Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i sosiologi

  • Lengde2 år
  • Studieplassar15
  • SpråkNorsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng120

Presentasjon

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i sosiologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Masterprogrammet i sosiologi ved Sosiologisk institutt, UiB, skal gje ei brei orientering om arbeidsfelt, teoriar og metodiske tilnærmingsmåtar i faget. Masterprogrammet kombinerer generell teori- og metodekunnskap med individuell fordjuping.

Masterprogrammet svarer til i alt 120 studiepoeng der kursdelen utgjer 5 emne à 10 studiepoeng. Følgjande emne er obligatoriske: SOS301 Sosiologisk analyse, SOS302 Sosiologiske teoritradisjonar, SOS303 Metode - statistisk analyse og SOS304 Metode- kvalitative tilnærmingar. I tillegg skal studenten velje eitt emne knytt til instituttet sine profilområder.

I undervisning og forsking ved instituttet har dimensjonane kjønn, makt og ulikskap stått sentralt. I tillegg vert det arbeida mykje med institusjonell endring, globalisering, livsløp og modernisering. Dei følgjande problemområda er dei mest sentrale i den faglege aktiviteten ved instituttet: Velferd, ulikskap og livsløp; Migrasjon, utvikling og miljø og; Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi.

Metode

Ved instituttet bruker ein eit breitt spekter av forskingsmetodar. I løpet av masterprogrammet skal du tileigne deg forståing, kunnskapar og dugleik i empirisk sosiologi ved bruk av statistiske analyseteknikkar og ulike kvalitative tilnærmingar. Du får rettleiing i utforming av prosjektskissa og i arbeidet med sjølve masteroppgåva. Du kan få rettleiing både individuelt og i grupper.

Masteroppgåve

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng. I tillegg kjem SOS340 Prosjektutvikling (10 studiepoeng) med oppstart i 1. semester og ferdigstilling seinast i 2. semester.

Oppgåva byggjer på eit sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei avhandling. Det er ønskjeleg at du vel eit prosjekttema som fell innanfor fagprofilen til instituttet. Arbeidet med valemnet skal inspirere deg til val av tema, byggje opp under utarbeidinga av ei prosjektskisse og på ulike måtar medverke til arbeidet med masteroppgåva.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Masterprogram i sosiologi gjev fagleg, analytisk og metodisk kompetanse for ulike typar jobbar i offentleg så vel som privat sektor. Fleirtalet av kandidatane arbeider i offentlege verksemder som universiteter, høgskular, kommune- og fylkeskommune, direktorat og departement. Ein god del får jobb i private verksemder og organisasjonar som konsulentverksemd og frivillige organisasjonar.

Sosiologane er kvalifiserte til mange ulike arbeidsfunksjonar, mellom anna planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd, rådgjeving, informasjonsarbeid, administrasjon og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne og eitt år påbygging med ppu (praktisk-pedagogisk utdanning) får studenten tittelen lektor og kvalifiserer til å undervise i skuleverket.

For meir informasjon, sjå her: Sosiologar i arbeid

Vidare studium

Studentar med mastergrad kan søkje om opptak til organisert forskarutdanning, ph.d.-utdanninga.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program har følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har overblikk over dei perspektiva, omgrepa og metodane som sosiologar bruke til å analysere samfunnstilhøve med
  • kjenner samanhengane mellom desse perspektiva, omgrepa og metodane og kan forklare kva som gjer dei relevante ved undersøkingar av samfunnstilhøva
  • har særlig godt overblikk over perspektiv, problemstillingar og resultat frå nyare forsking om minst eit sosiologisk spesialemne, og kan bruke kunnskapen om dette i eigne undersøkingar og analysar

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan vurdere kor godt underbygd konklusjonane i studiar av samfunnet er
  • kan sette seg inn i og delta i debattar om ei rekke samfunnsspørsmål
  • kan skaffe relevant informasjon om samfunnsspørsmål, analysere spørsmåla med relevante metodar og sosiologiske omgrep, og gi munnlege og skriftlege presentasjonar av kunnskapen dette fører fram til
  • kan utføre undersøkingar av samfunnstilhøve med både kvantitative statistiske metodar og kvalitative metodar av ulike slag
  • kan gjennomføre ei større sjølvstendig undersøking ved å velje og avgrense tema, utforme problemstilling, velje teoretisk tilnærming og relevante metodar, hente inn, legge til rette og analysere data, knyte empiri og teori saman gjennom analytiske spørsmål og sosiologisk drøfting, og gi ein samanhengande skriftleg presentasjon av analyseresultatet og konklusjonane

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har oversikt over og kan diskutere forskingsetiske problem innan informasjonshandtering og samfunnsforsking, og vurdere korleis slike problem bør handterast i samfunnsfaglege undersøkingar
  • kan arbeide sjølvstendig og målretta innanfor gjevne tidsfristar
  • kan gi sakleg, grunngjeven og klar argumentasjon, skriftleg og munnleg

Oppbygging

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet tilsvarer i alt 120 studiepoeng. Kursdelen utgjer 5 emne à 10 studiepoeng.

Følgjande emne er obligatoriske: SOS301 Sosiologisk analyse, SOS302 Sosiologiske teoritradisjonar, SOS303 Metode - statistisk analyse og SOS304 Metode - kvalitative tilnærmingar. I tillegg skal du velje eitt emne knytt til profilområdet til instituttet.

Eit masterprogram i sosiologi kan sjå slik ut:

  • 1. semester: SOS302: Sosiologiske teoritradisjonar (10 sp), SOS304: Kvalitativ metode (10 sp) og valemne (10 studiepoeng).
  • 2. semester: SOS301: Sosiologisk analyse (10 sp), SOS303: Kvantitativ metode (10 sp) og SOS340: Prosjektutvikling (10 sp)
  • 3. og 4. semester: SOS360: Masteroppgåve (60 sp)

sp = studiepoeng.

Masterprogram i sosiologi (krav 120 SP)
Kursdelen
Kursdelen utgjer 5 emne. 4 er obligatoriske og 1 er valfritt
Obligatoriske emner i kursdelen (krav 40 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
SOS302Sosiologiske teoritradisjonar 101–21
SOS304Metode -kvalitative tilnærmingar101–21
SOS301Sosiologisk analyse101–22
SOS303Metode - statistisk analyse101–22
Valgfrie emner i kursdelen (krav 10 SP)
Vel minst eitt valemne
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
SOS320Velferd, ulikskap og livsløp101–41
SOS321Migrasjon, utvikling og miljø101–41
SOS322Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi101–41
Oppgavedelen (krav 70 SP)
SOS340, Prosjektutvikling, vert tatt over dei to første semestra
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
SOS340Prosjektutvikling101–21
SOS360Masteroppgåva601–43
Veiledningsavtale- sosiologi
Rettleiingsavtale for master i sosiologi skal inngåast i samband med SOS340
Obligatorisk emne
Veiledningsavtale for master i sosiologi- skal inngås i forbindelse med SOS340
Prosjektskildring for mastergradsprosjektet
Obligatorisk emne
Prosjektbeskrivelse, master
Fremdriftsrapport for sluttføringen av masterprosjektet
Obligatorisk emne
Fremdriftsrapport, master
Utveksling
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
Permisjon
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Delstudium i utlandet

Du kan reise på utveksling som en del av mastergraden din i sosiologi. Det finst fleire alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet har fleire samarbeidsavtaler i mange land og regionar. Blant moglegheitene er studiar i Norden og Europa gjennom Nordplus og Erasmus+ ordningane, eller du kan reise til eit anna kontinent gjennom ei av UiBs mange bilaterale avtalar.

Det vert anbefalt at utanlandsstudiet leggjas til 2. semester. Studentar på utveksling må ta emne i sosiologi til erstatning for dei obligatoriske emna i graden. Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og er mogleg å gjennomføre på masternivå. Sjå instituttets nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Korleis søke

Opptakskrav

Bachelor-/cand.mag.-grad med godkjent spesialisering/fordjuping (80-90 studiepoeng/1 1/2 års studium) i sosiologi, samt karakteren C eller betre i gjennomsnitt på spesialiseringsdelen.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her.

Sosiologi

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

About the programme

Les heile studieplanen

Contact

Sosiologisk institutt

Sosiologisk institutt

E-post: studierettleiar@sos.uib.no