Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i undersøkande journalistikk

  • Studiepoeng120
  • Lengde2 år
  • StudiestartHaust
  • SpråkNorsk
  • StudieplanLes studieplan

Presentasjon

Mål og innhald

Masterprogrammet i undersøkande journalistikk har som mål å gi studentane spesialisering i kritiske, langsiktige journalistiske prosjekt der kritikkverdige tilhøve i samfunnet blir avdekka gjennom dokumentasjon av ukjende fakta, forhold og samanheng. Masterprogrammet i undersøkande journalistikk bygger på bachelorgraden i journalistikk og gir studentane teoretisk djupnekunnskap og produksjonsretta trening i eit breitt spekter av tilnærmingar og nyskapande metodar for datainnsamling, analyse og publisering av undersøkande journalistikk-prosjekt på ulike plattformer. Masterprogrammet er produksjonsretta, og delar av arbeidet kan skje i samarbeid med ein eller fleire mediebedrifter.

Masterprosjektet består av ein produksjonsdel og ein teoretisk del. I produksjonsdelen skal studentane utvikle og gjennomføre eit sjølvstendig, undersøkande journalistisk arbeid for publisering på valfri plattform. Produksjonen blir kombinert med ei skriftleg, individuell masteroppgåve på 40-50 sider som bør være tematisk relatert til produksjonen, men som samstundes skal vere eit sjølvstendig teoretisk arbeid. Den teoretiske delen av masterprosjektet kan anten vere ei empirisk undersøking av eit produksjonsrelevant tema, ein teoretisk fundert diskusjon om eit relevant tema eller det kan være ein vitskapleg analyse av tema relatert til eigen masterproduksjon. Studentane vil ha stor fridom til å utforske ulike typar data, og til å utforske nyskapande visuelle og verbale aspekt ved undersøkande historiefortelling.

Masterprogrammet i undersøkande journalistikk fokuserer på å styrke akademiske ferdigheiter som er særleg relevante for medieproduksjon på eit høgt fagleg nivå. Programmet byr på ei teoretisk og metodisk forankra universitetsutdanning der ein legg vekt på innovative og utforskande læring gjennom tverrfaglege impulsar og workshop-basert undervisning kopla med individuelle studium og akademisk refleksjon over eigen og andre sin praksis på feltet. Masterprogrammet er tverrfagleg, med komponentar henta frå både journalistikk, medievitskap, informasjonsvitskap, samt økonomi, jus og andre relevante fag. Undervisninga er lokalisert i Media City Bergen.

Studiestart - semester

Haust

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Utdanninga legg vekt på koplinga mellom undersøkande journalistikk, nye teknologiar, nye forteljeformer og brei innsikt i lovverk, personvern og samfunnet sine institusjonar. Dette gjer studentane godt budde på et breitt spekter av utfordrande oppgåver i mediebransjen spesielt, men og i andre bransjar der ein arbeider med komplekse samanhengar og store kvalitative og kvantitative datamengder. Ein mastergrad i undersøkande journalistikk kvalifiserer også for forsking og undervisning.

Vidare studium

Programmet kvalifiserer for PhD-program i medievitskap og relaterte fagområde.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert kunnskap på fagområdet journalistikk og spesialisert innsikt i undersøkande journalistikk
  • har inngåande kunnskap om den undersøkande journalistikken si rolle i samfunnet og i demokratiet
  • har inngåande teoretisk og praktisk kunnskap om journalistikken sitt samfunnsoppdrag og om undersøkande journalistikk som sjanger og metode
  • har omfattande innsikt i norske samfunnsinstitusjonar, i offentlegheitslov, personvern og presseetiske retningsliner
  • har inngåande kritisk og analytisk kunnskap om metodar for datahenting, research og analyse i undersøkande journalistikk
  • har inngåande kunnskap om databaser og andre teknologiske verktøy på feltet datajournalistikk
  • har inngåande kunnskap om historiefortelling, retorikk og dramaturgi i journalistisk presentasjon på ulike plattformer
  • har inngåande kunnskap om forsking på undersøkande journalistikk og fagområdets vitskapelege teoriar og metodar. kan bruke kunnskap på nye område i faget
  • kan analysere faglige problemstillingar med utgangspunkt i journalistikken si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • har kritisk og kreativ kompetanse i idéutvikling og medieteknologiske tilnærmingar på tvers av sjangrar og format
  • kan anvende i praksis undersøkande journalistiske metodar
  • kan planlegge og gjennomføre undersøkande journalistikk-prosjekter og presentere desse
  • kan arbeide sjølvstendig og kritisk reflektere og vurdere vitskapleg eige og andre sitt arbeid i undersøkande journalistikk
  • kan analysere eksisterande teoriar, metodar og tolkingar innafor fagområdet og kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysning
  • har trening i journalistiske vurderings- og kvalitetskriterier og i journalistisk etikk
  • har trening i vitskaplege vurderings- og kvalitetskriterier og forskingsetikk
  • kan nyttiggjere seg relevante forskingsmetodar i praktisk retta produksjonar
  • kan gjennomføre et sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
  • kan utvikle og gjennomføre avanserte journalistiske arbeidsoppgåver og prosjekt som granskar komplekse tema der informasjon og fakta av allmenn interesse medvite har vore haldne vekk frå innsyn
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og kan praktisere journalistikkens uttrykksformer
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor fagområdet, både med spesialister og eit allment publikum
  • har kompetanse som journalist som særleg kvalifiserer for yrkesoppgåver i undersøkande journalistikk, aleine og i team
  • kan bruke kunnskapane og ferdigheitene til raskt å sette seg inn i nye problemstillingar og ny fagkunnskap, og å bruke denne kunnskapen i sjølvstendig og kreativ undersøkande journalistikk
  • kan bidra til nytenking og innovasjon i undersøkande journalistikk

Oppbygging

Oppbygging av studiet

Det første semesteret tar studentane det obligatoriske innføringsemnet UJO 301 Samfunnsinstitusjonar og research. Emnet er på 30 studiepoeng og gir en brei oversikt over sentrale perspektiv i undersøkande metode. Desse perspektiva blir kopla opp mot praktisk trening i innhenting og analyse av data. Dei datajournalistiske tilnærmingane opnar for samarbeid på tvers av dei profesjonsorienterte masterprogramma, og det blir lagt vekt på fleksible og nyskapande undervisningsopplegg.

I det andre semesteret tar studentane det obligatoriske innføringsemnet UJO30, Prosjektdesign. Målet med emnet er å gjere studentane i stand til å planlegge, utvikle og gjennomføre eit spesifikt masterprosjekt. Studentane kan anten utvikle eit individuelt masterprosjekt, eller dei kan samarbeide med masterstudentar i medie- og interaksjonsdesign, tv-produksjon, medievitenskap eller informasjonsvitenskap. Det blir lagt vekt på trening i både individuelle prosjektdesign og gjennomføring og organisering av teambaserte prosjektarbeid.

I det andre semesteret er 15 studiepoeng valfrie. Her kan studentane fritt velje eit emne ved instituttet, ved SV-fakultetet eller ved andre fakultet. Det viktige er at dei frie studiepoenga gir høve til former for spesialisering som studenten har nytte av i masterprosjektet sitt.

Gjennom det første og andre semesteret på mastergraden følgjer studentene også månadlege frukostseminar saman med masterstudentar fra dei andre profesjonsorienterte programma, MASV-MIX og MASV-MAN, der dei også diskuterer prosjektidear og initierer moglege samarbeidsformer.

I det tredje og fjerde semesteret arbeider studentane med masterprosjektet, UJOU 350. Rekkefølgen på arbeidet med produksjonsdelen og teoridelen er valfri.

Masterprogram i undersøkande journalistikk (krav 120 SP)
Obligatorisk emne i kursdelen (krav 45 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
UJO301Samfunnsinstitusjonar og research301
UJO302Prosjektdesign152
Valemne (krav 15 SP)
Valemne for masterprogram i undersøkande journalistikk (krav 15 SP)
Oppgåvedelen (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
UJO350Masteroppgåve i undersøkande journalistikk601–43
Rettleiingsavtale
Rettleiingsavtale skal inngåast innan 2. semester
Obligatorisk emne
Veiledningsavtale skal inngås innen 2. semester
Prosjektskildring for mastergradsprosjektet
Obligatorisk emne
Prosjektbeskrivelse, master
Fremdriftsrapport for sluttføringen av masterprosjektet
Obligatorisk emne
Fremdriftsrapport, master
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust

Opptakskrav

Opptakskrava under gjeld studiestart haust 2017. Det kan bli gjort endringar i opptakskrava for 2018. Opptakskrava som skal gjelde for opptak haust 2018 vert publiserte seinast 1. desember 2017.

Søkjarar med ein bachelorgrad eller tilsvarande innanfor journalistikk, kvalifiserer til opptak på fagleg grunnlag.

Søkjarar med annan bachelorgrad eller tilsvarande, kan vurderast til opptak dersom dei kan dokumentere minimum to år journalistisk yrkeserfaring.

For alle søkjarar er det karaktersnittet frå den faglege fordjupinga i bachelorgraden som utgjer opptaksgrunnlaget. Her må søkjarar ha minimum C som gjennomsnittskarakter for å bli vurdert til opptak.

Det er begrensa plassar på masterprogrammet i undersøkande journalistikk. Studiestart er kvart haustsemester.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april. Dersom du har utdanning frå andre institusjonar enn UiB som inngår i det faglege opptaksgrunnlaget for masterprogrammet, må du søkje om innpassing innan 15. april. Det gjeld også utdanning som blir avslutta i inneverande semester. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på  http://www.uib.no/svf/38987/opptak-til-masterprogram

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett