Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i samfunnsøkonomi

  • Lengde2 år
  • Studieplassar50
  • SpråkNorsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng120

Presentasjon

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i samfunnsøkonomi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Masterprogrammet gir ei grundig fagleg fordjuping i samfunnsøkonomi gjennom ulike spesialiseringsemne og vert avslutta med ei masteroppgåve. Studiet gir ei solid teoretisk forankring og gjennom oppgåveløysing, aktiv deltaking i undervisninga og skriftlege arbeid, vert analytiske og metodiske evner, samt fagleg sjølvstende styrka. Studiet gir inngåande kunnskap om empiriske metodar og analyse med fokus på moderne forskingsdesign og behandling av komplekse økonomiske data på mikro- og makronivå.

Fagleg profil

Institutt for økonomi sin metodiske kjernekompetanse er innan spelteori, insentivteori og anvendt mikroøkonometri. Basert på dette er dei viktigste forskingsområda:

  • arbeidsmarknad og utdanning
  • helseøkonomi
  • næringsøkonomi og økonomisk organisering
  • trygdeøkonomi
  • ressurs-, energi- og miljøøkonomi
  • utviklingsøkonomi
  • matematisk økonomi

Metode

Metoden som blir nytta i faget er matematikk og/eller økonometri.

Masteroppgåve

Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid under rettleiing. Du får rettleiing i samband med utforming av oppgåva og under arbeidet med oppgåva.

Studiestart - semester

Haust

Samfunnsøkonomi ved UiB

Produsent:
UiB

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Nokon arbeider med forsking og undervisning, eller dei vert journalistar, valutahandlarar eller deltek i formueforvaltning i finansinstitusjonar. Utdanninga gir eit godt grunnlag for å gå inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Vidare har samfunnsøkonomar òg vist seg å vere attraktive i jobbar innan internasjonale organisasjonar - det vere seg utviklingshjelp eller i utanrikstenesta. Innan privat næringsliv arbeider samfunnsøkonomar i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga), i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og ved universitet og høgskular.

Vidare studium

Studentar med mastergrad kan søkje om opptak til organisert forskarutdanning, ph.d.-utdanninga.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har inngåande kjennskap til struktur og organisering av norsk og internasjonal økonomi
  • har inngåande kjennskap til nyare økonomisk teori og empiriske studiar om verknader av økonomisk politikk
  • kan teori om konsumentar og produsentar, om tilpassing i arbeidsmarknaden, og om sparing og langsiktig konsumplanlegging
  • kan kriteria for ein god bruk av ressursane i samfunnet og teori om marknadslikevekt
  • kan teori om marknadsimperfeksjonar
  • kan analysere verknader av ulike konkurranseformer i ein marknad
  • kan teorigrunnlaget for empirisk analyse
  • kan modellere komplekse empiriske problemstillingar ved bruk av økonometrisk metode
  • kjenner dei makroøkonomiske styringsverkemidla
  • har omfattande kunnskap innanfor sjølvvalde spesialfelt
  • kan analysere faglige problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets historie, tradisjonar, eigenart

Ferdigheiter

Kandidaten

  • er godt kjend med relevant faglitteratur
  • kan knyte saman teori og empiri
  • kan bruke avanserte matematiske og statistiske metodar for å analysere samfunnsøkonomiske problemstillingar
  • har grunnlag for kritisk haldning til faget, og kan gjennom rettleiing og diskusjon oppdatere kunnskap
  • kan bruke økonomiske modellar til å forstå sosiale fenomen
  • kan bruke økonomiske resonnement til å diskutere og analysere økonomisk politikk
  • kan bruke økonomiske teori og empirisk metode til å analysere verknader av økonomisk politikk
  • kan gjennomføre avanserte empiriske analyser på komplekse datasett
  • kan bidra til utforming av verkemiddel i den økonomiske politikken
  • kan kritisk vurdere det økonomiske innhaldet i økonomisk politikk
  • kan anvende kunnskap på nye områder innanfor fagområdet
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan drøfte og ta stilling til relevante forskingsetiske problemstillingar
  • kan arbeide sjølvstendig og organisere og planlegge eige arbeid innanfor gitte fristar
  • har evne til klar og ryddig skriftleg og munnleg framstilling, og høg grad av logisk og matematisk presisjon
  • kan delta i faglege diskusjonar og bidra til nytenking i økonomiske analyser

Oppbygging

Oppbygging av studiet

Anbefalt studieløp:

  • 1. semester: ECON310 Mikroøkonomisk analyse (10 sp), ECON330 Makroøkonomisk analyse (10 sp) og ECON340 Økonometri I (10 sp)
  • 2. semester: Valemne (30 sp)
  • 3. semester: ECON380 Forberedelsesemne for masteroppgåven (10 sp), Valemne (20 sp)
  • 4. semester: ECON391 Masteroppgåve (30 sp)

Masterprogram i samfunnsøkonomi (krav 120 SP)
Kursdelen (krav 90 SP)
Enkelte av valemna har uregelmessig undervisning. Ta kontakt med studieveileder@econ.uib.no for informasjon om kva emne det blir undervist i det aktuelle semesteret.
Obligatoriske emner i kursdelen (krav 40 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
ECON310Mikroøkonomisk analyse101
ECON330Makroøkonomisk analyse101
ECON340Økonometri I101
ECON380Forberedelsesemne for masteroppgåva102–33
Valgemner i kursdelen (krav 50 SP)
Sjå oversikt over aktuelle valemne for inneverande semester i emneoversikten for samfunnsøkonomi
Oppgavedelen (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
ECON391Masteroppgåve304
Veiledningsavtale - samfunnsøkonomi
Obligatorisk emne
Veiledningsavtale for master i samfunnsøkonomi
Prosjektskildring for mastergradsprosjektet
Obligatorisk emne
Prosjektbeskrivelse, master
Fremdriftsrapport for sluttføringen av masterprosjektet
Obligatorisk emne
Fremdriftsrapport, master
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Opptakskrav

Bachelor i samfunnsøkonomi, Bachelor i politisk økonomi eller Bachelor i informatikk, matematikk og økonomi (med spesialisering i samfunnsøkonomi).

Bachelor-/cand.mag.-grad med godkjent spesialisering/fordjuping (80-90 studiepoeng/1 1/2 års studium) i samfunnsøkonomi, med tilstrekkeleg fordjuping i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode.

Snittkarakter på minimum C i spesialiseringa i samfunnsøkonomi.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april. Dersom du har utdanning frå andre institusjonar enn UiB som inngår i det faglege opptaksgrunnlaget for masterprogrammet, må du søkje om innpassing innan 15. april. Det gjeld også utdanning som blir avslutta i inneverande semester. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/svf/38987/opptak-til-masterprogram

Studiestart - semester

Haust

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon