Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i sosialantropologi

  • Studiepoeng120
  • Lengde2 år
  • Studieplassar20
  • StudiestartHaust
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudieplanLes studieplan

Presentasjon

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i sosialantropologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Masterprogrammet har som mål å utdanne profesjonelle sosialantropologar som kan ta på seg oppgåver i samfunnet der det er behov for sosialantropologisk ekspertise. I løpet av studiet skal studenten setje seg inn i litteratur der faget sine holistiske og komparative ambisjonar og generelle metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar vert drøfta. Det sentrale arbeidet i studiet er masteroppgåva, basert på eit sjølvstendig planlagt og gjennomført feltarbeid som tek eit semester, over eit emne etter eige val. Masterstudiet i sosialantropologi tek sikte på å kvalifisere studenten til å gjennomføre et sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei masteroppgåve.

Så fort det er praktisk mogleg får studenten tildelt ein fast rettleiar. I fyrste semester blir det halde eit obligatorisk kurs (SANT301) som kastar lys over ulike sider ved forskingsprosessen, så vel metodiske som kunnskapsteoretiske. Emnet avsluttast med ein skriftleg skuleeksamen (20 studiepoeng).

I dette semesteret følgjer studenten like eins prosjektutviklingsseminar (SANT302) som skal avsluttast med ei godkjent prosjektskildring (10 studiepoeng). Her skal studenten gjere greie for relevant antropologisk forsking på eit vald tema og på grunnlag av dette formulere nokre fruktbare forskingsspørsmål. Prosjektskildringa utarbeidast i samarbeid med rettleiar.

Feltarbeid (SANT320) er eit praktisk metodekurs som varer i eitt semester der studenten gjennomfører sjølvstendig antropologisk feltarbeid etter dei tematiske og regionale føringane som er definert i prosjektskissa. Studenten har plikt til å skrive minst ein fagleg feltrapport som rettleiar skal kommentere og godkjenne skriftleg. Feltrapporten skal leverast midtvegs i feltarbeidsperioden. Snarleg etter heimkomst frå feltarbeidet deltek studenten i eit obligatorisk skriveseminar som er ein integrert del av SANT350. Seminaret vert arrangert av instittutet berre i haustsemesteret. På bakgrunn av det empiriske materiale som er samla inn under feltarbeid(et) skriv studenten ei masteroppgåve (SANT350).

Metode

Den sentrale metodiske tilnærminga i faget er deltakande observasjon og det etnografiske feltarbeid. Feltarbeid inneber at ein i lang tid lever nært saman med andre menneske for å samle informasjon og for å forstå, i breiast mogleg forstand, det livet dei lever. Feltarbeid kan utførast over heile verda, og instituttet kan dessutan tilby feltarbeidsmogelegheiter knytt til forskingsprosjekt og forskingsgrupper.

Masteroppgåve

I oppgåva skal studenten gjere greie for dei tematiske, metodiske og teoretiske føresetnadene arbeidet byggjer på. I vurderinga av oppgåva vert det lagt vekt på studenten si evne til sjølvstendig analyse av eige etnografisk materiale i lys av relevant antropologisk teori. Arbeidet vert utført under rettleiing. Studenten har rett på i alt 15 rettleiingstimar under studieløpet. Dersom studenten går ut over den normerte studietida mister ho rett til rettleiing etter 5. semester.

Studiestart - semester

Haust

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Sosialantropologar arbeider i mange ulike yrke, ofte i eit tverrfagleg samarbeid, og gjerne også i jobbar som krev internasjonal kompetanse og krysskulturell innsikt. Antropologar arbeider i den offentlege forvaltinga, i næringslivet, i internasjonale organisasjonar, på forskingsinstitutt, universitet, museum og høgskolar. Meir spesifikt arbeider dei med arbeidsmiljørådgiving, i helse- og sosialsektoren, med flyktningar og innvandrarar, i bistandsprosjekt og med miljøvern.

Vidare studium

Studentar med mastergrad kan søkje om opptak til organisert forskarutdanning, ph.d.-utdanninga.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan analysere og presentere kunnskap om eit sjølvvald tema i lys av antropologisk teori
  • har kunnskap om og kan nytte aktuelle teoriar, metodar og tolkingsmåtar innan antropologisk forsking
  • kan utføre ein etnografisk forankra analyse av sosiale og kulturelle forhold
  • kan fortolke, forstå og formidle ulike perspektiv på verda
  • kan reflektere over metodiske og etiske sider ved eige forskingsarbeid
  • har tileigna seg perspektiv og omgrep som er nyttige i forståinga av kulturelt mangfald

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planlegge og gjennomføre ei sjølvstendig vitskapleg undersøking, inkludert feltarbeid, innanfor ei gjeven tids- og ressursmessig ramme
  • kan formidle innsikter om den regionen og tematikken som masteroppgåva handlar om
  • kan nytte ulike teoretiske perspektiv i analyse av empirisk materiale
  • kan bruke deltakande observasjon, intervjumetodar, bibliotek- og nettressursar til å samle og analysere forskingsmateriale og presentere resultat
  • kan formidle faglege problemstillingar og analysar, både til spesialistar og allmenta

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan arbeide sjølvstendig med prosjektutvikling
  • kan utføre datainnsamling i nye miljø og handtere komplekse sosiale situasjonar
  • kan handtere uventa situasjonar og dilemma under forskingsprosessen
  • kan veksle perspektiv og stille nye spørsmål i lys av ny kunnskap
  • kan utfordre vedtekne sanningar om kulturelle og naturgjevne skilnader og likskapar
  • kan sjølvstendig gjere greie for og vurdere etiske og metodiske sider ved forskingsprosessen
  • har evne til sjølvstendig kritisk tenking og bruk av analytiske omgrep og perspektiv

Utveksling

Delstudium i utlandet

Dei fleste studentane velgjer å gjennomføre feltarbeidet utanfor Noreg sine grenser, ofte utanfor Europa. For mange studentar representerer feltarbeidet intense og gjevande møter med menneske viss sosiale og kulturelle føresetnader og materielle vilkår er svært annleis enn eins eigne. Difor bør den enkelte så tidleg som mogleg setje seg inn i kva for nokre utfordringar ein kan stå overfor - ikkje minst språkleg, og korleis ein best førebur seg på desse. Men uansett kor feltarbeidet vert gjennomført føresetjast det monaleg tilpassingsdyktigheit.

Det er det vedvarande nærværet i andre menneske sitt liv, og den deltakinga i andre sin praksis slik nærvær inneberer, som er typisk for antropologar sin arbeidsmåte og kunnskapstileigning. På denne måten inneberer det antropologiske feltarbeid ikkje berre ein fagleg fordjuping, men også ei tileigning hos studenten av stor bredde i forståinga av samfunnsmessige og kulturelle problemstillingar.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust

Opptakskrav

Bachelor-/cand.mag.-grad med godkjent spesialisering/fordjuping (80-90 studiepoeng/1,5 års studium) i sosialantropologi.

Søkjarar må ha minst C som gjennomsnittskarakter på den faglege spesialiseringa som utgjer opptaksgrunnlaget til programmet. Karaktersnittet kan ligga høgare dersom det er stor søknad til programmet.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet.

Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august.

Dersom du har utdanning frå andre institusjonar enn UiB som inngår i det faglege opptaksgrunnlaget for masterprogrammet, må du søkje om innpassing innan samme frist. Det gjeld også utdanning som blir avslutta i inneverande semester.

Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på  http://www.uib.no/svf/38987/opptak-til-masterprogram

Oppbygging

Masterprogram i sosialantropologi (krav 120 SP)
Kursdelen (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
SANT301Antropologisk kunnskapsproduksjon og etnografisk praksis201
SANT302Individuell prosjektutvikling101
Oppgavedelen (krav 90 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
SANT320Praktisk metodekurs: Antropologisk feltarbeid302–32
SANT350Masteroppgåve603–43
Veiledningsavtale- sosialantropologi
Rettleiingsavtale for master i sos.ant. skal inngåast innan 1. semester
Obligatorisk emne
Veiledningsavtale for master i sos.ant.- skal inngås innen 1. semester
Fremdriftsrapport for sluttføringen av masterprosjektet
Obligatorisk emne
Fremdriftsrapport, master
Permisjon
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Kontakt

Meir informasjon

studieveileder@sosantr.uib.no / 55 58 92 50