Hjem

Utdanning

Master

Medievitskap, master, 2 år

  • Lengde2 år
  • Studieplassar35
  • SpråkNorsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng120

Presentasjon

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i medievitskap. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Siktemålet med masterstudiet i medievitskap er at studentane skal utvikle avansert analytisk kompetanse og djuptgåande fagleg innsikt om medier og kommunikasjon som sentrale fenomen i samfunn, kultur og arbeidsliv. Studiet fremjar forståing for aktuell forsking og avanserte analytiske tilnærmingar til kommunikasjon, mediebruk, medieestetikk, journalistikk og medienes samvirke med andre samfunnsinstitusjonar. Desse fagområda vert dekt av valkurs knytta til forskingsgrupper og aktuelle forskingsprosjekt. Ulike undervisnings- og vurderingsformer vert nytta. Kursa gjev studentane høve til å ta del i forskningsarbeid, presentasjonar og formidling, strategisk kommunikasjonsarbeid eller andre former for praksis. Masteroppgåva utgjer ei spesialisering innan studiet, og gjev trening i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Studiet vektlegg å utvikle kritisk kompetanse, formuleringsevne og ferdigheiter innan kommunikasjon, formidling og analyse.

Fagleg profil

Fagmiljøet ved UiB studerer - med ulike tilnærmingar og metodar - informasjons- og kommunikasjonsteknologiar og deira historiske, aktuelle og moglege funksjonar i forhold til individ, grupper, organisasjonar, institusjonar og samfunn, og dei estetiske og innhaldsmessige aspekta ved desse teknologiane. Fagmiljøet for integrerte medie-, IKT- og kulturstudium er ei fagleg nyvinning og det einaste i sitt slag i Noreg.

Masteroppgåve

Den sentrale delen av masterprogrammet er det sjølvstendige arbeidet med ei masteroppgåve. Masteroppgåva skal kunne gjennomførast i løpet av eitt år.

Studiestart - semester

Haust

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Ein mastergrad i medievitskap kvalifiserer for forsking og undervisning, og for arbeid i medie-, kultur- og informasjonssektoren.

Ein mastergrad i medievitskap med spesialisering i film kvalifiserer for arbeid innan film-, medie-, kultur- og informasjonssektoren, samt for forsking og undervisning.

Vidare studium

Studentar med mastergrad kan søkje om opptak til organisert forskarutdanning, ph.d.-utdanninga.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført masterprogram skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert kunnskap om medier og kommunikasjon som sentrale fenomen i samfunnet og kulturen, og spesialisert innsikt i fagområde som til dømes strategisk kommunikasjon, mediebruksanalyse, medieestetikk eller journalistikk.
  • har analytiske evner og inngåande kunnskap om avanserte teoriar og metodar som vert nytta innan medievitskapleg forsking, med utgangspunkt i samfunnsvitskaplege og humanistiske tradisjonar.
  • kan bruke kunnskap på nye kommunkasjonsfaglege og medievitskaplege problemstillingar som oppstår ut frå endringar i arbeidsliv, teknologi og samfunn.
  • kan analysere medie- og kommunikasjonsfaglege problemstillingar ut frå djuptgåande forståing for mediene si rolle i samfunnet, og ut frå avansert kunnskap om korleis medievitskap nyttar varierte analytiske tilnærmingar for å få grep om komplekse fenomen.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan samanfatte og kritisk vurdere informasjon frå ulike kjelder, oppdatere seg på aktuell forsking, og nytte kunnskapen i utgreiing og analyse av faglege problemstillingar.
  • kan arbeide sjølvstendig og i grupper med problemløysing knytt til kommunikasjonsfaglege problem, praktisk forskingsarbeid eller diskusjonar om mediene si rolle i samfunnet og kulturen.
  • kan kritisk vurdere teoriar, metodar og fortolkingar som vert nytta i medievitskapen.
  • kan formulere klare problemstillingar, samla og systematisera større empirisk materiale ut frå metodar som til dømes retorisk analyse, intervju, survey eller tekstanalyse, og analysere materialet for å gje svar på problemstillingane.
  • kan utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsgprosjekt ut frå gjeldande etiske normer, særleg vist gjennom arbeidet med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig akademisk arbeid under rettleiing.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analyse medie- og kommunikasjonsfaglege problemstillingar, og ved dette utføre kommunikasjonsarbeid og analyseoppgåver i privat og offentleg sektor, medieverksemder, organisasjonar og kulturlivet.
  • kan nytte medievitskaplege kunnskapar og ferdigheiter på nye område, arbeidsoppgåver og prosjekt, ut frå forståing for endringar i mediene og i teknologiske og sosiale føresetnader for kommunikasjon.
  • kan formidle sjølvstendig analysearbeid ut frå formkrav og uttrykksmåtar nytta i medievitskapleg forsking, og med dette ta del i forskings- og undervisningsoppgåver.
  • kan kommunisere medievitskaplege og kommunikasjonsfaglege analysar og konklusjonar til spesialistar og til ålmenta gjennom munnlege, skriflege og visuelle format, inkludert til dømes rapport, munnleg presentasjon og poster.
  • kan ta del i nytenking og strategiutvikling for kommunikasjon og mediebruksanalyse i ulike verksemder.

Oppbygging

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet er toårig og er sett saman av to delar: ein kursdel og ei masteroppgåve. Kvart vårsemester tilbyr instituttet eit kurs i prosjektutvikling, vitskapeleg arbeid og masteroppgåveskriving. Dei andre kursa vil vere fordelt på ulike medievitskapelege tradisjonar, perspektiv, tema og tilnærmingar. Studentar skal velje tre slike emne, to om hausten og eit om våren.

Eit masterprogram i medievitskap kan sjå slik ut:

  • 1. semester: Velg to emne av: MEVI302 Avansert mediebruksanalyse (15 sp), MEVI303 Medieestetikk (15 sp) og MEVI304 Strategisk kommunikasjon (15 sp)
  • 2. semester: MEVI340 Prosjektutvikling (10 sp) og to valemne i MEVI310-rekka (til sammen 20 sp)
  • 3. og 4. semester: MEVI350 Masteroppgåve (60 sp)
Masterprogram i medievitskap (krav 120 SP)
Kursdelen (krav 40 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MEVI340Prosjektutvikling102
Vel to av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
MEVI302Avansert mediebruksanalyse151
MEVI303Medieestetikk151
MEVI304Strategisk kommunikasjon151
Valemne (krav 20 SP)
Oppgåvedelen (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MEVI350Masteroppgåve i medievitskap603–43
Prosjektskildring for mastergradsprosjektet
Obligatorisk
Prosjektbeskrivelse, master
Rettleiingsavtale - medievitskap
Rettleiingsavtale for master i medievitskap skal inngåast innan 2. semester
Obligatorisk emne
Veiledningsavtale for master i medievit.- skal inngås innen 2. semester
Fremdriftsrapport for sluttføringen av masterprosjektet
Obligatorisk
Fremdriftsrapport, master
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Opptakskrav

Opptak på masterstudiet i medievitskap krev bachelorgrad i medievitskap, filmvitskap, medier og kommunikasjon, nye medier, journalistikk eller film- og tv-produksjon. Det er opptak til masterstudiet kvart haustsemester.

Studentar med bachelorgrad i nye medier, retorikk eller andre praktiske medieutdanninger må kunne dokumentere 30 studiepoeng i medievitskaplege emne for å kvalifisera til opptak på masterstudiet i medievitskap.

Søkjarar må ha minst C som gjennomsnittskarakter på spesialiseringen som utgjer opptaksgrunnlaget for å vera kvalifiserte til opptak.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april. Dersom du har utdanning frå andre institusjonar enn UiB som inngår i det faglege opptaksgrunnlaget for masterprogrammet, må du søkje om innpassing innan 15. april. Det gjeld også utdanning som blir avslutta i inneverande semester. Sjå også informasjon om opptaket og søknadsprosedyrar på Det samfunnsvitenskaplege fakultet sine nettsider.

Studiestart - semester

Haust

Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?