Masterprogram i samanliknande politikk
Programmet tilbys av
Oppstart
Haust
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i samanliknande politikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Mål og innhald
Samanliknande politikk utgjer det systematiske studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosessar og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Samanlikningar på tvers av politiske system står sentralt. Forskinga sitt hovudfokus er demokrati og demokratisering i brei forstand, tematisk og geografisk.
Masterstudiet skal styrke studentane sine analytiske evner og metodiske ferdigheiter, samt vidareutvikle studentane sine skriftlege og munnlege formulerings- og framstillingsevne. Det vert oppfordra til aktiv deltaking i undervisninga.
Komparativ metode og multivariat dataanalyse utgjer hovudtyngda av forskingsmetoden i faget.
Oppbygging av studiet
Masterprogrammet er på 120 studiepoeng. Studiet består av ein kursdel og ein oppgåvedel, kvar på 60 studiepoeng.
Eit masterprogram i samanliknande politikk kan sjå slik ut:
- 1. semester: SAMPOL305 og SAMPOL306
- 2. semester: SAMPOL307 og to valfrie forskingsemne.
- 3. og 4 semester: SAMPOL350 masteroppgåva
Masteroppgåve
Arbeidet med masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei avhandling. Du skal utvikle evne til å utforme, drøfte og analysere statsvitskaplege problemstillingar på dette området. Masteroppgåva bør ha eit komparativt siktemål.
Metode
Komparativ metode og multivariat dataanalyse utgjer hovudtyngda av forskingsmetoden i faget.
Oppstart
Haust
Opptakskrav
For opptak til mastergraden i samanliknande politikk må studenten ha ein bachelorgrad med fordjuping/spesialisering i statsvitskap. Fordjupinga må innehalde metodekurs som inkluderer både kvalitativ og kvantitativ metode. Instituttet tar òg opp studentar til ein mastergrad i samanliknande politikk etter retningslinjer i nasjonale og internasjonale samarbeidsavtaler. Det er karaktersnittet i fordjupinga i statsvitskap som dannar opptaksgrunnlag til masterprogrammet, og søkjar må ha minimum C i snitt for å bli vurdert for opptak. Undervisninga er i all hovudsak på norsk, og søkjar må derfor forstå norsk for å søkje om opptak. Det er opptak til mastergraden i samanliknande politikk ein gong i året, i haustsemesteret.
Kven kan søkje
Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april. For meir informasjon om opptaket, sjå
http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium
Delstudium i utlandet
Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet, mellom høvesvis dei nordiske universiteta og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del av universiteta sin ordinære verksemd. Norske studentar kan inkludere eitt på førehand godkjent studieprogram i sitt studium og sin norske grad.
Institutt for samanliknande politikk har utvekslingsavtaler med ein god del universitet som sorterer under Erasmus- og Nordplus-ordningane. I tillegg har vi bilaterale avtaler med universitet over heile verda.
Instituttet kan tilby råd og rettleiing ved val av utvekslingsstad. Studenten får også hjelp ved å leggje til rette for opphaldet i praksis. Det vert anbefalt at utanlandsstudiet vert lagt til 2. semester.
Vidare studium
Studentar med mastergrad kan søkje om opptak til organisert forskarutdanning, ph.d.-utdanninga.
Meir infomasjon
studieveileder@sampol.uib.no / 55 58 21 78/75
Omfang
Masterstudiet er toårig (120 studiepoeng).
Masterprogrammet i samanliknande politikk legg vekt på å utdanne til sjølvstendig forsking og analyse av politikk og samfunn. Den største komponenten i studiet er masteroppgåva som utgjer 60 studiepoeng og er eit sjølvstendig forskingsarbeid skriven under individuell rettleiing av forskarar på institutt for samanliknande politikk. Studentane skriv masteroppgåva i 3. og 4. semester av studiet.
I dei to første semestera tilbyr masterprogrammet i samanliknande politikk kurs som førebur studentane til det sjølvstendige forskingsarbeidet - masteroppgåva. Desse kursa skal gi a) kunnskap om sentrale teoriar, metodar og debattar i samanliknande politikk og b) høve til fordjuping i forskinga på instituttet.
Kursdelen er satt saman av tre obligatoriske emne og to valfrie forskingsemne.
Dei tre obligatoriske emna utgjer til saman 40 studiepoeng og dannar ein felles kunnskapsbase for alle masterstudentane.
SAMPOL306: Masterseminar i komparativ politikk, 15 studiepoeng, haust
SAMPOL305: Multivariat dataanalyse, 15 studiepoeng, haust
SAMPOL307: Komparative metodar, 10 studiepoeng, vår
Dei to valfrie forskingsemna gjev høve til fordjuping i forskinga på instituttet og utgjer til saman 20 studiepoeng. Kursa går i vårsemesteret og det vert mellom tre og fem kurs å velje mellom kvart år.
Tema for dei valfrie forskingsemna vil variere frå år til år for å reflektere forskingsfronten i dei tre forskingsgruppene på instituttet:
- Demokrati og utvikling
- Medborgarar og representasjon
- Utfordringar og endringsperspektiv i avanserte demokrati
Instituttet tilrår eit studieløp med SAMPOL305 og SAMPOL306 det første semesteret på masterstudiet, SAMPOL307 og dei valfrie fordjupingsemna det andre semesteret og mastergradsoppgåva i tredje og fjerde semester.
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Mål og innhald
Samanliknande politikk utgjer det systematiske studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosessar og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Samanlikningar på tvers av politiske system står sentralt. Forskinga sitt hovudfokus er demokrati og demokratisering i brei forstand, tematisk og geografisk.
Masterstudiet skal styrke studentane sine analytiske evner og metodiske ferdigheiter, samt vidareutvikle studentane sine skriftlege og munnlege formulerings- og framstillingsevne. Det vert oppfordra til aktiv deltaking i undervisninga.
Komparativ metode og multivariat dataanalyse utgjer hovudtyngda av forskingsmetoden i faget.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskaper og forståelse
Gjennom masterstudiet i samanliknande politikk byggjer studenten vidare på kunnskapar og ferdigheiter som han/ho har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.
Gjennom dei obligatoriske metodeemna i mastergraden har studenten fått djupare innsikt og ferdigheiter i multivariate statistiske teknikkar og komparative metodar.
Studenten har gjennom spesialiseringsemna skaffa seg grundig oversikt over den viktigaste faglitteraturen og dei sentrale debattane knytt til desse samt vidareutvikla sine analytiske ferdigheiter gjennom essayskriving og heimeeksamen.
Ferdigheter
Masteroppgåva utgjer eit sjølvstendig vitskapleg forskingsarbeid som vert skriven under rettleiing. Masteroppgåva er knytt til ei problemstilling som studenten normalt har gjennomført i det andre året av masterstudiet.
Gjennom prosessen med å skrive masteroppgåva har studenten utvikla forståing for korleis ei vitskapleg problemstilling skal utformast og forfølgjast ved å kople grunnleggjande teoretisk og metodisk kunnskap og forståing med sjølvstendig empirisk analyse.
Studenten har gjennom mastergradstudiet fått oppøvd evna si til skriftlig og munnleg framstilling.
Generell kompetanse
Studenten har gjennom masterstudiet styrka evna til kritisk refleksjon kring sentrale faglege problemstillingar og respekt for vitskaplege verdiar som presisjon og etterprøving.
Studenten har gjennom masterstudiet tilegnet seg kompetanse i bruk av statistiske program og dataverktøy.
Studenten skal kunne innhente den nødvendige informasjonen som kreves for å løse en problemstilling eller utrede et saksfelt (utredningskompetanse).
Studenten skal kunne lede et individuelt forskingsprosjekt i tråd med etiske krav og retningslinjer og kunne arbeide selvstendig.
Studenten har gjennom masterstudiet fått utvidet sin språklige kompetanse gjennom styrket evne til muntlig og skriftlig fremstilling på engelsk.
Opptakskrav
For opptak til mastergraden i samanliknande politikk må studenten ha ein bachelorgrad med fordjuping/spesialisering i statsvitskap. Fordjupinga må innehalde metodekurs som inkluderer både kvalitativ og kvantitativ metode. Instituttet tar òg opp studentar til ein mastergrad i samanliknande politikk etter retningslinjer i nasjonale og internasjonale samarbeidsavtaler. Det er karaktersnittet i fordjupinga i statsvitskap som dannar opptaksgrunnlag til masterprogrammet, og søkjar må ha minimum C i snitt for å bli vurdert for opptak. Undervisninga er i all hovudsak på norsk, og søkjar må derfor forstå norsk for å søkje om opptak. Det er opptak til mastergraden i samanliknande politikk ein gong i året, i haustsemesteret.
Omfang masteroppgåva
Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei avhandling. Du vel oppgåvetema i samråd med rettleiaren. Målsetjinga er å utvikle kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og forskingstradisjonar innan eit forskingsområde. Du skal utvikle evne til å utforme, drøfte og analysere statsvitskaplege problemstillingar innanfor dette området. Masteroppgåva bør ha eit komparativt siktemål og er normert til 80 til 100 sider.
Rekkefølje for emne i studiet
- 1. semester: SAMPOL305 og SAMPOL306
- 2. semester: SAMPOL307 og to valfrie forskingsemne.
- 3. og 4 semester: SAMPOL350 masteroppgåva
Delstudium i utlandet
Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet, mellom høvesvis dei nordiske universiteta og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del av universiteta sin ordinære verksemd. Norske studentar kan inkludere eitt på førehand godkjent studieprogram i sitt studium og sin norske grad.
Institutt for samanliknande politikk har utvekslingsavtaler med ein god del universitet som sorterer under Erasmus- og Nordplus-ordningane. I tillegg har vi bilaterale avtaler med universitet over heile verda.
Instituttet kan tilby råd og rettleiing ved val av utvekslingsstad. Studenten får også hjelp ved å leggje til rette for opphaldet i praksis. Det vert anbefalt at utanlandsstudiet vert lagt til 2. semester.
Undervisningsmetodar
Ein stor del av undervisninga på mastergraden består av individuell rettleiing i samband med masteroppgåva. Den øvrige undervisninga vil normalt vere satt saman av førelesingar og seminarundervisning med aktiv deltaking i mindre grupper.
Vurderingsformer
Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: essay, heime- og mappeeksamen.
Karakterskala
Emna som inngår i den tilrådde oppbygginga av studiet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Yrkesvegar
Samanliknande politikk gir eit kunnskapsfundament som kvalifiserer for mange ulike jobbar, i offentleg så vel som i privat sektor, i inn- og utland. Mange kandidatar frå samanliknande politikk arbeider i offentlege verksemder som departement og direktorat. Ein god del får jobb i store nasjonale og internasjonale organisasjonar, og mange finn vegen til media, forsking, utgreiing og undervisning. Med rett samansetjing av fagemne blir studentane kvalifisert til å undervise i skuleverket. Gjennom dei siste åra har stadig fleire "sampolarar" fått jobb i privat sektor, særleg i store og internasjonalt retta selskap.
Evaluering
Programmet vert evaluert med jamne mellomrom.
Fagansvarleg
Institutt for samanliknande politikk
Telefon: 55 58 21 87
Epost: studieveileder@isp.uib.no
Adminstrativ ansvarleg
E-post: studieveileder@isp.uib.no Tlf.: 55 58 21 78
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||
| Ønsker permisjon (NB! søknad må sendes instituttet innen 1.9 og 1.2) | - | - | ||||||||||
| Kursdelen (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SAMPOL305 | Multivariat dataanalyse | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| SAMPOL306 | Masterseminar i samanliknande politikk | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| SAMPOL307 | Komparative metodar | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Vel minst to emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SAMPOL332 | Vidaregåande regresjonsanalyse | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| SAMPOL341 | Forskingsemne 1 "medborgarskap og representasjon" | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| SAMPOL342 | Forskingsemne 2 "demokrati og utvikling" | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| SAMPOL343 | Forskingsemne 3 "utfordringar i avanserte demokrati" | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| SAMPOL344 | Forskingsemne 4 | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Oppgåvedelen (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SAMPOL350 | Masteroppgåve | 60 | 3-4 | 3 | ||||||||
| Rettleiingsavtale - samanliknande politikk | ||||||||||||
| Rettleiingsavtale for master i sam.pol. skal inngåast innan 2. semester | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Veiledningsavtale for master i sam.pol.- skal inngås innen 2. semester | - | - | ||||||||||
| Prosjektskildring for mastergradsprosjektet | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Prosjektbeskrivelse, master | - | - | ||||||||||
| Framdriftsrapport for sluttføringa av masterprosjektet | ||||||||||||
| Skal vere levert og godkjent i løpet av det 3. semesteret på programmet | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Fremdriftsrapport, master | - | - | ||||||||||