Hjem

Lektor samfunnsfag (sosiologi), master, 5 år

Det er viktigare enn nokon gong med gode lærarar i samfunnsfag i skulen. Med lektorutdanning i sosiologi kan du hjelpe elevane å forstå samfunnet dei lever i, i ei tid med store forandringar.
  • Lengde5 År
  • Ordinær45,9
  • Primær47,4
  • Plassar17
  • OpptakskravLÆRALT
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Dette programmet er for deg som vil bli lærar og undervise på ungdomstrinnet eller i den vidaregåande skulen. Faget sosiologi gir deg undervisingskompetanse i samfunnsfag. I tillegg vel du eitt av faga: nordisk, eit språkfag, historie, eller religion. Du får kompetanse til å undervise i dette faget òg. Du fordjupe deg og skriv masteroppgåve i sosiologi.  

I sosiologifaget lærer du om relasjonar mellom menneske, både på det lokale, nasjonale og globale nivået. På programmet diskuterer vi spørsmål som: Kva er bakgrunnen for og konsekvensane av

  • aukande sosiale forskjellar
  • klimakrise
  • kjønnsforskjellar
  • migrasjon
  • globaliseringsprosessar
  • og mykje meir.

I tillegg til fagleg kompetanse får du kunnskap om kva som skaper god læring og undervising. Kva gir den beste læringa i dei faga du skal undervise i og for den aldersgruppa det gjeld? Dette får du svar på i faga pedagogikk og didaktikk og gjennom praksisperiodane.

Full liste med læringsutbyte

Meir informasjon under

Hvilken lærer har inspirert deg?

Produsent:
Sølvrev

Les meir om korleis du blir lektor

Studiekvardag

Lektorprogrammet er bygd opp med fagspesifikke emne i sosiologi og for faget du vel som fag 2. I tillegg tek du emne i didaktikk og pedagogikk. I den fagspesifikke undervisninga i sosiologi går du saman med studentar i bachelorprogrammet eller masterprogrammet i sosiologi. Pedagogikkundervisinga går saman med studentar frå andre lektorprogram, medan didaktikken er særskild for lektorprogrammet i sosiologi.  

Du får fire praksisperiodar gjennom studieløpet, til saman 100 dagar inkludert føre- og etterarbeid. Du vil planleggje og gjennomføre undervising alene og i samarbeid med medstudentar. Praksis er obligatorisk.  

Vi stiller krav om at du er sjølvstendig og tek ansvar for di eiga læring. Du vil delta i ulike læringsaktivitetar, som førelesingar og seminar, og vil jobbe med skriftlege og munnlege presentasjonar og oppgåver.  

Det finst eit aktivt fagutval og ei linjeforeining for lektorstudentar i sosiologi, og det er mogleg å delta i mange sosiale og faglege fellesaktivitetar som studentane organiserer sjølve. 

Kva kan du jobbe som?

Som lektor i ungdomsskulen eller i vidaregåande skule gjer du ein viktig innsats ved å bidra til å utdanne kunnskapsrike, kritisk tenkande samfunnsborgarar. Lektorjobbar er trygge og familievennlege, og det er mogleg å få jobb over heile landet. 

Sosiologi gir deg undervisingskompetanse i følgjande fag: 

  • Samfunnsfag (ungdomstrinnet)
  • Samfunnskunnskap (Fellesfag, VGS)
  • Sosiologi og sosialantropologi (Programfag, VGS)
  • Sosialkunnskap (Programfag, VGS) 
  • Politikk og menneskerettigheiter(Programfag, VGS)

Utdanninga kan òg  gi grunnlag for anna arbeid som kommunikasjonsrådgjeving, vaksenopplæring, skuleleiing og forsking, i offentlege eller private verksemder der kombinasjonen av formidlingskompetanse og fagleg kompetanse er attraktiv. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er: 15. april.  

Studiet sin oppbygging

Lektorutdanning med master i sosiologi har eit omfang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år. Studiet er bygd opp med ein bestemt progresjon frå første til tiande semester:  

I første semester får du ein introduksjon til faglege og pedagogiske perspektiv, ved sida av examen philosoficum (ex.phil). Du har òg di første praksisperiode i skulen.I andre semester får du ei breiare innføring i sosiologisk teori og metode. I tredje semester får praksis i skulen, som er kombinert med fagdidaktikk i fag 1. I tredje og fjerde semester skal du òg ta emne i fag 2. I femte semester kjem første langpraksisperiode på 35 dagar, som blir kombinert med emne i fagdidaktikk og pedagogikk, og med eit sosiologiemne tilpassa langpraksis. 

Sjette semester er det siste semesteret på bachelornivå, der du får fagleg fordjuping gjennom fokus på sosiologisk teori og metode og arbeid med bacheloroppgåva i fag 2. 

I sjuande og åttande semester (masternivå) får du meir fagleg fordjuping (teoretisk og metodisk) og pedagogisk teori og praksis. Dette gir deg eit grunnlag for sjølvstendig arbeid med masteroppgåva og utvikling av fagleg modning mot slutten av studiet. 

Niande og tiande semester skriv du masteroppgåva di.  

1. semester  

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 studiepoeng)
  • SOS100B Innføring i sosiologi (10 studiepoeng)
  • PEDA130 Innføring i pedagogikk (med integrert praksis, 10 dagar)

2. semester 

  • SOS121 Klassisk sosiologisk teori (10 studiepoeng)
  • MET103 Kvalitative metodar (10 studiepoeng)
  • Valemne i sosiologi (10 studiepoeng) 
  • KPDAG1 og KPDAG2 

3. semester 

  • Emne i fag 2 (20 studiepoeng)
  • SAKDI100-P Samfunnskunnskapsdidaktikk 1 (10 studiepoeng) (med integrert praksis, 10 dagar)    

4. semester 

  • Emne i fag 2 (30 studiepoeng)
  • KPDAG3 og KPDAG4 
  • Mogleg å reise på utveksling, om det er høve til det i fag 2

5. semester 

  • SOS122 Nyare sosiologisk teori (10 studiepoeng)  
  • PEDA2 Læreplan og undervising (10 studiepoeng)
  • Fagdidaktikk fag 2 (10 studiepoeng) 
  • LANGPRAKSIS1 Planlegging og evaluering av undervising (35 dagar)
  • KPDAG5 

6. semester  

  • SOS203 Sosiologisk forsking: Teori og metode (10 studiepoeng)
  • MET104 Kvantitative metodar (10 studiepoeng)
  • Bacheloroppgave fag 2 (10 studiepoeng)
  • Mogleg å reise på utveksling

7. semester 

  • SOS304 Metode - kvalitative tilnærmingar(10 studiepoeng)
  • SOS302 Sosiologiske teoritradisjonar (10 studiepoeng)
  • SOS303 Metode - statistisk analyse (10 studiepoeng)  
  • KPDAG6 og KPDAG7 

8. Semester  

  • PEDA3 Lærarprofesjonalitet (10 studiepoeng)  
  • SAKDI300 Samfunnskunnskapsdidaktikk 3 (10 studiepoeng)  
  • SOS340 Prosjektutvikling (10 studiepoeng)
  • LANGPRAKSIS2 Andre praksisperiode (35 dagar)
  • KPDAG8  

9. og 10. semester  

  • SOS360 Masteroppgåva (60 studiepoeng) 
  • KPDAG9 OG KPDAG10 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det blir anbefalt å dra på utveksling i fjerde eller sjette semester. UiB har utvekslingsavtaler med mange universitet i Europa og elles i verda. Utveksling må planleggast i god tid og vi hjelper deg med dette.  

Vidare studiemoglegheiter 

Om du vil å utdanne deg vidare, kan du ta en phd-grad i sosiologi.  

Spørsmål om studiet?

Telefon:  55 58 90 30

E-post: studieveileder.sos@uib.no

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen.

Søk her