på høgt nivå. Studiet utviklar både evna til sjølvstendig praktisk IKT-arbeid og til IKT-forsking under rettleiing. Mastergraden i informasjonsvitskap er dermed eit godt grunnlag for yrkeslivet.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for informasjons- og medievitskap