Hjem

Sosialantropologi, master, 2 år

Sosialantropologi handlar om sosialt og kulturelt mangfald i verda. Sosialantropologar set spørsmålsteikn ved vedtekne sanningar, og utforskar ulike måtar å leve, handle og tenke på. Vi går tett på livet til ulike menneske og analyserer lokale tilpassingar til globale endringsprosessar. Dette kan være alt frå klimaendringar, økonomiske krisar og minoritetsrettar, til urbanisering, teknologiutvikling og politiske strøymingar i samtida. Sosialantropologar er utdanna til å utforske og forstå nær sagt alle dimensjonar ved sosialt liv.
  • Lengde2 År
  • Plassar18
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du?

Sosialantropologi gjev deg verktøy for å forstå den komplekse samtida vår. Du får konkret, forskingsbasert kunnskap om menneske, kultur, politikk og samfunn verda over. Sosialantropologi gjev deg kunnskap og perspektiv til å forstå sosiale strukturar, konfliktar, maktrelasjonar og endringsprosessar på nye måtar. Feltarbeidet gjev deg ein unik kompetanse og gjer deg til ekspert på å utforske nye felt, analysere funn og kritisk diskutere vedtekne sanningar. På masterprogrammet lærer du å

  • fortolke, forstå og formidle ulike perspektiv på verda, og stille nye spørsmål i lys av ny kunnskap.
  • planlegge og gjennomføre ei sjølvstendig vitskapleg undersøking, inkludert langvarig feltarbeid i komplekse sosiale situasjonar.
  • arbeide sjølvstendig, strukturert og gjennomføre eit prosjekt.
  • utforme og løyse ulike problemstillingar og formidle kunnskap på tvers av kulturar og sosiale bakgrunnar.

Full liste med læringsutbyte

Studiekvardag

I første semester har du forelesingar, seminar og du utviklar ditt eige forskingsprosjekt. Resten av studieløpet er sett av til di eiga forsking, i form av feltarbeid og skriving av masteroppgåva. Undervisninga er i hovudsak på norsk, medan litteraturen er på norsk og engelsk.

Som masterstudent i sosialantropologi ved UiB får du

  • tildelt fagleg rettleiar. 
  • tre heile semester til di eiga forsking.
  • tilgang til lesesalplass på instituttet.
  • bli med i ei forskargruppe dersom andre ved instituttet forskar på liknande tematikk.

Feltarbeid 

Feltarbeid i andre semester er obligatorisk og varer i fire til seks månader. Du kan gjere feltarbeid i heile verda, også i Noreg. Gjennom feltarbeidet får du både kulturell, sosial og politisk kunnskap og metodiske ferdigheiter som er nyttige erfaringar når du skal ut i jobb.

Masteroppgåve 

Du vel sjølv tema for masterprosjektet. Ut frå val av tema får du tildelt rettleiar, og saman vidareutviklar de prosjektet det første semesteret.

Meir informasjon under

Velg sosialantropologi ved UiB

Producer:
UiB

Møt masterstudentane på sosialantropologi

Kva kan du jobbe som? 

Sosialantropologar jobbar som kulturomsetjarar, for eksempel innanfor flyktning- og innvandringsfeltet,  og i offentleg administrasjon. Andre jobbar i næringslivet eller internasjonale organisasjonar, som Røde Kors eller FN. 

Nokon får jobb basert på generell samfunnsvitskapleg kompetanse, inkludert kvalitative metode, medan andre får jobb på grunnlag av spesialistkunnskapar om ein spesifikk region eller eit særskilt tema. 

Mobilitet av menneske, ting og informasjon på tvers av landegrenser har aldri vore større, samstundes som vi ser auka konfliktnivå og større sosial og økonomisk ulikskap mellom folk, land og regionar. Antropologisk kunnskap blir difor berre meir og meir etterspurt i samfunnet. Med ein mastergrad kan du søkje opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad.

Meir informasjon under

Antropologer i arbeidslivet

Producer:
UiB

Les kor studentane våre fekk jobb etter studiet

Meir informasjon under

Opptakskrav og søknadsfrist

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her

    Studiets oppbygging

    Masterstudiet i sosialantropologi er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.    

    1. semester: 

    • SANT300 Antropologisk kunnskapsproduksjon og etnografisk praksis (10 studiepoeng)
    • SANT302 Individuell prosjektutvikling (10 studiepoeng)
    • Eit valfritt emne i aktuelle forskingstema ved instituttet.

    Hausten 2024 kan du velje mellom desse emna:

    • SANT310-2 Current Anthropological Research: Sensory Worlds Across Times and Cultures
    • SANT310-4 Current Anthropological Research: The Class on Class: Towards an Anthropology of Capitalism
    • SANT310-5 Current Anthropological Research: Ocean Anthropology

    2. semester: 

    • SANT320 Praktisk metodekurs: Antropologisk feltarbeid (30 studiepoeng) 

    3. og 4. semester: 

    • SANT350 Masteroppgåve (60 studiepoeng)

    Sjå oversikt over alle emne

    Utveksling

    Ein kan ikkje dra på utveksling og ta emne ved andre universitet i løpet av masterstudiet, men feltarbeidet kan utførast kor som helst i verda og gjev ein unik moglegheit til kulturutveksling.

    Som førebuing til feltarbeidet kan ein ta eit språkkurs i landet der ein skal gjere feltarbeid, og få språkstipend frå Lånekassen.

    Vidare studiemoglegheiter

    Med mastergrad i sosialantropologi kan ein søke seg vidare på ph.d.-studiar (forskarutdanning), både innan sosialantropologi og i enkelte tverrfaglege studium. Dersom ein har to undervisningsemne i graden sin, kan ein med påfølgande eittårig praktisk-pedagogisk utdanning også bli lektor.

      Spørsmål om studiet?

      Telefon: 55 58 92 63

      E-post: studieveileder.sosantr@uib.no 

      Studieplan

      Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

      Les heile studieplanen