Hjem

Utdanning

Årsstudium

Praktisk-pedagogisk utdanning for kunstnarar og designarar, årsstudium

  • Lengde2 Semester
  • Studiepoeng60

Introduksjon

Introduksjon

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for kunstnarar og designarar er ei ettårig lærarutdanning på fulltid. I dette studiet står det kunst- og designfaglege perspektivet i fokus for den pedagogiske tilnærminga til formell undervisingskompetanse. Utdanninga kvalifiserer formelt for undervising i design og kunst, og rettar seg fyrst og framst mot 8.-13. trinn i skulen. I tillegg gjev PPU kompetanse for å undervise og formidle i kulturskulen, Den kulturelle skulesekken, på museum og galleri, og på andre læringsarenaar for kunst og/eller design.

I undervisinga fokuserer vi på kunnskapsbasert, systematisk og kritisk refleksjon gjennom varierte arbeidsformer og veksler mellom forelesningar, seminar, gruppearbeid, diskusjonar og presentasjonar. Vi legg vekt på dialogbaserte og studentaktive læringsformer, og søkjer å danne ein heilskapleg samanheng mellom pedagogisk og fagdidaktisk teori og praksis. Mykje av undervisinga er praksisrelatert. Utdannina krev høg grad av sjølvstendig arbeidsinnsats, ansvar for eiga læring, og deltaking i studiets obligatoriske delar.

Praksis i ulike utdanningsinstitusjonar er ein sentral del av utdanninga. Her får studentane prøve seg i autentiske undervisingssituasjonar med elevar i ulike utdanningsinstitusjonar. 

Målgruppe

Studiet er retta mot søkarar med minimum ein bachelorgrad eller tilsvarende innanfor visuell kunst eller design, som har fagleg tyngd, engasjement og eit oppriktig ynskje om å undervise born og unge. Søkarar med master og/eller undervisingserfaring vert prioritert.

Oppbygging

Oppbygging

Studiet består av to emner: pedagogikk og fagdidaktikk. I tillegg skal studentane ha to praksisperiodar.

Pedagogikk

Studenten får innføring i sosiale og kulturelle føresetnadar for læring og undervising, læringsprosessar, undervisingsmetodikk og sosiale prosessar.

Fagdidaktikk

Denne delen vert vinkla frå kunstnarriske og designfaglege perspektiv på undervisingas formål, innhald og grunngjeving. Didaktikken drøfter også metodikk, praktisk tilrettelegging og vurderingsarbeid.

Praksis

Studiet inneheld to praksisperiodar der studentane, anten individuelt eller i par, skal observere, vere medlærar og sjølvstendig gjennomføre eigne undervisingsopplegg i grunnskule og vidaregåande. Studentane skal ha totalt minimum 60 dagar praksis. I haustsemesteret kan praksisarbeidet bli lagt til kulturskule, museum, folkehøgskule eller 4.-10. trinn i grunnskulen. I vårsemesteret er praksisperioden lagt til vidaregåande skule, i klassar ved utdanningsprogramma Kunst, design og arkitektur, Design og handverk eller Medium og kommunikasjon.

Praktisk pedagogisk utdanning (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
FAGDIDAK 1Fagdidaktikk 1151
PEDTEORI 1Pedagogisk teori 1151
PPU 1Praksisplass 1. semester01
FAGDIDAK 2Fagdidaktikk 2152
PEDTEORI 2Pedagogisk teori 2152
PPU 2Praksisplass 2. semester02
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Opptakskrav

For å bli teken opp som student, krevst ein bachelorgrad i skapande kunst eller design, eller tilsvarande utdanning (180 studiepoeng). Søkarane vert vurdert utifrå utdanning, erfaring, portfolio og motivasjonsbrev. Søkarar med master i kunst eller design, og/eller undervisingserfaring vert prioritert.

Studiet har skikkavurdering og krav om politiattest.

Studiet gjev rett til lån i Statens lånekasse.

Ein søker via Søknadsweb 

 

Krav til søknad
Søknaden må innehalde:

  • Cv
  • Portfolio
  • Motivasjonsbrev
  • Dokumentasjon av utdanning
  • Dokumentasjon av relevant yrkeserfaring
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen