Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i manusutvikling for seriar

  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng120

Presentasjon

Mål og innhald

Masterprogrammet i manusutvikling for seriar er ei spesialisert utdanning i manusskriving for serieformat, det vil seie forteljingar som er stykka opp i episodar, på høgste nivå. Det inkluderer fiksjonsseriar for tv (både drama og komedie), dokumentarseriar og webseriar. Studiet skal styrke studentane sine teoretiske, historiske og analytiske dugleikar om ulike serieformat samt gjere dei i stand til sjølvstendig å utvikle idear og manus for slike produksjonar.

Masterprogrammet i manusutviking for seriar byggjer på bachelorgraden i tv-produksjon. Studiet legg vekt på vekselverknadene mellom teoretisk og praktisk kunnskap. Den handverksmessige kompetansen er forankra i akademisk kunnskap om forteljingar, sjangrar, tekstanalyse, film- og tv-historie, kreativitetsstudiar og produksjonsstudiar.

Masterprosjektet går ut på å utvikle manus til ein dokumentarserie eller ein fiksjonsserie, med ein tilhøyrande produksjonsrapport som reflekterer over det praktiske arbeidet. Studiet er undervisingsintensivt, med tett oppfølging frå fagleg stab, praksislærarar og høgt kvalifiserte gjesteførelesarar. Det er eit heiltidsstudium, og det er ei føresetjing at studentane har høve til å ta aktivt del i undervisning/seminar/diskusjonar/tilbakemelding. Undervisninga er lokalisert i Media City Bergen.

Studiestart - semester

Haust

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Ein mastergrad i manusutvikling for seriar kvalifiserer studentane til manusarbeid på dokumentar- eller fiksjonsproduksjonar for tv, web eller film, både i store organisasjonar og som sjølvstendige entreprenørar. Ein mastergrad i manusutvikling for seriar kvalifiserer òg for forsking og undervising innan medievitskap og medieproduksjon.

Vidare studium

Studiet kvalifiserer til ph.d.-studium i medievitskap og beslekta fagfelt.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert teoretisk, historisk og analytisk kunnskap om ulike typar serieformat.
  • har spesialisert kunnskap om koreleis ein finn og dyrkar fram idear og konsept for seriar
  • har spesialisert kunnskap om dramaturgiske konvensjonar og prinsipp
  • kan anvenda kunnskap på nye område innanfor manusutvikling
  • har spesialisert kunnskap om manusprosessar og arbeidsmetodar i serieutvikling
  • har yrkesrelevant kunnskap om korleis tv-industrien fungerer
  • har kunnskap om manusforfattarens rolle under innspelinga av ein serieproduksjon

Dugleikar

Kandidaten

  • kan skriva profesjonelt for serieproduksjonar
  • har spesialiserte dugleikar i å nytta dokumentariske seriar eller fiksjonsseriar til å formidla ein bodskap
  • kan aktivisera teoretiske og analytiske innsikter i eigen manusskriving
  • har avanserte ferdigheiter når det gjeld å presentera og selja inn seriekonsept for bransjen (pitching)
  • kan kritisk analysera og utnytta faglitteratur og andre informasjonskjelder anvende desse til å strukturera og formulera faglege resonnement om manusutvikling som handtverk
  • kan arbeida sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing knytt til manusutvikling
  • kan nytte relevante metodar for forsking og fagleg/kunstnarleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysera relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar knytt til manusutvikling
  • kan anvenda sine kunnskapar og ferdigheiter innan manusutvikling på nye tema og plattformer for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
  • har kompetanse til å hurtig setje seg inn i nye problemstillingar og ny fagkunnskap innanfor manusutvikling
  • kan formidla omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar fagområdets uttrykksformer
  • kan kommunisera om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor manusutvikling, både med spesialistar og til ålmenta
  • kan bidra til nytenking om manusutvikling

Oppbygging

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet i manusutvikling for utgjer totalt 120 studiepoeng, og er sett saman av to delar: ein kursdel og ei masteroppgåve (inkludert utplassering).

I første semester gjennomfører studentane MAN301 - Introduksjon til manusutvikling for seriar (30 sp). Emnet gir ei detaljert innføring i manushandverkets sentrale komponentar gjennom førelesingar om, og analyser av, generelle manuskonvensjonar og konkrete manuskript. Undervisinga er strukturert rundt følgjande tema: konseptutvikling, dramaturgisk struktur, scena, eksposisjon, karaktertekning/karakterutvikling og rewriting.

Andre semester tek studentane MAN302 Fordjuping i manusutvikling for serier (30 sp). Undervisinga er strukturert rundt følgjande tema: sjanger/stil, dialog, adaptasjon, bransjekunnskap, skriving i team og pitching.

Tredje og fjerde semester tek studentene MAN350 Utplassering og masteroppgave. Emnet har to komponentar:

1) Utplassering.

Studentane vert utplassert i ei bedrift som arbeider med seriar. Målet er å gi studentane verdifull erfaring med serieproduksjon gjennom førstehånds observasjon, samt høve til å knyte kontaktar i bransjen. Utplasseringa finn stad i tredje semester.

2) Masteroppgåve

Masteroppgåva består av anten manus til ein dokumentarserie for tv eller web, eller manus til tv-serie (drama eller komedie).

Masterprogram i manusutvikling for seriar (krav 120 SP)
Obligatoriske emne i kursdelen (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAN301Introduksjon til manusutvikling for seriar301
MAN302Fordjuping i manusutvikling for seriar302
Oppgåvedelen (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAN350Utplassering og masteroppgåve601–43
Rettleiingsavtale
Rettleiingsavtale skal inngåast innan 2. semester
Obligatorisk emne
Veiledningsavtale skal inngås innen 2. semester
Prosjektskildring for mastergradsprosjektet
Obligatorisk emne
Prosjektbeskrivelse, master
Fremdriftsrapport for sluttføringen av masterprosjektet
Obligatorisk emne
Fremdriftsrapport, master
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Opptakskrav

Søkjarar kan kvalifisere til opptak til masterprogrammet i manusutvikling for seriar anten på fagleg grunnlag eller på grunnlag av yrkeserfaring/praksis/arbeidsprøve/tilleggsutdanning. I alle tilfelle må søkjaren ha ein bachelorgrad eller tilsvarande (til dømes cand.mag-grad), med minimum C som gjennomsnittskarakter.

Søkjarar med fagrelevant bachelorgrad

Den som søkjer opptak på fagleg grunnlag må ha ein bachelorgrad i manus-/film-/tv-produksjon eller liknande. Manuskomponentar i bacheloren er ein klar fordel, men ikkje ein absolutt føresetnad. Søkjarar med fagrelevant bachelor som ikkje er tatt ved UiB, bør leggje ved innhaldsbeskriving av dei relevante emna i graden sin.

Søkjarar med fagrelevant bachelorgrad kan levere arbeidsprøve og/eller dokumentasjon på relevant yrkeserfaring eller tilleggsutdanning. Dette er for å gje opptakskomiteen eit breiare vurderingsgrunnlag, og slik dokumentasjon kan tale til søkjarens fordel i ei heilheitsvurdering.

Alle søkjarar skal levere eit motivasjonsbrev på inntil 1 A4-side. Brevet skal gjere greie for søkjarens motivasjon for studia, eigne skriveinteresser, karriereambisjonar eller liknande.

Søkjarar utan fagrelevant bachelorgrad

Dei søkjarane som har ein bachelorgrad som ikkje er fagrelevant, kan søkje opptak på grunnlag av yrkeserfaring/praksis/arbeidsprøve/tilleggsutdanning, og må levere arbeidsprøve og/eller dokumentasjon på relevant yrkeserfaring/praksis eller relevant tilleggsutdanning.

Alle søkjarar skal levere eit motivasjonsbrev på inntil 1 A4-side. Brevet skal gjere greie for søkjarens motivasjon for studia, eigne skriveinteresser, karriereambisjonar eller liknande.

Arbeidsprøve

Døme på arbeidsprøve er:

  • Manus til kortfilm
  • Manus til TV-pilot
  • Manusutdrag frå spelefilm
  • Prosjektskisse

Skjønnlitterære tekstar kan også vurderast.

Arbeidsprøven bør ikkje overstige 50 sider totalt.

Yrkeserfaring/praksis

Ved yrkeserfaring er det ønskeleg med CV og attest(ar), i tillegg til ei skildring (1-2 A4-sider) av arbeidets innhald og omfang. Det er ein fordel om søkjaren kan grunngje den faglege relevansen som yrkeserfaringa har for manusutvikling.

Tilleggsutdanning

Ved relevant tilleggsutdanning må søkjaren dokumentere utdanninga, og gjerne skildre det faglege innhaldet. Relevant tilleggsutdanning kan til dømes vere forfattarstudium, kreative skrivekurs eller liknande.

Vurdering

Opptakskomiteen gjer ei heilheitleg vurdering av kvar søkjar, basert på kvar einskild sitt søkjargrunnlag. Alle søkjarar blir rangerte etter heilheitsvurderinga før det blir gitt tilbod om studieplass.

Praktisk informasjon

Masterprogram i manusutvikling blir undervist på norsk. Utenlandske søkere må derfor legge ved dokumentasjon på tilstrekkelige språkkunnskaper.

Spørsmål om opptakskrava kan rettast til: studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april. Dersom du har utdanning frå andre institusjonar enn UiB som inngår i det faglege opptaksgrunnlaget for masterprogrammet, må du søkje om innpassing innan 15. april. Det gjeld også utdanning som blir avslutta i inneverande semester. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på  http://www.uib.no/svf/38987/opptak-til-masterprogram

Studiestart - semester

Haust

rsz_manus3_211117.jpg

illustrasjonsbilde
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?